3. Mosebok 8
N11NN

3. Mosebok 8

8
Aron og sønene hans blir vigsla
1 Herren sa til Moses: 2#2 Mos 28,1–29,35; 30,30; 40,9–15 «Hent Aron og sønene hans, ta prestekleda, salvingsoljen, syndofferoksen, dei to vêrane og korga med usyra brød. 3Kall saman heile forsamlinga framfor inngangen til teltheilagdomen!» 4Moses gjorde som Herren hadde pålagt han, og forsamlinga kom saman ved inngangen til teltheilagdomen. 5Moses sa til forsamlinga: «Dette har Herren pålagt meg å gjera.»
6Så førte Moses Aron og sønene hans fram og vaska dei med vatn. 7#8,7 efod-drakta drakta til øvstepresten. =prest. Han tok på Aron kjortelen, spente beltet om han, kledde han i kappa, hengde efod-drakta på han med beltet som høyrde til, og feste drakta på han med det. 8#8,8 urim og tummim heilage gjenstandar som vart brukte til å kasta lodd med for å finna Guds vilje. >2 Mos 28,30. =prest. Han sette bryststykket på han, og i bryststykket la han urim og tummim. 9Han sette turbanen på hovudet hans, og framme på turbanen feste han gullplata, det heilage diademet, slik Herren hadde pålagt han.
10 # 2 Mos 30,25ff Så tok Moses salvingsoljen og salva Guds bustad og alt som var i han, og helga det. 11Sju gonger skvette han olje over altaret og salva både det og alt som høyrde det til, og vaskekaret med understell. Slik helga han det. 12#2 Mos 29,7ff Noko av salvingsoljen helte han over hovudet på Aron og salva og helga han. 13Moses førte Aron-sønene fram, kledde dei i kjortlar, spente belte om dei og batt turbanane på dei, slik Herren hadde pålagt han.
14Så leidde han fram syndofferoksen, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til oksen. 15#8,15 altarhorna =horn, altarhorn. Han vart slakta, og Moses tok blodet og strauk det på altarhorna med fingeren og reinsa altaret for synd. Resten av blodet helte han ut nedmed altarfoten. Slik gjorde han soning for altaret og helga det. 16Så tok han alt feittet på innvolane og leverlappen og begge nyrene med feittet som var på dei. Moses lét det gå opp i røyk på altaret. 17Men oksen med skinn, kjøt og mageinnhald brende han i elden utanfor leiren, slik Herren hadde pålagt han.
18Så leidde han fram brennoffervêren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til vêren. 19Han vart slakta, og Moses stenka blodet rundt om på altaret. 20Vêren vart lema sund, og Moses lét både hovudet og stykka og feittet gå opp i røyk. 21Innvolane og beina vart vaska i vatn. Så lét Moses heile vêren gå opp i røyk på altaret. Det var eit brennoffer til godange for Herren, eit gåveoffer for Herren slik han hadde pålagt Moses.
22 # 2 Mos 29,19ff Så leidde han fram den andre vêren, vigslingsvêren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til vêren. 23Han vart slakta, og Moses tok noko av blodet og strauk på høgre øyresnippen til Aron, på høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans. 24Så vart sønene til Aron førte fram, og Moses strauk noko av blodet på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa deira. Resten av blodet stenka han rundt om på altaret. 25Han tok feittet, både feitthalen, alt feittet på innvolane, begge nyrene med feittet som var på dei, og så det høgre låret. 26Frå korga med usyra brød som stod for Herrens andlet, tok han ei rund, usyra kake, ei oljekake og eit flatt brød og la det på feittet og det høgre låret. 27Alt dette la han i hendene på Aron og sønene hans og lét dei svinga det som eit svingeoffer for Herrens andlet. 28Moses tok det av hendene deira og lét det gå opp i røyk på altaret saman med brennofferet. Det var eit vigslingsoffer til godange for Herren. Eit gåveoffer for Herren var det. 29Så tok Moses bryststykket og svinga det som svingeoffer for Herrens andlet. Det var den delen Moses fekk av vigslingsvêren, slik Herren hadde pålagt han.
30Så tok Moses noko av salvingsoljen og av blodet som stod på altaret, og skvette det på Aron og kleda hans og på sønene hans og kleda deira. Slik helga han Aron og kleda hans og sønene og kleda deira.
31 # 2 Mos 29,32 Og Moses sa til Aron og sønene hans: «De skal koka kjøtet ved inngangen til teltheilagdomen og eta det der saman med brødet som er i vigslingskorga, slik eg har bode: Aron og sønene hans skal eta det. 32Men det som blir att av kjøtet og brødet, skal de brenna opp. 33#2 Mos 29,35 Og i sju dagar skal de ikkje forlata inngangen til teltheilagdomen, heilt til den dagen vigslingstida er ute. I sju dagar skal vigslinga vara. 34Som de har gjort i dag, slik har Herren bode at det skal gjerast sidan, til soning for dykk. 35De skal halda dykk ved inngangen til teltheilagdomen i sju dagar, både dag og natt, og akta på det som Herren har fastsett, så de ikkje skal mista livet. For det har eg fått påbod om.»
36Og Aron og sønene hans gjorde alt det som Herren hadde bode dei gjennom Moses.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk