Klagesongane 4
N11NN
4
Fjerde song
Alef
א
1Gullet har mista sin glans,
det fine gullet er forandra!
Dei heilage steinane ligg strødde
på alle gatehjørne.
Bet
ב
2Sions utvalde søner,
verde si vekt i gull,
blir rekna som leirkar,
eit verk av pottemakarhand!
Gimel
ג
3 # 4,3 strutsen Han bryr seg ikkje om ungane sine. Jf. Job 39,19ff. Jamvel sjakalar held spenane fram,
dei lèt ungane suga.
Men folket, mi dotter, har vorte hjartelaust
som strutsen i ørkenen.
Dalet
ד
4 # Sal 137,6; Klag 2,11f Spedborna er tørste,
tunga klistrar seg til ganen.
Småborna tiggar om brød,
men ingen gjev dei ein bit.
He
ה
5Dei som åt lekre retter,
fell om i gatene.
Dei som vart fostra opp i skarlak,
kastar seg over dungane.
Waw
ו
6 # 1 Mos 19,24; Jer 23,14 Skulda til folket, mi dotter,
er større enn synda i Sodoma,
som brått vart øydelagd
utan at nokon hadde rørt henne.
Zajin
ז
7Dei innvigde i folket mitt var reinare enn snø,
meir skinande enn mjølk.
Kroppen deira var raudare enn korallar,
lemene var av safir.
Het
ח
8Dei har vorte svartare enn sot,
ein kjenner dei ikkje att på gata.
Huda strammar seg om knoklane,
ho har vorte tørr som ved.
Tet
ט
9Betre var det å falla for sverd
enn å falla for svolt,
tærast bort og drepast
av åkrar utan grøde.
Jod
י
10 # 2,20+; Esek 5,10 Kjærlege kvinner
koker borna sine,
dei har vorte maten deira.
Folket, mi dotter, er knust.
Kaf
כ
11 # 2,3 Herren har aust av sin harme,
tømt ut sin brennande vreide.
Han har sett fyr på Sion,
grunnvollane øydest i eld.
Lamed
ל
12Ingen konge på jorda,
ingen i heile verda trudde
at ein motstandar eller fiende
kunne koma inn gjennom Jerusalems portar.
Mem
מ
13 # Jer 26,8ff Det hende fordi profetane synda
og prestane førte skuld over seg.
Dei lét blodet av rettferdige
renna i byen.
Nun
נ
14 # 4 Mos 35,33 Blinde flakkar dei om i gatene,
tilsølte med blod,
ingen kan røra
kleda deira.
Samek
ס
15 # 3 Mos 13,45 «Av vegen! Urein!» ropar folk til dei.
«Av vegen! Ikkje rør!»
Dei rømmer og vildrar omkring.
Alle folkeslag seier: «Dei får ikkje bu her.»
Pe
פ
16 # 5,12 Herren sjølv har spreidd dei,
han vil ikkje sjå dei lenger.
Dei vørde ikkje prestane
og var ikkje nådige mot dei gamle.
Ajin
ע
17 # Jes 30,5.7; Jer 37,5–8; Esek 29,6ff # 4,17 eit folk egyptarane. Vi held ut, auga blir såre,
vi ser fåfengt etter hjelp.
Vi har stått på vakt og speida
etter eit folk som ikkje kunne hjelpa.
Tsade
צ
18Dei vakta kvart steg vi tok,
vi kunne ikkje gå på gatene våre.
Enden var nær, vår tid var ute,
ja, enden var komen.
Qof
ק
19Dei som jaga oss, var snarare
enn ørnane under himmelen.
Over fjella forfølgde dei oss,
i ørkenen låg dei og lurte på oss.
Resj
ר
20 # 2 Kong 25,5f; Jer 52,8.11 # 4,20 Herrens salva, vår pust kongen. Herrens salva, vår pust,
vart fanga i gravene deira.
Det var om han vi sa:
«I hans skugge skal vi leva mellom folka.»
Sjin
ש
21 # Sal 137,7; Jer 25,15.21; 49,12; Esek 25,12ff; 35,2ff # 4,21 Us Jobs heimland. >Job 1,1. I 1 Mos 36,28 er Us eit personnamn med tilknyting til landet Edom. Fryd og gled deg, dotter Edom,
du som bur i landet Us.
Men begeret kjem til deg òg,
du skal bli full og kle deg naken.
Taw
ת
22 # Jes 40,2 Di skuld er betalt, dotter Sion,
aldri meir vil han føra deg bort.
Men di skuld, dotter Edom, straffar han deg for,
dine synder viser han fram.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk