3. Mosebok 21
N11NN

3. Mosebok 21

21
Prestane skal vera heilage
1 # 10,5f; Esek 44,25 Herren sa til Moses: Tal til prestane, Arons søner, og sei til dei: Ein prest skal ikkje gjera seg urein mellom landsmennene sine med å røra ved eit lik, 2om det då ikkje gjeld ein nær slektning: mor, far, son, dotter eller bror. 3Ei syster som er jomfru og ikkje har fått nokon mann, kan han òg gjera seg urein ved når han er næraste slektningen. 4Ein gift mann må ikkje gjera seg urein mellom landsmennene sine så han vanhelgar seg sjølv.
5 # 19,27f; Esek 44,20 # 21,5 klippa seg snaue … på kroppen =sørgjeskikkar. Jf. 19,27. Prestane skal ikkje klippa seg snaue på hovudet, dei skal ikkje raka skjegget i kantane og ikkje skjera seg opp på kroppen. 6Dei skal vera heilage for sin Gud og ikkje vanhelga namnet til sin Gud, for dei ber fram Herrens gåveoffer til mat for sin Gud. Difor skal dei vera heilage.
7 # Esek 44,22 Ingen av dei må gifta seg med ei kvinne som er prostituert eller vanæra, og heller ikkje med ei kvinne som er skild frå mannen sin. For presten er heilag for sin Gud. 8#19,2 Og du skal halda han heilag; han ber fram mat for din Gud. Han skal vera heilag for deg; for eg, Herren, som helgar dykk, er heilag.
9Når ei prestedotter vanhelgar seg med prostitusjon, vanhelgar ho far sin. Ho skal brennast.
10 # 2 Mos 28,41; 3 Mos 8,12; 10,6 Den som er øvsteprest mellom brørne sine, han som har fått salvingsoljen helt over hovudet, er innsett i tenesta og kledd i dei heilage kleda, han skal ikkje la håret hanga fritt og ikkje riva sund kleda. 11Han må ikkje gå inn til nokon som er død; ikkje eingong for sin eigen far eller si eiga mor skal han gjera seg urein. 12Han må ikkje gå ut or heilagdomen og ikkje vanhelga sin Guds heilagdom. For han er innvigd ved sin Guds salvingsolje. Eg er Herren. 13Den kvinna han gifter seg med, må vera jomfru; 14#21,7; Esek 44,22 han må ikkje ta ei kvinne som er enkje, fråskild, vanæra eller prostituert. Berre ei jomfru av sitt eige folk skal han ta til kone, 15så han ikkje skal vanhelga etterkomarane sine i folket. For eg er Herren, som helgar han.
16 Herren sa til Moses: 17#1 Tim 3,2; Tit 1,6f Tal til Aron og sei: Gjennom alle slekter skal ingen av etterkomarane dine som har ein feil på kroppen, koma og bera fram mat for sin Gud. 18Ingen som har ein feil, kan ofra: ingen som er blind eller halt, ingen med ein kroppsdel som er for kort eller for lang, 19ingen som har ein broten fot eller arm, 20ingen som er krylryggja eller dverg, ingen som har ein kvit flekk på auga eller skabb eller utslett, og ingen som er skadd i pungen. 21Ingen etterkomar av presten Aron som har ein feil, skal koma og bera fram Herrens gåveoffer. Har han ein feil, skal han ikkje koma og ofra mat for sin Gud. 22Han kan få eta maten til sin Gud, både av det høgheilage og av det heilage. 23Men han må ikkje koma inn til forhenget og ikkje gå fram for altaret, sidan han har ein feil; han må ikkje vanhelga heilagdomane mine. For eg er Herren, som helgar dei.
24Dette sa Moses til Aron og sønene hans og til alle israelittane.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk