3. Mosebok 4
N11NN
4
Syndofferet
1 Herren sa til Moses: 2Sei til israelittane:
Det kan henda at ein person syndar av vanvare ved å gjera noko som Herrens bod forbyr.
3Dersom det er den salva presten som syndar og fører skuld over folket, skal han ofra ein ung, feilfri okse som syndoffer til Herren for den synda han har gjort. 4Han skal koma med oksen til inngangen til teltheilagdomen, for Herrens andlet, leggja handa på hovudet til oksen og slakta han for Herrens andlet. 5#Hebr 13,11 Den salva presten skal ta noko av okseblodet og bera det inn i teltheilagdomen. 6#4,17; 8,11; 14,7; 16,14 Han skal dyppa fingeren i blodet og skvetta litt av det sju gonger for Herrens andlet, framfor forhenget i heilagdomen. 7#2 Mos 29,12; 40,6 Noko av blodet skal presten stryka på horna på altaret for den krydra røykjelsen, det som står for Herrens andlet i teltheilagdomen. Resten av okseblodet skal han hella ut ved foten av brennofferaltaret, det som står framfor inngangen til teltheilagdomen. 8Alt feittet skal han ta ut or syndofferoksen, feittet som dekkjer innvolane, alt feittet som er på innvolane, 9begge nyrene med feittet innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta bort saman med nyrene, 10#3,3f på same måten som det vart gjort med oksen til fredsofferet. Så skal presten la alt gå opp i røyk på brennofferaltaret. 11Men skinnet av oksen og alt kjøtet, med hovud og bein, innvolar og mageinnhald, 12#6,23; 4 Mos 19,5; Hebr 13,11 heile oksen, skal han ta ut av leiren til ein rein stad, der dei tømmer den feite offeroska, og brenna han opp med ved. På den staden der dei tømmer offeroska, skal han brennast.
13 # 4 Mos 15,24f Det kan henda at heile Israels forsamling syndar av vanvare og gjer noko som eitt av Herrens bod forbyr, og slik fører skuld over seg utan at forsamlinga er klar over saka. 14Då skal forsamlinga, når synda blir kjend, ofra ein ung okse til syndoffer. Dei skal koma til teltheilagdomen med han, 15dei eldste i forsamlinga skal leggja hendene på hovudet til oksen for Herrens andlet, og så skal dei slakta oksen for Herrens andlet. 16Den salva presten skal bera noko av okseblodet inn i teltheilagdomen. 17Presten skal dyppa fingeren i blodet og skvetta noko av det sju gonger framfor forhenget, for Herrens andlet. 18Noko av blodet skal han stryka på horna på det altaret som står for Herrens andlet i teltheilagdomen. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av brennofferaltaret, det som står framfor inngangen til teltheilagdomen. 19Alt feittet skal han ta ut or oksen og la gå opp i røyk på altaret. 20Som han gjorde med den første syndofferoksen, slik skal han gjera med denne òg. Såleis skal presten gjera soning for dei så dei får tilgjeving. 21Han skal føra oksen ut av leiren og brenna han, slik han brende den første oksen. Dette er syndofferet for forsamlinga.
22Det kan henda at ein leiar syndar av vanvare, gjer noko eitt av boda til Herren hans Gud forbyr, og slik fører skuld over seg, 23eller at han blir gjord kjend med ei synd han har gjort. Då skal han koma med ein feilfri geitebukk som offergåve. 24Han skal leggja handa på hovudet til bukken og slakta han på same staden som dei slaktar brennofferdyret, for Herrens andlet. Dette er eit syndoffer. 25Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av brennofferaltaret. 26#3,3ff Alt feittet skal han la gå opp i røyk på altaret, slik han gjorde med feittet av fredsofferet. Såleis skal presten gjera soning for han og for synda hans, så han får tilgjeving.
27 # 4 Mos 15,27 Det kan henda at ein av folket syndar av vanvare ved å gjera noko eitt av Herrens bod forbyr, og slik fører skuld over seg, 28eller han blir gjord kjend med ei synd han har gjort. Då skal han koma med ei geit som offergåve for synda han har gjort, eit feilfritt hodyr. 29Han skal leggja handa på hovudet til syndofferdyret og slakta det på same staden som dei slaktar brennofferdyret. 30Presten skal ta noko av blodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut ved foten av altaret. 31#3,9ff Alt feittet skal han ta til sides, slik dei gjer med feittet frå fredsofferet. Presten skal la det gå opp i røyk på altaret til godange for Herren. Såleis skal presten gjera soning for han, så han får tilgjeving.
32Dersom han kjem med ein sau som offergåve for synd, skal det vera eit feilfritt hodyr. 33Han skal leggja handa på hovudet til syndofferdyret og slakta det til eit syndoffer på same staden som dei slaktar brennofferdyret. 34Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av altaret. 35Alt feittet skal han ta ut, slik dei gjer med feittet frå ein sau dei ofrar som fredsoffer. Presten skal la det gå opp i røyk på altaret saman med gåveofferet til Herren. Såleis skal presten gjera soning for han og for den synda han har gjort, så han får tilgjeving.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk