3. Mosebok 7

7
Andre offerlover
1 # 5,14ff Dette er lova om skuldofferet, høgheilagt er det: 2#1,3.5; 6,18 På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal dei slakta skuldofferdyret. Blodet skal presten stenka rundt om på altaret, 3og alt feittet skal han ofra: feitthalen, feittet som dekkjer innvolane, 4#3,4.10.15 begge nyrene med feittet som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene. 5Presten skal la det gå opp i røyk på altaret som gåveoffer til Herren. Dette er skuldofferet. 6Alle menn som er prestar, kan eta av det. På ein heilag stad skal det etast. Høgheilagt er det.
7Med skuldofferet skal det vera som med syndofferet; same lova gjeld for dei begge. Det skal høyra til den presten som gjer soning med det. 8Og den presten som ber fram eit brennoffer for nokon, skal få skinnet av offerdyret som han har bore fram. 9#2,1ff Kvart grødeoffer som blir baka i omn, kokt i gryte eller steikt på helle, skal høyra til den presten som ber dei fram. 10Men alle andre grødeoffer, anten dei er blanda med olje eller er tørre, skal høyra Arons søner til, den eine like mykje som den andre.
11 # 3,1ff Dette er lova om fredsofferet som ein ofrar til Herren:
12 # 7,12 takkoffer =offer og soning. Dersom nokon ber det fram som takkoffer, skal han saman med takkofferet bera fram runde usyra kaker med olje i, usyra flate brød, smurde med olje, og fint mjøl som er blanda med olje og knadd til kaker. 13I tillegg til kakene skal han bera fram syra brød som offeret sitt saman med takkofferet og fredsofferet. 14Av offera skal han gje eitt av kvart slag i gåve til Herren. Det skal høyra til den presten som stenkar blodet av fredsofferet på altaret. 15Kjøtet av eit fredsoffer som er takkoffer, skal etast same dagen som det blir frambore. Ikkje noko av det må bli liggjande til neste morgon.
16 # 19,5f Dersom slaktofferet hans er eit lovnadsoffer eller eit frivillig offer, skal det etast same dagen som det blir frambore. Men det som blir att, kan etast dagen etter. 17Dersom det enno er noko att av offerkjøtet tredje dagen, skal det brennast opp. 18Men dersom nokon likevel et av fredsofferkjøtet tredje dagen, vil ikkje Gud ha glede i han som har ofra det, og det blir ikkje tilrekna han. Det er ureint, og den som et av det, fører skuld over seg.
19Offerkjøt som rører ved noko ureint, må ikkje etast. Det skal brennast opp. Når det gjeld anna kjøt, kan alle som er reine, eta slikt kjøt. 20#22,1ff Men ein person som et kjøt av Herrens fredsoffer med ureinskap på seg, skal støytast ut frå folket sitt. 21Når ein person rører ved noko ureint, anten det er ureinskap på eit menneske eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og motbydeleg, og han så et kjøt av Herrens fredsoffer, då skal han støytast ut frå folket sitt.
22 Herren sa til Moses: 23#3,16f Sei til israelittane:
De skal ikkje eta feitt, anten det er av okse, sau eller geit. 24#22,8 Feittet av sjølvdaude og ihelrivne dyr kan brukast til kva som helst, men de må aldri eta det. 25For kvar den som et feittet av dyr som det blir ofra gåveoffer av til Herren, skal støytast ut frå folket sitt. 26Blod må de ikkje eta, anten det er av fugl eller fe, kvar de så bur. 27Kvar den som et noko slag blod, skal støytast ut frå folket sitt.
28 Herren sa til Moses: 29Sei til israelittane:
Den som vil bera fram eit fredsoffer for Herren, skal koma med det offeret han vil gje Herren av fredsofferet sitt. 30#2 Mos 29,24f; 3 Mos 10,14f; 23,17ff; 4 Mos 6,19f#7,30 svingeoffer Offergåver vart ofte vigsla til Herren ved at dei vart svinga att og fram framfor altaret. Jf. 2 Mos 29,24; 8,27–29. =offer og soning. Med eigne hender skal han koma med det som eit Herrens gåveoffer. Han skal koma med både feittet og bryststykket, og bryststykket skal svingast som eit svingeoffer for Herrens andlet. 31Presten skal la feittet på altaret gå opp i røyk. Men bryststykket skal Aron og sønene hans ha. 32Det høgre låret skal de gje presten i gåve av fredsoffera dykkar. 33Den av Arons søner som ber fram blodet og feittet av fredsofferet, skal ha det høgre låret; det er hans del. 34For brystet som blir svinga, og låret som blir gjeve i gåve, tek eg imot av israelittane når dei ber fram fredsoffera sine. Eg gjev dei til Aron, presten, og sønene hans. Dette er ei evig forskrift for israelittane.
35 # 2 Mos 29,27f; 3 Mos 10,14f Dette er den delen Aron og sønene hans skal ha av Herrens gåveoffer den dagen dei blir førte fram og skal gjera presteteneste for Herren. 36Det påla Herren israelittane å gje dei den dagen dei blir salva. Dette er ei evig forskrift for dei gjennom alle slekter.
37Dette er lova om brennofferet, grødeofferet, syndofferet, skuldofferet, vigslingsofferet og fredsofferet, 38som Herren gav Moses på Sinai-fjellet den dagen han påla israelittane at dei skulle bera fram offera sine for Herren i Sinai-øydemarka.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring