Judas 1
N11NN

Judas 1

1
Helsing
1 # 1 Judas truleg ein av brørne til Jesus. Jf. Matt 13,55. Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, helsar dei som er kalla, dei som er elska av Gud, vår Far, og haldne oppe for Jesus Kristus. 2#2 Pet 1,2 Miskunn, fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål!
Vranglærarane og dommen over dei
3 # Luk 13,24; 1 Tim 1,18; 6,12; 2 Tim 4,7 Mine kjære! Eg har hatt eit inderleg ønske om å skriva til dykk om den frelsa som vi har saman. Men no ser eg meg nøydd til å senda dykk nokre formanande ord om å strida for den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage. 4#Gal 2,4; 2 Pet 2,1 For det har snike seg inn visse folk mellom dykk, ugudelege menneske som for lenge sidan var oppskrivne til å bli dømde. Dei misbruker vår Guds nåde til eit liv i utskeiingar, og dei fornektar vår einaste herskar og Herre, Jesus Kristus.
5 # 2 Mos 12,51; 4 Mos 14,26ff; 1 Kor 10,5; 2 Pet 1,12 Her er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut av Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru. 6#2 Pet 2,4.9 Og dei englane som ikkje tok vare på sin høge stand, men drog bort frå sin eigen bustad, dei held han bundne i mørker med evige lenkjer til dommen på den store dagen. 7#1 Mos 19; Matt 10,15; 25,41; 2 Pet 2,6.10 På same måten var det med Sodoma og Gomorra og nabobyane, der dei levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. Dei vart straffa med evig eld og ligg der som eit åtvarande eksempel.
8 # 2 Pet 2,10 Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syn skitnar dei til kroppen sin, forkastar Guds herredøme og spottar høge makter. 9#Sak 3,2; 2 Pet 2,11; Op 12,7#9 erkeengelen Mikael ein engel som vernar Guds folk. Jf. Dan 10,13. =himmelske vesen. låg i strid … Moses Det blir her vist til eit skrift om Moses' himmelfart som berre delvis er bevart. Men då erkeengelen Mikael låg i strid med djevelen om kroppen til Moses, våga han ikkje spotta djevelen og dømma han, men sa: Må Herren refsa deg! 10#2 Pet 2,12 Men desse menneska spottar det dei ikkje kjenner, og det dei, som dyr utan fornuft, skjønar ut frå naturen, det tener til å øydeleggja dei. 11#1 Mos 4,8; 4 Mos 16; 31,16; 2 Pet 2,15 Ve dei! Dei har slege inn på Kains veg; dei har kasta seg ut i Bileams villfaring for vinning skuld. Dei har gjort opprør som Korah og gått til grunne.
12 # Esek 34,8; 1 Kor 11,20f; 2 Pet 2,13 # 12 kjærleiksmåltida truleg nattverden, som vart feira som ein del av eit vanleg måltid. Dei er skamflekker ved kjærleiksmåltida dykkar, der dei utan otte eller skam et saman med dykk. Dei er gjetarar som berre passar seg sjølve, skyer som driv med vinden utan å gje regn. Dei er tre som ikkje ber frukt om hausten, dobbelt døde, ja, rivne opp med rot. 13#Jes 57,20; 2 Pet 2,17 Dei er ville havbølgjer, skummande opp si eiga skam, villfarne stjerner som det evige nattemørkret ventar på. 14#1 Mos 5,3.18; 5 Mos 33,2; Matt 25,31#14–15 Henok … spådde Brevet siterer her Første Henoksbok 1,9. Det var om desse Henok, Adams etterkomar i sjuande leden, spådde då han sa: «Sjå, Herren kjem med sine heilage i tusental. 15#Matt 12,36 Han vil halda dom over alle og straffa alle menneske for deira ugudelege gjerningar og for alle harde ord dei har tala mot han, desse gudlause syndarane.» 16Dette er folk som murrar og klagar over lagnaden sin, men lever etter lystene sine. Munnane talar store ord og smigrar folk når dei har nytte av det.
Bøn og omsorg
17 # 2 Pet 3,2 # 17 apostlar utsendingar med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre. Men de, mine kjære, kom i hug dei orda som vår Herre Jesu Kristi apostlar har føresagt. 18#2 Tim 3,1ff; 2 Pet 3,3 Dei sa til dykk: «I dei siste tider skal det koma spottarar som følgjer sine eigne ugudelege lyster.» 19Dette er dei som skaper splid mellom dykk; dei er reint menneskelege og manglar Anden.
20 # Kol 2,7; 1 Tess 5,11 Men de, mine kjære, må byggja dykk sjølve opp ved dykkar høge og heilage tru og alltid be i Den heilage ande. 21#1 Kor 1,7 Pass på å bli verande i Guds kjærleik medan de ventar på at vår Herre Jesu Kristi miskunn skal føra dykk til evig liv. 22Miskunna dykk over dei som tvilar, 23#Sak 3,2 andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame: Sky til og med kappa som er skitna til av lystene i kroppen.
Lovprising
24 # 1 Tess 5,23 Han som har makt til å verna dykk mot fall og føra dykk jublande og utan feil fram for sin herlegdom, 25#Rom 16,27; Gal 1,5; Ef 3,21; 1 Tim 1,17; 2 Tim 4,18#25 Amen hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». =amen. han, den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus Kristus, vår Herre: Han tilhøyrer ære og majestet, velde og makt før all tid, no og i all æve! Amen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk