Josva 6
N11NN
6
Israelittane går inn i Jeriko
1Jeriko var lukka og stengd for israelittane. Ingen gjekk ut, og ingen gjekk inn. 2#5 Mos 3,2; Jos 8,1; 10,8; 21,44; Dom 1,2 Men Herren sa til Josva: «Sjå, eg gjev Jeriko med kongen og dei modige krigarane hans i dine hender. 3De skal omringa byen; alle krigarane skal gå rundt byen éin gong. Det skal du gjera i seks dagar. 4#4 Mos 10,8f Sju prestar skal bera sju bukkehorn føre paktkista. På den sjuande dagen skal de gå sju gonger rundt byen, og prestane skal blåsa i bukkehorna. 5Når hornet læt, når de høyrer lyden frå bukkehorna, skal heile folket setja i eit høgt rop. Då skal bymuren rasa saman, så kvar og ein kan gå rett inn i byen.»
6Josva, son til Nun, kalla prestane til seg og sa: «Lyft opp paktkista. Sju prestar skal bera sju bukkehorn føre Herrens kiste.» 7Til folket sa han: «Gå rundt byen! Krigarane skal gå føre Herrens kiste.» 8Då Josva hadde tala til folket, gjekk dei sju prestane som bar dei sju bukkehorna, framfor Herren og bles i horna, medan Herrens paktkiste følgde etter dei.
9Krigarane gjekk føre prestane som bles i horna, og baktroppen følgde etter kista. Dei gjekk, og horna ljoma. 10Josva hadde bode folket: «Rop ikkje krigsrop, gjev ikkje lyd frå dykk og la ikkje eit ord koma frå munnen dykkar før den dagen eg seier at de skal ropa! Då skal de gjera det.» 11Så lét han Herrens paktkiste bli ført éin gong rundt byen. Sidan gjekk dei tilbake til leiren og overnatta der.
12Neste morgon stod Josva tidleg opp, og prestane lyfte opp Herrens kiste. 13Dei sju prestane som bar dei sju bukkehorna, gjekk framfor Herrens kiste og bles i horna heile tida. Krigarane gjekk føre dei, baktroppen følgde etter Herrens kiste, og horna ljoma heile tida. 14Dei gjekk éin gong rundt byen denne andre dagen og vende så attende til leiren. Dette gjorde dei i seks dagar.
15Den sjuande dagen stod dei opp ved daggry og gjekk på same måten rundt byen, sju gonger. Det var berre den dagen dei gjekk sju gonger rundt byen. 16Den sjuande gongen prestane bles i horna, sa Josva til folket: «Rop! For Herren har gjeve dykk byen. 17#5 Mos 20,16f; Jos 2,4ff Byen og alt som er i han, skal vera bannlyst og høyra Herren til. Berre den prostituerte Rahab og alle som er i huset hennar, skal få leva fordi ho løynde mennene vi sende ut. 18#3 Mos 27,28; 1 Sam 15,14ff Pass dykk for det som er bannlyst, så de ikkje blir freista til å ta av det. For då blir Israels leir òg bannlyst, og de fører ulukke over han. 19Alt sølv og gull og alle ting av kopar og jern skal gjerast heilagt for Herren og koma i Herrens skattkammer.»
20 # Hebr 11,30 Folket ropa medan prestane bles i bukkehorna. Med det same folket høyrde lyden frå horna, sette dei i eit høgt rop. Muren rasa saman, og kvar og ein gjekk rett inn i byen. Så tok dei byen. 21#6,21 slo … med bann =bann. Alt som var i byen, både menn og kvinner, unge og gamle, storfe, småfe og esel, slo dei med bann og hogg ned med sverd.
22 # 2,12ff Til dei to mennene som hadde spionert i landet, sa Josva: «Gå inn i huset til den prostituerte kvinna. Før henne ut saman med alle som høyrer henne til, slik de med eid har lova henne.» 23Då gjekk dei unge spionane og henta ut Rahab og far og mor hennar og brørne og alle som høyrde henne til. Alle slektningane hennar førte dei ut og lét dei få slå seg ned utanfor leiren til Israel. 24Men byen og alt som var i han, brende dei opp. Berre sølvet og gullet og tinga av kopar og jern la dei i skattkammeret i Herrens hus. 25Josva lét den prostituerte Rahab, familien hennar og alle som høyrde henne til, få leva. Familien hennar bur blant israelittane den dag i dag fordi ho løynde mennene som Josva hadde sendt for å spionera i Jeriko.
26 # 1 Kong 16,34 Den gongen lét Josva folket sverja denne eiden: «Forbanna for Herrens andlet er den som prøver å byggja opp att denne byen, Jeriko. Når han legg grunnvollen, skal det kosta han den førstefødde, og når han reiser porten, skal han mista den yngste.»
27Og Herren var med Josva, og gjetordet om han gjekk over heile landet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk