Josva 9

9
Pakta med folket i Gibeon
1Då alle kongane som budde vestafor Jordan, i fjellandet, i låglandet og langsmed heile kysten av Storhavet opp mot Libanon, hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, fekk høyra kva som hadde hendt, 2slo dei seg saman for å kjempa mot Josva og israelittane, alle som ein.
3Men då innbyggjarane i Gibeon høyrde kva Josva hadde gjort med Jeriko og Ai, 4greip dei til list dei òg. Dei gjekk av stad for å proviantera, og på esla sine la dei utslitne kløvsekker og lappa, sprokne og utslitne vinsekker. 5Dei hadde utslitne og lappa skor på føtene og fillete klede på kroppen, og alt nistebrødet deira var tørt og smuldra.
6Så drog dei til Josva i leiren ved Gilgal og sa til han og israelittane: «Vi kjem frå eit land langt borte. Gjer no ei pakt med oss!» 7#2 Mos 23,32f; 5 Mos 7,2 Israelittane sa til hevittane: «De bur kanskje her midt iblant oss. Korleis kan vi då gjera pakt med dykk?» 8Dei sa til Josva: «Vi er tenarane dine.» Josva spurde: «Kven er de, og kvar kjem de frå?» 9#2,10 Hevittane svara: «Tenarane dine er komne frå eit land langt borte fordi det går ord om Herren din Gud. Vi har høyrt det som blir sagt om han, om alt det han gjorde i Egypt, 10#4 Mos 21,24ff og alt det han gjorde med dei to amorittkongane på den andre sida av Jordan, Sihon, kongen i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot. 11Difor sa dei eldste iblant oss og alle som bur i landet vårt: Ta med dykk niste på vegen, gå dei til møtes og sei til dei: Vi er tenarane dykkar. Gjer no ei pakt med oss! 12Her er brødet vårt, som var varmt då vi tok det med heimanfrå den dagen vi drog av stad for å møta dykk. Men sjå no kor tørt og smuldra det har vorte! 13Her er vinsekkene våre, som var nye då vi fylte dei. Men sjå, no er dei sprokne. Og her ser de kleda og skorne våre, utslitne etter den lange reisa.»
14 # 4 Mos 27,21 Mennene tok og smaka på nista deira, men dei spurde ikkje Herren til råds. 15Josva slutta fred og gjorde ei pakt med dei om at dei skulle få leva, og leiarane i forsamlinga stadfeste dette med eid.
16Tre dagar etter at israelittane hadde gjort pakt med dei, fekk dei høyra at dei var grannar og budde midt iblant dei. 17Israelittane braut då opp, og den tredje dagen kom dei til byane deira. Byane var Gibeon, Kefira, Beerot og Kirjat-Jearim. 18Men israelittane slo dei ikkje i hel, sidan leiarane i forsamlinga hadde svore ved Herren, Israels Gud. Då klaga heile forsamlinga til leiarane. 19Men leiarane sa til forsamlinga: «Vi har svore ved Herren, Israels Gud, så no kan vi ikkje leggja hand på dei. 20Men slik gjer vi med dei: Vi lèt dei få leva, så vi ikkje blir råka av vreide på grunn av eiden vi har svore.» 21Leiarane sa: «Dei skal få leva.» Og dei vart vedhoggarar og vassberarar for heile forsamlinga, slik leiarane sa til dei. 22Josva kalla mennene frå Gibeon til seg og sa til dei: «Kvifor narra de oss og sa at de bur langt borte når de bur iblant oss? 23No skal de vera forbanna! Ingen av dykk skal sleppa å vera slavar. De skal hogga ved og bera vatn til huset til min Gud.» 24#2 Mos 23,23; 34,11f; 5 Mos 2,34; 7,1; 11,23 Då svara dei Josva: «Det hadde vorte kunngjort klårt og tydeleg for tenarane dine at Herren din Gud hadde gjeve tenaren sin Moses påbod om å gje dykk heile landet, og for dykkar skuld rydda ut alle som bur der. Då vart vi redde for at de skulle drepa oss. Difor gjorde vi som vi gjorde. 25Men no er vi i di hand. Gjer med oss som du finn rett i dine auge.»
26Josva gjorde då slik at han redda dei frå israelittane, så dei ikkje vart drepne. 27#5 Mos 12,5 Og same dagen sette Josva dei til å hogga ved og bera vatn til forsamlinga og til Herrens altar, og det gjer dei den dag i dag på den staden som Herren har valt ut.

Markert nå:

Josva 9: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring