Josva 8
N11NN
8
Israelittane hærtek Ai
1 # 5 Mos 20,3; 31,6; Jos 6,2+ Så sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd og mist ikkje motet! Ta med deg heile hæren og gjer deg klar til å dra opp mot Ai. Sjå, eg gjev kongen i Ai og folket og byen og landet hans i dine hender. 2#6,21 Gjer det same med Ai og kongen der som du gjorde med Jeriko og kongen der, men hærfanget og feet kan de ha. Legg deg no i bakhald på den andre sida av byen!»
3Josva og heile hæren gjorde seg klare til å dra opp mot Ai. Han valde ut tretti tusen mann, modige krigarar, og sende dei av stad om natta. 4Dette baud han dei å gjera: «Legg dykk i bakhald på den andre sida av byen, ikkje langt ifrå han, og hald dykk budde, alle saman. 5Så skal eg og alt folket som er med meg, nærma oss byen. Når dei rykkjer ut mot oss, slik dei gjorde første gongen, skal vi rømma for dei. 6Då vil dei koma etter oss slik at vi får lokka dei bort frå byen. For dei tenkjer vel at vi rømmer for dei slik som vi gjorde første gongen. Og medan vi rømmer, 7skal de koma fram frå bakhaldet og ta byen. Herren dykkar Gud vil overgje han i dykkar hender. 8Når de har teke byen, skal de setja han i brann. Gjer som Herren har sagt. Sjå, dette byd eg dykk.» 9Så sende Josva dei av stad, og dei gjekk og la seg i bakhald vest for Ai, mellom Betel og Ai. Den natta var Josva saman med hæren.
10Neste morgon stod Josva tidleg opp og mønstra hæren. Så fór han og dei eldste i Israel i brodden for hæren opp mot Ai. 11Heile hæren som var med han, rykte fram til dei kom så nær at dei hadde byen rett framfor seg. Dei slo leir nord for Ai, med ein dal mellom seg og byen. 12Så tok Josva om lag fem tusen mann og la dei i bakhald vest for Ai, mellom Betel og Ai. 13Hæren stilte seg opp med ei avdeling nord for byen og ei i bakhald vest for byen. Den natta gjekk Josva ned i dalen.
14 # 8,14 Araba-sletta dalsøkket der Jordan og Daudehavet ligg. Då kongen i Ai såg dette, rykte mennene i byen raskt ut for å møta israelittane i strid tidleg om morgonen. Kongen og heile hæren hans drog ut til samlingsplassen rett imot Araba-sletta. Han visste ikkje at det låg folk i bakhald på den andre sida av byen. 15Josva og heile Israel lét som om dei vart slegne, og rømde føre dei mot ørkenen. 16Alt mannskapet i byen var kalla ut for å forfølgja dei. Dei sette etter Josva og vart lokka bort frå byen. 17Ikkje éin mann vart att i Ai; alle drog ut etter israelittane. Dei lét byen liggja open og forfølgde Israel.
18Då sa Herren til Josva: «Rett sabelen du har i handa, ut mot Ai! For no gjev eg byen i dine hender.» Josva rette sabelen han hadde i handa, ut mot byen. 19I det same han rette handa ut, kom dei raskt fram frå gøymestaden sin, dei som låg i bakhald, og storma inn i byen. Dei tok byen og sette han straks i brann. 20Då mennene frå Ai snudde seg, fekk dei sjå røyken frå byen stiga opp mot himmelen. Men dei hadde ingen stad å rømma, korkje hit eller dit, for hæren som hadde rømt ut i ørkenen, vende seg no mot forfølgjarane. 21Då Josva og alle israelittane såg at dei som låg i bakhald, hadde teke byen, og at det steig røyk opp frå han, snudde dei og gjekk til åtak på mennene frå Ai. 22Dei andre rykte ut mot dei frå byen. Dei var omringa av israelittar, både frå den eine og frå den andre kanten. Dei hogg dei ned slik at ingen overlevde eller slapp unna. 23Men kongen i Ai vart fanga levande, og dei førte han til Josva.
24Då israelittane hadde drepe alle innbyggjarane i Ai ute på sletta i ørkenen, dit dei hadde følgt etter dei, og alle som ein hadde falle for sverd, vende israelittane attende til Ai og hogg ned dei som var att der. 25Den dagen fall det i alt tolv tusen, både menn og kvinner, alle som budde i Ai. 26#2 Mos 17,11f Josva tok ikkje til seg den utstrekte handa med sabelen før han hadde slege alle innbyggjarane i Ai med bann. 27#8,2 Men feet og det dei hadde plyndra til seg i byen, tok israelittane med som hærfang, slik Herren hadde bode Josva. 28Josva brende Ai og lét han liggja som ein ruinhaug for alle tider, ein aud stad slik han er den dag i dag. 29#5 Mos 21,22f; Jos 7,26; 10,26f Kongen i Ai hengde han opp på ein trepåle og lét han hanga der til kvelds. Då sola gladde, baud Josva dei å ta liket ned frå trepålen. Dei slengde liket midt framfor byporten, og over liket la dei opp ei stor steinrøys, som ligg der den dag i dag.
Lova blir lesen på Ebal-fjellet
30På den tid bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebal-fjellet, 31#2 Mos 20,25; 5 Mos 27,5f slik Moses, Herrens tenar, hadde sagt israelittane føre, slik det står skrive i lovboka til Moses: eit altar av heile steinar som det ikkje hadde vore brukt jern på. På dette la dei brennoffer for Herren og slakta fredsoffer. 32#5 Mos 27,2f På steinane gjorde Josva ei avskrift av den lova som Moses hadde skrive framfor auga til israelittane.
33 # 5 Mos 11,29; 27,12f Heile Israel, både innflyttarar og fødde israelittar, stod saman med dei eldste blant folket, tilsynsmenn og dommarar på begge sider av kista, midt imot levittprestane som bar Herrens paktkiste. Halvparten stod vend mot Garisim-fjellet og halvparten mot Ebal-fjellet, slik Moses, Herrens tenar, ein gong hadde sagt at det skulle vera når velsigninga vart lyst over Israel. 34#5 Mos 27,14–28,68 Deretter las Josva opp alt som stod i lova, både velsigninga og forbanninga, nett slik som det står skrive i lovboka. 35Ikkje eitt ord av alt det som Moses hadde sagt føre, utelét Josva då han las det opp for heile Israels forsamling og for kvinnene, borna og dei innflyttarane som budde iblant dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk