Josva 5
N11NN
5
1 # 2,11 Då alle amorittkongane på vestsida av Jordan og alle kanaanearkongane ute ved havet høyrde at Herren hadde tørka ut vatnet i Jordan til israelittane hadde kome seg over, smelta hjartet deira bort, og dei mista motet på grunn av israelittane.
Omskjering og påskefeiring i Gilgal
2På den tida sa Herren til Josva: «Lag deg nokre flintknivar og omskjer israelittane på nytt.» 3#5,3 Haaralot-høgda Namnet tyder «Forhud-haugen». Då laga Josva flintknivar og omskar israelittane ved Haaralot-høgda. 4#4 Mos 14,22f Dette er grunnen til at Josva omskar dei: Heile folket som drog frå Egypt, det vil seia mennene, alle krigarane, hadde døydd i ørkenen på veg ut frå Egypt. 5Alle som drog ut, var omskorne, men ingen av dei som var fødde på ferda gjennom ørkenen etter at dei drog ut frå Egypt, hadde vorte omskorne. 6#2 Mos 3,8; 4 Mos 14,23.30.33; 5 Mos 2,14 I førti år gjekk israelittane omkring i ørkenen, til alle krigarane som hadde drege ut frå Egypt, var døde. Dei ville ikkje lyda Herrens ord. Difor svor Herren at han ikkje ville la dei få sjå det landet han med eid hadde lova fedrane deira å gje oss, eit land som fløymer med mjølk og honning. 7Det var sønene deira, som Herren hadde late veksa opp i deira stad, Josva omskar. Dei hadde forhud, sidan dei ikkje hadde vorte omskorne på ferda. 8Då så heile folket var omskore, heldt dei seg i ro i leiren til dei vart friske att. 9#2 Mos 32,12; 4 Mos 14,15f; 5 Mos 9,28#5,9 Gilgal >4,19.Herren sa til Josva: «I dag har eg velta vanæra frå Egypt av dykk.» Difor vart staden kalla Gilgal, og det heiter han den dag i dag.
10 # 2 Mos 12,1ff; 5 Mos 16,1ff # 5,10 i månaden i nisan, den første månaden. Jf. 4,19. =tidsrekning. Medan israelittane låg i leir ved Gilgal, heldt dei påske der på Jeriko-slettene, om kvelden den fjortande dagen i månaden. 11#2 Mos 12,15ff Og dagen etter påske, akkurat den dagen, åt dei av grøda i landet: usyra brød og rista korn. 12#2 Mos 16,35 Frå den dagen vart det slutt på mannaen. Sidan israelittane no kunne eta av grøda i landet, fekk dei ikkje meir manna. Det året åt dei av avlinga frå Kanaans land.
Mannen med sverdet
13 # 4 Mos 22,23; 1 Krøn 21,16 Ein gong Josva var ved Jeriko, hende dette: Best han såg opp, fekk han auge på ein mann som stod beint framfor han med eit drege sverd i handa. Josva gjekk bort til han og sa: «Er du med oss eller med fiendane våre?» 14#2 Mos 23,20; 5 Mos 33,2; Dom 5,20; Dan 12,1; Sak 9,14 Mannen sa: «Nei, eg er føraren for Herrens hær. No er eg komen.» Då fall Josva ned med andletet mot jorda og sa: «Kva har herren min å seia tenaren sin?» 15#2 Mos 3,5 Føraren for Herrens hær svara Josva: «Ta skorne av føtene, for staden du står på, er heilag.» Det gjorde Josva.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk