3. Mosebok 15

15
Kjønnsleg ureinskap
1 Herren sa til Moses og Aron: 2Tal til israelittane og sei til dei: Når ein mann har utflod frå kroppen, er utfloda urein. 3På grunn av utfloda hans skal dette reknast som ureinskap: Anten utfloda renn frå kjønnslemen hans eller lemen er tetna til av utfloda, så er dette ureinskap. 4Alt han ligg på og alt han sit på, blir ureint. 5Den som kjem nær senga hans, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 6Den som set seg på noko han har sete på, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 7Den som kjem nær kroppen til den som har utflod, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 8Dersom den som har utflod, spyttar på ein som er rein, skal den han spytta på, vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 9Kvar ridesal som den som har utflod, sit på, blir urein. 10Den som kjem nær noko av det han har under seg, er urein heilt til kvelds. Og den som ber det bort, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 11Kjem den som har utflod, nær nokon utan at han først har skylt hendene sine i vatn, skal den han har teke på, vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 12Kjem den som har utflod, nær eit leirfat, skal det knusast. Er det eit trefat, skal det skyljast i vatn.
13Når den som har utflod, er vorten rein etter utfloda, skal han telja sju dagar fram frå den tid han vart rein. Då skal han vaska kleda sine og kroppen i friskt vatn. Så er han rein. 14#1,14; 5,7; 12,8 Den åttande dagen skal han ta to turtelduer eller to dueungar og gå fram for Herrens andlet, til inngangen til teltheilagdomen, og gje dei til presten. 15Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens andlet etter utfloda.
16Når ein mann får sædavgang, skal han vaska heile kroppen sin i vatn; han er urein heilt til kvelds. 17Kvart klesplagg eller skinnplagg som det kjem sæd på, skal vaskast; det er ureint heilt til kvelds. 18Og når ein mann ligg med ei kvinne og det går sæd frå han, skal begge vaska seg i vatn; dei er ureine heilt til kvelds.
19Når ei kvinne har utflod og utfloda er blod frå kroppen hennar, er ho urein i sju dagar. Den som kjem nær henne, er urein heilt til kvelds. 20Alt det ho ligg på medan ho har menstruasjon, blir ureint, og alt det ho sit på, blir ureint. 21Den som kjem nær senga hennar, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 22Og den som kjem nær noko ho har sete på, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 23Ligg det eit eller anna der ho har lege eller sete, og nokon kjem nær det, er han urein heilt til kvelds. 24Skulle no ein mann liggja med henne, blir han urein av menstruasjonen hennar i sju dagar. Alt det han ligg på, blir ureint.
25Når ei kvinne har utflod slik at ho blør i mange dagar utan at det er tida for menstruasjonen hennar, eller menstruasjonen varer i lengre tid enn normalt, då er ho urein så lenge ho har utflod. Ho skal vera urein som ved menstruasjon. 26Alt det ho ligg på medan utfloda varer, blir som det ho ligg på når ho har menstruasjon. Og alt det ho sit på, blir ureint, som ureinskapen ved menstruasjon. 27Den som kjem nær det, blir urein. Han skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 28Når ho blir rein etter utfloda, skal ho telja sju dagar fram. Då er ho rein. 29#1,14; 5,7; 12,8 Den åttande dagen skal ho ta to turtelduer eller to dueungar og koma til presten med dei, til inngangen til teltheilagdomen. 30Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for henne for Herrens andlet etter den ureine utfloda.
31De skal fria israelittane for ureinskapen deira, så dei ikkje skal gjera bustaden min urein, den som står midt imellom dei, og døy i ureinskapen sin.
32Dette er lova om menn som har utflod og om dei som har sædavgang så dei blir ureine, 33om kvinner som har menstruasjon, om den som har utflod, anten det er mann eller kvinne, og om menn som ligg med ureine kvinner.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring