3. Mosebok 23

23
Dei store høgtidene
1 Herren sa til Moses: 2Tal til israelittane og sei til dei: Dette er Herrens høgtider, mine fastsette tider då de skal kalla saman til heilage samlingar. 3#2 Mos 16,23; 20,8f; 31,15; 35,2; 3 Mos 16,31; 23,32 I seks dagar kan det arbeidast, men den sjuande dagen skal vera sabbat, ein kviledag med heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera sabbat for Herren alle stader der de bur.
4Dette er Herrens høgtider, dei fastsette tidene då de skal kalla inn til heilage samlingar. 5#2 Mos 12,6.18; 4 Mos 9,2f; 28,16f; 5 Mos 16,1ff Den fjortande dagen i den første månaden, i skumringa, er det påske for Herren. 6#2 Mos 12,15; 13,6; 23,15 Og den femtande dagen i same månaden er det høgtida med usyra brød for Herren. I sju dagar skal de eta usyra brød. 7Den første dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. 8Alle sju dagane skal de bera fram gåveoffer for Herren. Den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.
9 Herren sa til Moses: 10#5 Mos 26,1ff Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, og skjer kornet der, då skal de gå til presten med det første kornbandet de har skore. 11Han skal svinga det for Herrens andlet så de kan vinna velvilje. Dagen etter sabbaten skal presten svinga kornbandet. 12Den dagen de svingar kornbandet, skal de bera fram eit årsgammalt lam utan feil som brennoffer for Herren 13#23,13 2/10 mål efa eller ukjent mål. 1/4 hin ca. 1,5 l. og grødeofferet som høyrer til. Det skal vera to tiandedels mål fint mjøl blanda med olje. Det er eit gåveoffer for Herren til godange. Drikkofferet skal vera ein fjerdedels hin vin. 14De skal ikkje eta brød og ikkje steikt eller friskt korn før den dagen de ber fram offergåva til dykkar Gud. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.
15 # 2 Mos 23,16; 5 Mos 16,9f Frå dagen etter sabbaten, frå den dagen de kjem med kornbandet som skal svingast, skal de telja sju fulle veker. 16#2 Mos 34,22; 4 Mos 28,26 De skal telja femti dagar, til dagen etter den sjuande sabbaten. Då skal de bera fram for Herren eit grødeoffer av den nye grøda. 17Frå bustadene dykkar skal de ta med to brød som skal svingast. Dei skal lagast av to tiandedels mål fint mjøl og bakast med surdeig. Det er førstegrøda for Herren. 18Attåt brødet skal de bera fram sju årsgamle lam utan feil, ein ung okse og to vêrar som skal vera brennoffer for Herren, og grødeofferet og drikkoffera som høyrer til. Det er eit gåveoffer til godange for Herren. 19Så skal de ofra ein geitebukk som syndoffer og to årsgamle lam som fredsoffer. 20Presten skal svinga dei to lamma for Herrens andlet saman med brøda av førstegrøda. Det er eit svingeoffer for Herrens andlet. Det skal vera vigd til Herren og høyra presten til. 21Same dagen skal de kalla inn til samling, ei heilag samling skal det vera for dykk. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Dette skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.
22 # 19,9f Når de haustar inn kornet i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att når du har hausta, skal du ikkje sanka inn. Du skal la dei liggja til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.
23 Herren sa til Moses: 24#4 Mos 29,1f Tal til israelittane og sei: Den første dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag. Då skal de blåsa i horn og minna om den heilage samlinga. 25Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, og de skal bera fram gåveoffer for Herren.
26 Herren sa til Moses: 27#16,29f; 4 Mos 29,7f Merk dykk den tiande dagen i denne sjuande månaden, soningsdagen. Det skal vera ei heilag samling for dykk, de skal audmjuka dykk og bera fram gåveoffer for Herren. 28Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, for det er soningsdag. Då skal det gjerast soning for dykk for Herren dykkar Guds andlet. 29Kvar den som ikkje audmjukar seg den dagen, skal støytast ut frå folket sitt. 30Og kvar den som gjer noko arbeid den dagen, vil eg rydda ut av folket. 31De skal ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur. 32Ein sabbat, ein kviledag, skal det vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Frå kvelden den niande dagen i den månaden, frå den kvelden til den neste, skal de halda kviledag.
33 Herren sa til Moses: 34#2 Mos 23,16; 4 Mos 29,12f; 5 Mos 16,13f; Neh 8,14f Tal til israelittane og sei: Frå den femtande dagen i denne sjuande månaden skal de halda lauvhyttefest for Herren i sju dagar. 35Den første dagen skal det vera ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. 36#4 Mos 29,35; 5 Mos 16,8; 2 Krøn 7,8f; Joh 7,37 Sju dagar skal de bera fram gåveoffer for Herren. Den åttande dagen skal de halda ei heilag samling og bera fram gåveoffer for Herren. Då er det høgtidssamling, og de må ikkje gjera noko arbeid.
37Dette er Herrens høgtider då de skal kalla inn til heilage samlingar. De skal bera fram gåveoffer for Herren, brennoffer og grødeoffer, slaktoffer og drikkoffer, kvar dag det som høyrer den dagen til. 38I tillegg kjem Herrens sabbatar, gåvene og lovnadsoffera dykkar og dei frivillige offera som de gjev Herren.
39Merk dykk den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar inn grøda i landet. Då skal de feira Herrens høgtid i sju dagar. Den første dagen skal vera kviledag, og den åttande dagen skal vera kviledag. 40#Neh 8,14f Den første dagen skal de ta frukt av edle tre, palmeblad, greiner av lauvtre og av piletre ved bekkene, og de skal gleda dykk i sju dagar for Herren dykkar Guds andlet. 41Kvart år skal de feira høgtid for Herren i sju dagar. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter. I den sjuande månaden skal de feira denne høgtida. 42Då skal de bu i lauvhytter i sju dagar. Alle som er fødde i Israel, skal bu i lauvhytter, 43så etterkomarane dykkar skal vita at eg lét israelittane bu i hytter då eg førte dei ut frå Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.
44Moses kunngjorde Herrens høgtider for israelittane.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring