Josva 7
N11NN
7
Akan og nederlaget ved Ai
1 # 3 Mos 27,21+; 5 Mos 13,17f; Jos 22,20; 1 Krøn 2,7 Men israelittane var trulause og tok for seg av det bannlyste godset: Akan, son til Karmi, son til Sabdi, son til Serah frå Juda-stammen, tok av det. Då flamma Herrens vreide opp mot israelittane.
2 # 7,2 Bet-Aven Namnet tyder «vondskapens hus», ei forvansking av Betel, «Guds hus». Josva sende nokre menn frå Jeriko til Ai, som ligg ved Bet-Aven, aust for Betel. Han sa til dei at dei skulle dra opp og spionera i landet. Og mennene drog opp og spionerte i Ai. 3Då dei kom tilbake til Josva, sa dei til han: «Ikkje send heile hæren! La to eller tre tusen mann dra opp og ta Ai. Ikkje slit ut heile hæren, for det bur så få der.» 4Så drog om lag tre tusen mann av hæren dit. Men dei måtte rømma for folket i Ai, 5som drap om lag trettiseks av dei. Dei forfølgde dei frå byporten heilt til steinbrota og drap dei på vegen nedover. Då smelta hjartet til folket bort og vart som vatn.
6 # 1 Mos 37,34; 1 Sam 4,12 # 7,6 reiv sund kleda, jord på hovudet teikn på sorg. Jf. 1 Mos 37,29; Job 2,12. =sørgjeskikkar. Josva reiv sund kleda sine og kasta seg ned med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste og vart liggjande heilt til kvelds, han og dei eldste i Israel. Dei strødde jord på hovudet. 7#2 Mos 32,11ff Og Josva sa: «Å, Gud, min Herre! Kvifor førte du dette folket over Jordan? Var det for å gje oss over i hendene på amorittane og utsletta oss? Gjev vi hadde vorte verande på den andre sida av Jordan! 8Høyr meg, Herre! Kva skal eg seia no når Israel har måtta snu ryggen til fienden og rømma? 9Når kanaanearane og alle dei andre som bur her i landet, får høyra om dette, kjem dei til å omringa oss og utsletta namna våre frå jorda. Kva vil du då gjera for ditt store namn?»
10Då sa Herren til Josva: «Reis deg opp! Kvifor ligg du slik med andletet mot jorda? 11Israel har synda! Dei har brote den pakta eg baud dei å halda, dei har teke av det bannlyste godset, dei har stole det og gøymt det bort innimellom sine eigne ting. 12Difor kan ikkje israelittane stå seg mot fiendane. Dei må snu ryggen til dei og rømma fordi dei sjølve har vorte slegne med bann. Eg vil ikkje vera med dykk dersom de ikkje øydelegg det bannlyste godset som finst hos dykk. 13#3,5 Reis deg og gjer folket reint og heilagt! Du skal seia: Helga dykk til i morgon! For så seier Herren, Israels Gud: Du har bannlyst gods hos deg, Israel. Du kan ikkje stå deg mot fiendane før de har kvitta dykk med det bannlyste godset. 14I morgon tidleg skal de stiga fram, stamme for stamme. Den stammen som Herren tek ut, skal stiga fram, slekt for slekt. Den slekta som Herren tek ut, skal stiga fram, familie for familie. Og den familien Herren tek ut, skal stiga fram, mann for mann. 15#5 Mos 13,16f Den som blir teken med bannlyst gods, skal brennast med eld, han og alt som høyrer han til. For han har brote Herrens pakt og gjort ei skammeleg gjerning i Israel.»
16 # 1 Sam 14,41 Neste morgon stod Josva tidleg opp og lét Israel stiga fram, stamme for stamme. Og Juda-stammen vart teken ut. 17#4 Mos 26,20 Han lét då slektene i Juda stiga fram, og Serah-slekta vart teken ut. Så lét han Serah-slekta stiga fram, familie for familie, og Sabdis familie vart teken ut. 18Til slutt lét han Sabdis familie stiga fram, mann for mann, og Akan vart teken ut. Han var son til Karmi, son til Sabdi, son til Serah av Juda-stammen.
19Då sa Josva til Akan: «Son min, gjev Herren, Israels Gud, ære, og takk han! Fortel meg kva du har gjort, og gøym ikkje noko for meg.» 20Akan svara: «Det er sant, eg har synda mot Herren, Israels Gud. Dette har eg gjort: 21Blant hærfanget såg eg ei dyr kappe frå Sjinar, to hundre sjekel sølv og ein gullbarre på femti sjekel. Eg fekk lyst på dette og tok det. No ligg det gøymt i jorda under teltet mitt; sølvet ligg underst.»
22Då sende Josva nokre menn av stad, og dei sprang bort til teltet. Byttet var gøymt i teltet, og sølvet låg underst. 23Dei tok det med seg frå teltet og bar det til Josva og alle israelittane og tømde det ut framfor Herrens andlet. 24#7,24 Akor-dalen truleg ein aud dal nordvest for Daudehavet. Namnet minner om eit hebr. ord, akar, som tyder «å skada» eller «å valda ulukke». Josva og heile Israel tok Akan, Serahs son, saman med sølvet, kappa og gullbarren, med søner og døtrer, storfe, esel og småfe, teltet og alt han eigde, og dei førte det opp til Akor-dalen. 25Og Josva sa: «For ei ulukke du har ført over oss! I dag skal Herren føra ulukke over deg.» Og heile Israel steina han. Dei brende og steina alt og alle. 26#15,7; 2 Sam 18,17 Så kasta dei opp ei stor steinrøys over han, og ho ligg der den dag i dag. Då vende Herren om frå sin brennande vreide.
Difor blir denne staden kalla Akor-dalen den dag i dag.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk