Lukas 16
N11NN

Lukas 16

16
Likninga om forvaltaren som handla klokt
1Jesus sa til læresveinane: «Det var ein rik mann som hadde ein forvaltar. Og folk kom til han og sa at denne forvaltaren sløste bort formuen hans. 2Då kalla han forvaltaren til seg og sa: ‘Kva er det eg høyrer om deg? Legg fram rekneskap for drifta, for du kan ikkje lenger vera forvaltar hos meg.’ 3Mannen tenkte: ‘Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Å grava har eg ikkje krefter til, tigga skjemmest eg ved. 4Jau, eg veit kva eg må gjera for at folk skal ta imot meg i heimane sine når eg blir avsett.’ 5Så kalla han til seg dei som stod i skuld til herren hans, ein for ein. Til den første sa han: ‘Kor mykje er du skuldig herren min?’ 6#16,6 Hundre fat olje 3600 l. =mål og vekt. ‘Hundre fat olje’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt’, sa forvaltaren, ‘set deg ned med ein gong og skriv femti.’ 7#16,7 Hundre tønner kveite 36 000 l. =mål og vekt. Så spurde han den neste: ‘Og du, kor mykje skuldar du?’ ‘Hundre tønner kveite’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti’, sa forvaltaren. 8#Joh 8,12; 12,36; Ef 5,8+ Herren rosa den uheiderlege forvaltaren fordi han hadde handla klokt. For born av denne verda steller seg klokare med kvarandre enn det born av lyset gjer.
9 # 16,9 Mammon aram. for pengar, formue og eigedom, her som ei personifisert makt. heimane kan òg omsetjast «hyttene». Livet hos Gud blir samanlikna med lauvhyttefesten. Jf. Matt 17,4. Og eg seier dykk: Bruk den uheiderlege Mammon til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt.
10 # 19,17 Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort. 11Er de ikkje tru når det gjeld den uheiderlege Mammon, kven vil då tru på dykk og gje dykk det som verkeleg er verdt noko? 12Og viser de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga?
13Ein slave kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre eller halda seg til den eine og forakta den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.»
Lova og Guds rike
(Matt 11,12–13)
14Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus. 15#Matt 23,28; Luk 18,9ff Då sa han til dei:
«De vil gjerne vera rettferdige i menneskeauge, men Gud kjenner hjarta dykkar. Det som menneske set høgt, er ein styggedom i Guds auge.
16Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid er den gode bodskapen om Guds rike forkynt, og alle trengjer på for å koma inn. 17#Matt 5,18; Luk 21,33#16,17 ein einaste prikk ein liten hake eller strek som vart brukt til å skilja frå kvarandre nokre svært like hebr. bokstavar. Før skal himmel og jord forgå, før ein einaste prikk i lova fell bort.
18 # 5 Mos 24,1; Matt 5,31f; 19,3ff Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.
Likninga om den rike mannen og Lasarus
19Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og prakt dag etter dag. 20#16,20 Lasarus tyder «Gud hjelper». Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utanfor porten hans, full av verkjesår. 21Han ønskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet til rikmannen. Hundane kom endåtil og slikka såra hans.
22Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd. 23#16,23 dødsriket under jorda der dei døde bur. Jf. Fork 9,4–10; Esek 31,14–18. =dødsriket. Då han slo opp auga i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil han. 24#16,24 miskunna deg gr. eleison. >Matt 17,15. Jf. Matt 9,27; 15,22; 20,30f; Mark 10,47; Luk 17,13; 18,38f. Då ropa han: ‘Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan dyppa fingertuppen i vatn og kjøla tunga mi. For eg lid så vondt i denne elden.’ 25#Matt 5,4; Luk 6,24f Abraham svara: ‘Kom i hug, barnet mitt, at du fekk alt det gode medan du levde, og Lasarus like eins det vonde. No blir han trøysta her, medan du lid vondt. 26Dessutan er det lagt ein avgrunn mellom oss og dykk, slik at dei som vil koma herifrå og over til dykk, ikkje skal kunna det, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.’ 27Då sa den rike: ‘Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. 28Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.’ 29Men Abraham sa: ‘Dei har Moses og profetane, dei kan høyra på dei.’ 30‘Nei, far Abraham’, svara han, ‘men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.’ 31#Joh 5,46f Då sa Abraham: ‘Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.’»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk