Lukas 12
N11NN

Lukas 12

12
Modig vedkjenning
(Matt 10,26–33; 12,32; 10,19–20)
1 # Matt 16,6.12 # 12,1 surdeigen >13,21. I mellomtida hadde folket samla seg i tusental, så dei heldt på å trø kvarandre ned. Då tok Jesus til å tala, og han vende seg først til læresveinane:
«Ta dykk i vare for surdeigen til farisearane, hykleriet deira! 2#Jer 1,8; Mark 4,22; Luk 8,17 Ingenting er gøymt som ikkje skal fram i dagen, og ingenting er løynt som ikkje skal bli kjent. 3Difor skal det de seier i mørkret, bli høyrt i lyset, og det de kviskrar i einerom, skal ropast ut frå hustaka.
4 # 1 Pet 3,14 Men til dykk, venene mine, seier eg: Ver ikkje redde dei som slår i hel kroppen, men sidan ikkje kan gjera meir. 5#Hebr 10,31#12,5 helvete straffestaden i endetida. =helvete. Eg skal visa dykk kven de skal frykta: De skal frykta han som kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de frykta! 6Blir ikkje fem sporvar selde for eit par skilling? Og ikkje ein av dei er gløymd hos Gud. 7#12,24; 21,18 Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.
8Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9#Mark 8,38; Luk 9,26; 2 Tim 2,12; 1 Joh 2,23 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg bli fornekta for Guds englar. 10#Matt 12,31f; Hebr 6,4ff; 10,26; 1 Joh 5,16 Og kvar den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som spottar Den heilage ande, får ikkje tilgjeving. 11#21,14f Når de må svara for dykk i synagogane og for dei som styrer og rår, ver då ikkje redde for korleis de skal forsvara dykk, eller kva de skal seia. 12#Joh 14,26 For Den heilage ande skal læra dykk i same stund kva som må seiast.»
Likninga om den rike bonden
13Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!» 14Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å dømma eller skifta mellom dykk?» 15#1 Tim 6,9f Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.»
16Og han fortalde dei ei likning:
«Det var ein rik mann. Jorda hans hadde bore god grøde, 17og han tenkte med seg: ‘Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom til grøda mi. 18Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig. 19Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’ 20#Job 27,8; Jer 17,11 Men Gud sa til han: ‘Uvituge menneske! I denne natt blir sjela di kravd tilbake. Kven skal då ha det du har samla?’
21Slik går det med den som samlar skattar til seg sjølv og ikkje er rik i Gud.»
Ver ikkje urolege
(Matt 6,25–33.20–21)
22 # Fil 4,6 Han sa til læresveinane:
«Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. 23Livet er meir enn maten og kroppen meir enn kleda. 24#12,7 Sjå på ramnane! Dei sår ikkje og haustar ikkje, dei har verken matbu eller låve, men Gud før dei likevel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane! 25Kven av dykk kan med all si uro leggja ei alen til si livslengd? 26Når de ikkje eingong maktar så lite, kvifor er de då urolege for alt det andre? 27#1 Kong 10 Sjå på liljene, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 28Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! 29Ver ikkje urolege, og tenk ikkje heile tida på kva de skal eta og kva de skal drikka. 30For alt dette er heidningane i verda opptekne av. Men Far dykkar veit at de treng dette. 31#1 Kong 3,11ff; Sal 37,25; Matt 19,29; Luk 10,42; Kol 3,1 Søk heller hans rike, så skal de få dette i tillegg. 32#12,29 Ver ikkje redd, du vesle flokk! For det er Far dykkars gode vilje å gje dykk riket.
33 # Ordt 23,4; Matt 6,19; 18,22; 1 Tim 6,9 # 12,33 gåver … fattige >11,41. Sel det de eig, og gjev gåver til dei fattige. Få dykk pengepungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til og møll ikkje øydelegg. 34For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.
Ver førebudde når Menneskesonen kjem
(Matt 24,43–51)
35 # Matt 25,1.7; Luk 17,8; Ef 6,14; 1 Pet 1,13 # 12,35 Spenn … livet Den vide og side kjortelen måtte festast opp i beltet når ein skulle arbeida. Jf. 2 Mos 12,11. Spenn beltet om livet og lat lampene brenna! 36Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå bryllaupsfest og står ferdige til å opna så snart han kjem og bankar på. 37#Joh 13,4f Lukkelege er dei tenarane som herren finn vakne når han kjem! Sanneleg, eg seier dykk: Han skal binda opp kjortelen, føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei. 38#12,38 i andre … nattevakta Natta vart inndelt i fire vakter: kveld, midnatt, hanegal og morgon. =tidsrekning. Ja, lukkelege er dei som han finn vakne, sjølv om han ikkje kjem før i andre eller tredje nattevakta!
39 # 1 Tess 5,2ff; 2 Pet 3,10; Op 3,3; 16,15 Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva time tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset. 40#21,34ff Så ver førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.»
41Då spurde Peter: «Herre, er det oss du siktar til med denne likninga, eller gjeld ho for alle?» 42#1 Kor 4,2 Herren svara:
«Kven er den trufaste og kloke hushaldaren, den som herren set over tenestefolket sitt så han skal gje dei mat i rette tid? 43Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake! 44#Matt 25,21 Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig. 45Men set at tenaren seier med seg: ‘Det tek nok endå ei stund før herren min kjem’, og han så tek til å slå tenestegutane og tenestejentene og eta og drikka til han blir full. 46Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit om, og hogga han ned og la han få dela lagnad med dei vantruande. 47#Jak 4,17 Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det herren vil, han skal få mange slag. 48Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre. Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.
Ikkje fred, men strid
(Matt 10,34–36)
49Eg er komen for å kasta eld på jorda. Kor gjerne eg ville at brannen alt var tend! 50#Mark 10,38; 14,36; Luk 12,50; Joh 18,11 Ein dåp må eg døypast med. Kor det tyngjer meg til han er fullført! 51Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg, ikkje fred, men strid. 52Er det fem i ein heim, skal dei heretter liggja i strid med kvarandre: tre mot to og to mot tre, 53#Mi 7,6 far skal stå mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, svigermor mot svigerdotter og svigerdotter mot svigermor.»
Å tyda tida
(Matt 16,2–3; 5,25–26)
54Til folket sa han:
«Når de ser at det skyar til i vest, seier de straks: ‘No kjem det regn’, og det går slik. 55Og når de merkar at det blæs frå sør, seier de: ‘No blir det varmt’, og det går slik. 56Hyklarar! Det de ser på jorda og himmelen, veit de å tyda. Kvifor kan de ikkje då tyda denne tida?
57Og kvifor dømmer de ikkje ut frå dykk sjølve om kva som er rett? 58Når du går til domstolen med motparten din, skal du gjera det du kan for å bli samd med han medan de enno er på vegen. Elles dreg han deg for dommaren, og dommaren sender deg til innkrevjaren, og innkrevjaren kastar deg i fengsel. 59Eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk