Josva 3

3
Israelittane går over Jordan
1Tidleg neste morgon braut Josva og alle israelittane opp frå Sjittim, og dei kom til Jordan. Der slo dei leir før dei kryssa elva. 2#1,11 Etter tre dagar gjekk tilsynsmennene gjennom leiren 3og gav folket dette påbodet: «Når de ser at levittprestane lyfter opp paktkista til Herren dykkar Gud, skal de bryta opp og følgja etter henne. 4#3,4 to tusen alner ca. 1000 m. Kom … nær Paktkista var heilag, difor var det farleg å røra henne. Jf. 2 Sam 6,6f. Men hald ein avstand på om lag to tusen alner. Kom henne ikkje for nær! Slik kan de vita kva veg de skal gå, for de har aldri gått den vegen før.»
5 # 2 Mos 19,10f Josva sa til folket: «Gjer dykk reine og heilage! For i morgon vil Herren gjera under blant dykk.» 6#4 Mos 4,15; 5 Mos 31,24ff Og til prestane sa han: «Lyft opp paktkista og gå over elva føre folket!» Då lyfte dei paktkista opp og gjekk føre folket.
7 # 1,5; 4,14 Herren sa til Josva: «Frå i dag vil eg gjera deg stor i auga til heile Israel, så dei skal forstå at eg er med deg slik eg var med Moses. 8Du skal seia til prestane som ber paktkista, at dei skal stansa ved elvebredda når dei kjem til Jordan.» 9Josva sa til israelittane: «Kom hit og høyr orda frå Herren dykkar Gud!» 10#4 Mos 33,51f; 5 Mos 7,1 Josva sa: «Av dette skal de skjøna at den levande Gud er midt iblant dykk, og at han for dykkar skuld vil ta landet frå kanaanearane og hetittane, hevittane, perisittane, girgasjittane, amorittane og jebusittane: 11Paktkista til han som er herre over heile jorda, skal gå føre dykk over Jordan. 12#4,2f Vel no ut tolv menn frå stammane i Israel, ein frå kvar stamme. 13#2 Mos 15,8; Sal 78,13; 114,3 Når prestane som ber kista for Herren, som er herre over heile jorda, set føtene ned i vatnet i Jordan, då skal vatnet i elva renna bort, og det som strøymer til ovanfrå, skal stå som ein voll.»
14Folket braut opp frå telta sine for å gå over Jordan, og prestane som bar paktkista, gjekk føre folket. 15#3,15 innhaustingstida I Jordan-dalen vart bygget moge alt i april. Då fløymde elva etter vinterregnet og snøsmeltinga på Hermon-fjellet. Jf. 4,19, «den første månaden». Jordan fløymer over sine bredder i heile innhaustingstida. Men då prestane som bar kista, kom fram til Jordan og braut vassflata med føtene, 16#2 Mos 14,21f stansa vatnet som strøymde til ovanfrå, og reiste seg som ein voll oppe ved Adam, den byen som ligg i nærleiken av Saretan, medan det vatnet som rann ned i Araba-sjøen, som blir kalla Saltsjøen, vart heilt borte. Folket kryssa elva rett imot Jeriko. 17Prestane som bar Herrens paktkiste, vart ståande trygt på den tørre botnen midt i Jordan medan alle israelittane gjekk tørrskodde over, heilt til alt folket var kome over Jordan.

Markert nå:

Josva 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring