3. Mosebok 2
N11NN

3. Mosebok 2

2
Grødeofferet
1 # 6,7f # 2,1 grødeoffer =offer og soning. Når nokon vil bera fram eit grødeoffer for Herren, skal offergåva vera fint mjøl. Han skal hella olje over og leggja røykjelse oppå 2og gå med det til Arons søner, prestane. Presten skal ta ei handfull av mjølet og oljen saman med all røykjelsen og la det gå opp i røyk som eit påminningsoffer på altaret, eit gåveoffer til godange for Herren. 3Det som er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha, ein høgheilag del av Herrens gåveoffer.
4Når du ber fram eit grødeoffer som er steikt i omn, skal det vera av fint mjøl, anten runde, usyra kaker blanda med olje, eller usyra, flatt brød smurt med olje. 5Er offergåva di eit grødeoffer som er steikt på helle, skal det òg vera av fint mjøl som er blanda med olje, og usyra. 6Du skal bryta det i bitar og hella olje over det. Dette er eit grødeoffer. 7Er offergåva di eit grødeoffer laga til i gryte, skal det lagast av fint mjøl og olje. 8Du skal koma fram for Herren med grødeofferet som er laga til av dette, og gje det til presten, og han skal bera det fram til altaret. 9Presten skal ta påminningsofferet ut av grødeofferet og brenna det på altaret som eit gåveoffer til godange for Herren. 10Det som er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha, ein høgheilag del av Herrens gåveoffer.
11 # 6,10 Alle grødeoffer som de vil bera fram for Herren, skal vera usyra. Surdeig eller honning må de framfor alt ikkje la gå opp i røyk som gåveoffer for Herren. 12#2,12 førstegrøda =offer og soning. Som offergåve av førstegrøda kan de bera dei fram for Herren, men dei skal ikkje ofrast på altaret til ein god ange.
13 # Esek 43,24; Mark 9,49 # 2,13 salt eit viktig tillegg til offera. Saltet har vernande kraft og kan stå som bilete på at pakta er evig og ubrytande. Jf. 4 Mos 18,19. Alle grødeoffer skal du salta. Lat aldri saltet som høyrer til pakta med din Gud, mangla i grødeofferet. Til alle offergåvene dine skal du ofra salt.
14 # 23,10f; 5 Mos 26,1f Dersom du ber fram for Herren eit offer av førstegrøda, skal du ofra kornaks som er steikte over elden. Knust korn av nymogne aks skal du bera fram som offer av førstegrøda. 15Du skal hella olje over og leggja røykjelse på det. Dette er eit grødeoffer. 16Presten skal la påminningsofferet av det knuste kornet og oljen gå opp i røyk saman med all røykjelsen. Dette er eit gåveoffer for Herren.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk