3. Mosebok 9
N11NN

3. Mosebok 9

9
Arons første offerhandling
1På den åttande dagen kalla Moses til seg Aron og sønene hans og dei eldste i Israel. 2Han sa til Aron: «Ta ein oksekalv til syndoffer og ein vêr til brennoffer, begge utan feil. Lei dei fram for Herrens andlet. 3Sei så til israelittane: Ta ein geitebukk til syndoffer, ein kalv og eit lam til brennoffer, årsgamle og utan feil, 4ein okse og ein vêr til fredsoffer som skal ofrast for Herrens andlet, og så eit grødeoffer med olje i. For i dag vil Herren syna seg for dykk.»
5Dei tok med seg det som Moses hadde gjeve påbod om, fram til teltheilagdomen. Så steig heile forsamlinga fram og stod for Herrens andlet. 6Då sa Moses: «Dette er det Herren har bode dykk å gjera, slik at Herrens herlegdom skal syna seg for dykk.» 7#Kap. 1–5 Og Moses sa til Aron: «Du skal gå fram til altaret og ofra syndofferet og brennofferet ditt og gjera soning for deg sjølv og for folket! Ber så fram offeret frå folket og gjer soning for dei, som Herren har gjeve påbod om!»
8Så gjekk Aron fram til altaret og slakta kalven som var syndoffer for han sjølv. 9Arons søner bar fram blodet til han, og han dyppa fingeren i blodet og strauk det på altarhorna. Resten av blodet helte han ut nedmed altarfoten. 10Feittet, nyrene og leverlappen av syndofferdyret lét han gå opp i røyk på altaret, slik som Herren hadde pålagt Moses. 11Men kjøtet og skinnet brende han opp utanfor leiren. 12Så slakta han brennofferet. Arons søner gav han blodet, og han stenka det rundt om på altaret. 13Dei gav han sjølve brennofferet, stykke for stykke og med hovudet, og han lét det gå opp i røyk på altaret. 14Innvolane og beina vaska han og brende dei på altaret saman med brennofferet.
15Så bar han fram offeret frå folket. Han tok bukken som var syndoffer for folket, slakta han og ofra han som syndoffer på same måten som den første. 16Han bar fram brennofferet og gjorde slik det var fastsett. 17#2 Mos 29,39f Grødeofferet bar han òg fram. Han tok ei handfull av det og lét det gå opp i røyk på altaret, i tillegg til morgonbrennofferet. 18Han slakta oksen og vêren som var fredsoffer for folket. Sønene hans gav han blodet, og han stenka det rundt om på altaret. 19Feittet på oksen og vêren, både feitthalen, feittet som dekte innvolane, begge nyrene og leverlappen, 20alt dette la dei på bryststykka. Aron lét feittet gå opp i røyk på altaret. 21Men bryststykka og det høgre låret svinga han som eit svingeoffer for Herrens andlet, slik som Moses hadde gjeve påbod om.
22 # 4 Mos 6,23f Aron lyfte hendene over folket og velsigna dei. Så gjekk han ned, etter at han hadde bore fram syndofferet, brennofferet og fredsofferet. 23#2 Mos 40,34; 4 Mos 9,6 Sidan gjekk Moses og Aron inn i teltheilagdomen. Då dei kom ut att, velsigna dei folket, og Herrens herlegdom synte seg for heile folket. 24#1 Mos 15,17; Dom 6,21; 1 Kong 18,38f; 1 Krøn 21,26; 2 Krøn 7,1 Det fór ut eld frå Herren og brende opp det som var på altaret, både brennofferet og feittet. Då folket såg det, ropa dei høgt av glede og kasta seg ned med andletet mot jorda.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk