3. Mosebok 18
N11NN

3. Mosebok 18

18
Lover om kjønnsleg omgang
1 Herren sa til Moses: 2Tal til israelittane og sei til dei: Eg er Herren dykkar Gud. 3De skal ikkje gjera som dei gjer i Egypt, det landet der de har budd, eller som dei gjer i Kanaan, det landet eg fører dykk til. De skal ikkje følgja deira forskrifter. 4Mine lover skal de halda, og mine forskrifter skal de akta på, så de følgjer dei. Eg er Herren dykkar Gud. 5#Neh 9,29; Esek 20,11; Rom 10,5; Gal 3,12 De skal halda forskriftene og lovene mine. Det mennesket som lever etter dei, skal ha liv ved dei. Eg er Herren.
6 # 18,6 kle dei nakne kanskje eit uttrykk for å ha seksuell omgang. Ingen må koma nær nokon av sitt eige kjøt og blod for å kle dei nakne. Eg er Herren. 7#1 Mos 19,33 Du skal ikkje kle far din eller mor di naken. Ho er mor di; du skal ikkje kle henne naken. 8#1 Mos 35,22; 3 Mos 20,11f; 5 Mos 22,30; 27,20; 2 Sam 16,22; Esek 22,10; 1 Kor 5,1 Du skal ikkje kle kona til far din naken; nakenskapen hennar høyrer far din til. 9#20,17; 2 Sam 13,14; Esek 22,11 Du skal ikkje kle syster di naken, anten ho er dotter til far din eller til mor di, anten ho er fødd heime eller ute. 10Du skal ikkje kle sonedotter di eller dotterdotter di naken, for det ville føra skam over deg sjølv. 11Du skal ikkje kle dotter til kona til far din naken, ho som òg er dotter til far din. Ho er syster di. 12Du skal ikkje kle syster til far din naken. Ho er i nær slekt med han. 13Du skal ikkje kle syster til mor di naken. Ho er i nær slekt med henne. 14#20,19f Du skal ikkje kle farbror din naken. Kona hans må du ikkje koma nær, ho er tanta di. 15#1 Mos 38,18; Esek 22,11 Du skal ikkje kle svigerdotter di naken. Ho er kona til son din. Du skal ikkje kle henne naken. 16#20,21; Mark 6,18 Du skal ikkje kle kona til bror din naken; nakenskapen hennar høyrer bror din til. 17#20,14 Du skal ikkje kle både ei kvinne og dotter hennar nakne. Du skal ikkje ta sonedotter eller dotterdotter hennar og kle dei nakne, dei er av same kjøt og blod som henne. Det er skamlaus gjerning. 18Du skal ikkje ta ei kvinne som medkone for syster si og kle henne naken, ikkje så lenge den andre er i live.
19 # 20,18 Når ei kvinne er urein med menstruasjon, skal du ikkje koma nær henne for å kle henne naken. 20#20,10; 2 Sam 11,4; 12,9 Du skal ikkje ha samleie med kona til ein landsmann og gjera deg urein ved henne. 21#20,2f; 5 Mos 12,31; 2 Kong 23,10; Jer 7,31; 32,35 Du skal ikkje gje nokon av borna dine over til Molok; du skal ikkje vanhelga namnet til din Gud. Eg er Herren. 22#20,13; Rom 1,27; 1 Kor 6,9 Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er avskyeleg. 23#2 Mos 22,19; 3 Mos 20,15f; 5 Mos 27,21 Du skal ikkje ha samleie med eit dyr av noko slag og gjera deg urein ved det. Heller ikkje skal ei kvinne by seg fram til eit dyr og para seg med det. Det er motbydeleg.
24Gjer dykk ikkje ureine med noko slikt! For dei folkeslaga som eg vil driva ut for dykk, har gjort seg ureine med alt dette. 25Landet har vorte ureint. Eg straffa det for synda så landet spydde ut dei som budde der. 26Men de skal halda forskriftene og lovene mine og ikkje gjera nokon av desse avskyelege gjerningane, anten de er fødde i landet eller er innflyttarar der. 27For dei som budde i landet før dykk, gjorde alle desse avskyelege gjerningane, og landet vart ureint. 28Då må ikkje landet spy dykk ut fordi de gjer det ureint, slik det har spydd ut det folkeslaget som var der før dykk. 29For alle som gjer noko av dette som er avskyeleg, skal støytast ut frå folket sitt. 30#19,37; 20,8 Så hald dykk då til det som eg har fastsett, og følg ikkje nokon av dei avskyelege forskriftene som dei har følgt før dykk! Gjer dykk ikkje ureine ved dei! Eg er Herren dykkar Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.