3. Mosebok 25

25
Sabbatsåret
1 Herren sa til Moses på Sinai-fjellet: 2Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, skal landet halda sabbat for Herren. 3#2 Mos 23,10f Seks år skal du så til åkeren din, og seks år skal du skjera vinstokkane og samla inn grøda i landet. 4Men i det sjuande året skal det vera sabbat, eit kvileår for landet, ein sabbat for Herren. Då skal du korkje så åkeren din eller skjera vinstokkane dine.
5Du skal ikkje hausta det som har vakse av seg sjølv etter førre hausten, og du skal ikkje plukka druer på ein ustelt vinstokk. Det skal vera sabbatsår for landet. 6Det som landet sjølv ber fram i sabbatsåret, skal vera til føde for dykk, for deg og slaven din og slavekvinna di, for dei framande som arbeider eller bur hos deg, 7for buskapen din og for dei ville dyra i landet. All denne grøda skal de ha å eta.
Frigjevingsåret
8Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra blir førtini år. 9#23,27 Den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa høgt i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet. 10#2 Mos 21,1ff; 3 Mos 27,24; 5 Mos 15,1f#25,10 frigjevingsår skulle ta til med at dei bles i eit vêrhorn (hebr. jobel, av det vårt «jubelår»). De skal halda det femtiande året heilagt og ropa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma tilbake, kvar til sin eigedom og kvar til si slekt. 11Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det som har vakse av seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vinstokkar. 12For det er eit frigjevingsår; det skal vera heilagt for dykk. De kan eta det som marka sjølv ber fram.
13I dette frigjevingsåret skal de koma tilbake, kvar til sin eigedom. 14Når du sel noko til ein landsmann eller kjøper noko av han, skal de ikkje gjera urett mot kvarandre. 15Du skal betala han etter talet på år sidan frigjevingsåret, og han skal setja prisen etter talet på år du kan hausta grøda. 16Di fleire år det er att, di større kjøpesum, og di færre år, di mindre kjøpesum. For det er berre eit visst tal avlingar han sel deg. 17#1 Tess 4,6 De skal ikkje gjera urett mot kvarandre, men du skal frykta din Gud. For eg er Herren dykkar Gud.
18 # 26,3–6 De skal følgja forskriftene mine og halda lovene mine så de lever etter dei! Då skal de bu trygt i landet. 19#Jes 1,19 Landet skal gje si grøde så de kan eta dykk mette og bu trygt der. 20Det kan henda at de spør: «Kva skal vi eta det sjuande året når vi ikkje sår og ikkje samlar inn grøde?» 21Men eg vil senda mi velsigning over dykk det sjette året, så landet gjev grøde for tre år. 22Når de sår det åttande året, skal de enno eta av den gamle grøda. Heilt til det niande året, heilt til grøda kjem, skal de ha gammalt korn å eta.
23 # 1 Mos 23,4; 1 Krøn 29,15; Sal 39,13 Jord må ikkje seljast for all framtid. For landet er mitt, og de er framande og innflyttarar hos meg. 24I heile det landet de eig, skal de gje høve til innløysing av jord. 25#Rut 4,1ff#25,25 løysingsmannen ein som hadde plikt til å hjelpa ein nær slektning i vanskar. Jf. Rut 4,3–6; Jer 32,6–15. =slektssamfunn og justis. Når bror din blir så fattig at han må selja noko av eigedomen sin, skal den løysingsmannen som er nærast, koma og løysa inn det som broren har selt. 26Finst det nokon som ikkje har ein løysingsmann, men sjølv får så god råd at han kan løysa inn, 27skal han ikkje ta med dei åra som har gått sidan han selde. Han skal gje kjøparen betaling for den tida som er att, og så kan han koma tilbake til eigedomen sin. 28Men får han ikkje råd til å kjøpa henne tilbake, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Men i frigjevingsåret blir ho fri, og då kan han koma tilbake til eigedomen sin.
29Når nokon sel eit bustadhus i ein by med murar omkring, gjeld løysingsretten berre for ei tid. Han har rett til å løysa inn huset innan eitt år etter salet. 30Men blir det ikkje innløyst før utgangen av året, skal huset som ligg i ein by med murar omkring, høyra kjøparen og etterkomarane hans til for all framtid. Det blir ikkje fritt i frigjevingsåret. 31Men husa i landsbyar utan murar ikring skal reknast likt med jordene på landet. Dei kan løysast inn, og i frigjevingsåret blir dei frie. 32#4 Mos 35,1–8; Jos 21,1–42 Når det gjeld levittbyane, har levittane alltid løysingsrett til hus i byane som ligg på deira eigedom. 33Om ein av levittane løyser inn det huset han har selt i byen der han har eigedom, blir det fritt i frigjevingsåret. For husa i dei byane som høyrer levittane til, er deira eigedom mellom israelittane. 34Beitemarkene omkring byane deira må ikkje seljast; dei er deira eigedom for alle tider.
35 # 5 Mos 15,7f Når bror din blir så fattig at han ikkje kan greia seg lenger, skal du ta deg av han som du gjer med innflyttarar og framande, så han kan livberga seg hos deg. 36#2 Mos 22,25; 5 Mos 23,19f; Sal 15,5; Ordt 28,8 Du må ikkje krevja rente eller forteneste av han; du skal frykta din Gud, så bror din kan livberga seg hos deg. 37Du skal ikkje låna han pengar mot rente eller selja han matvarer og krevja meir att. 38Eg er Herren dykkar Gud, som har ført dykk ut frå Egypt og vil gje dykk Kanaan og vera dykkar Gud.
39 # 2 Mos 21,2f; 5 Mos 15,12f Når bror din blir så fattig at han må selja seg til deg, skal du ikkje la han gjera slavearbeid. 40Han skal ha det som ein leigekar eller framand hos deg og vera tenaren din til frigjevingsåret. 41Då kan han flytta frå deg, både han og borna hans, fara heim att til slekta og koma tilbake til eigedomen til fedrane sine. 42For dei er mine tenarar, som eg har ført ut frå Egypt; dei må ikkje seljast som ein sel slavar. 43#Ef 6,9 Du skal ikkje vera som ein hard herskar mot han; du skal frykta din Gud. 44Vil du få deg ein slave eller ei slavekvinne, skal de kjøpa dei av folkeslaga som bur rundt ikring dykk. 45Like eins kan de kjøpa slavar av dei framande som held til hos dykk, og av etterkomarane deira som bur hos dykk og er fødde i landet. De kan eiga dei, 46og de kan la dei gå i arv til borna dykkar etter dykk, så dei kan eiga dei for all tid. De kan bruka dei til slavar. Men blant brørne dine, israelittane, må ingen vera som ein hard herskar mot andre.
47Det kan henda at ein innflyttar eller framand hos deg får god råd, medan bror din som bur nær han, blir så fattig at han må selja seg til denne innflyttaren eller denne framande, eller til ein som er av innflyttarslekt. 48Då skal han kunna løysast ut etter at han har selt seg. Ein av brørne hans kan løysa han ut, 49eller ein onkel, ein fetter eller ein annan av hans eige kjøt og blod. Får han råd, kan han gjera det sjølv. 50Då skal han og den som har kjøpt han, saman rekna ut tida frå det året han selde seg og til frigjevingsåret, og kjøpesummen skal delast på åretalet. Det skal vera som han hadde vore leigekar hos han. 51Er det enno mange år att, skal han betala tilbake ein tilsvarande del av summen og såleis kjøpa seg fri. 52Men er det få år att til frigjevingsåret, skal han rekna etter og betala ein løysingssum som svarar til desse åra. 53Han skal vera som ein leigekar hos han år for år. Du må ikkje tola at den framande er som ein hard herskar mot han. 54Men blir han ikkje lauskjøpt på denne måten, så blir han fri i frigjevingsåret, både han og borna hans. 55For det er meg israelittane tener. Dei er mine tenarar som eg har ført ut frå Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring