3. Mosebok 10
N11NN
10
Nadab og Abihu syndar og døyr
1Arons søner Nadab og Abihu tok kvar si glopanne, gjorde opp eld i dei, la røykjelse på elden og bar uvigsla eld fram for Herrens andlet. Det hadde han ikkje bode dei. 2#16,12; 4 Mos 3,4; 16,35 Då fór det ut eld frå Herren og brende dei opp, og dei døydde framfor Herrens andlet. 3Og Moses sa til Aron: «Dette var det Herren tala om då han sa: På dei som er meg nær, viser eg meg heilag; framfor heile folket viser eg min herlegdom.» Då tagde Aron. 4#2 Mos 6,22 Men Moses kalla på Misjael og Elsafan, sønene til Ussiel, Arons onkel, og sa til dei: «Kom hit og ber brørne dykkar bort frå heilagdomen og utanfor leiren!» 5Dei kom og bar dei ut av leiren med kjortlane på, som Moses hadde sagt.
6 # 10,6 la håret … kleda Prestane skulle ikkje ta del i =sørgjeskikkar, for å unngå å ha noko å gjera med lik. >21,1ff. Då sa Moses til Aron og til Elasar og Itamar, sønene hans: «De skal ikkje la håret hanga fritt eller riva sund kleda, for då skal de døy, og Herrens vreide kjem til å råka heile forsamlinga. Men brørne dykkar, heile Israels hus, skal gråta over den elden som Herren har tent. 7Gå ikkje bort frå inngangen til teltheilagdomen, for då kjem de til å døy! For Herrens salvingsolje er på dykk.» Dei gjorde som Moses sa.
8 Herren sa til Aron: 9#Esek 44,21 «Vin eller sterk drikk må du og sønene dine ikkje drikka når de går inn i teltheilagdomen, for då skal de døy. Dette er ei evig forskrift gjennom alle slekter 10#Esek 44,23 så de kan skilja mellom heilagt og ikkje heilagt, mellom ureint og reint, 11og læra israelittane alle dei forskriftene som Herren har kunngjort for dei gjennom Moses.»
12Moses sa til Aron og til Elasar og Itamar, dei sønene som var att: «Ta det grødeofferet som er att av Herrens gåveoffer, og et det usyra ved altaret! For høgheilagt er det. 13#2,3.10; 6,9 De skal eta det på ein heilag stad. For det er den fastsette delen for deg og sønene dine av Herrens gåveoffer. Det har eg fått påbod om. 14#7,34; 4 Mos 6,20 Brystet som blir svinga og låret som blir gjeve i offergåve, skal de òg eta på ein rein stad, du og sønene og døtrene dine. For det er den fastsette delen for deg og borna dine av fredsoffera til israelittane. 15Låret som blir gjeve i offergåve, og brystet som blir svinga, skal de bera fram saman med feittet av gåveofferet og svinga det som eit svingeoffer for Herrens andlet. Det skal vera den fastsette delen for deg og borna dine for alltid, slik Herren har bode.»
16 # 9,3.15 Men Moses spurde etter syndofferbukken, og sjå, han var oppbrend! Då vart han sint på Elasar og Itamar, dei av Arons søner som var att, og sa: 17#6,18f «Kvifor har de ikkje ete syndofferet på den heilage staden? Det er då eit høgheilagt offer! Det har Herren gjeve dykk for å ta bort skulda frå forsamlinga og gjera soning for dei for Herrens andlet. 18#6,23 Blodet vart ikkje ført til det indre av heilagdomen. De skulle jo ha ete offerkjøtet i heilagdomen, slik eg har bode!» 19Då sa Aron til Moses: «I dag har dei bore fram syndofferet og brennofferet sitt framfor Herrens andlet, og sjå kva som har råka meg! Om eg hadde ete syndoffer i dag, ville det ha vore rett i Herrens auge?» 20Moses høyrde det, og det var rett i hans auge.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk