Josva 13

13
Land som endå ikkje var teke
1Josva var no gammal og langt oppi åra. Herren sa til han: «Du er no gammal og langt oppi åra, men enno er det mykje land som står att å ta. 2#13,2 landområda til … gesjurittane her ikkje aramearriket Gesjur, som i v. 11 og 13, men eit område i Negev, sør for byane til filistrane. Dette er dei landområda som står att: alle landområda til filistrane og gesjurittane, 3frå Sjihor ved Egypt til Ekrons grense i nord – dette blir rekna som kanaaneisk og høyrer til dei fem byhovdingane til filistrane i Gaza, Asjdod, Asjkalon, Gat og Ekron – dessutan landet til avittane 4i sør, og heile kanaanearlandet og Meara, som høyrer til sidonarane, til Afek, til grensa mot landet til amorittane; 5#13,5 gebalittane innbyggjarane i Byblos, hebr. Gebal, ein kjend fønikisk by. vidare landet til gebalittane og heile Libanon austover frå Baal-Gad ved foten av Hermon-fjellet til Lebo-Hamat. 6#1,6; 14,3; 17,4.14; 19,49 For israelittane si skuld skal eg ta landet frå sidonarane, alle dei som bur i fjellandet frå Libanon til Misrefot-Majim. Lat Israel få landet i arv slik eg har bode deg. 7No skal du fordela dette landet som arv til dei ni stammane og halve stammen til Manasse.»
Landet aust for Jordan
Den andre halvparten av stammen til Manasse, saman med 8#4 Mos 32,33ff; 5 Mos 3,12ff rubenittane og gadittane, hadde alt teke sin eigedom, det som Moses gav dei på austsida av Jordan. Dette hadde Moses, Herrens tenar, gjeve dei: 9landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, byen midt i dalen og heile høgsletta frå Medeba til Dibon, 10#5 Mos 2,26ff og alle byane som hadde tilhøyrt amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon, heilt til grensa mot ammonittane; 11og så Gilead, landet til gesjurittane og maakatittane, heile Hermon-fjellet og Basan like til Salka, 12#5 Mos 3,1ff heile riket til Basan-kongen Og, som styrte i Asjtarot og Edre'i. Han var den siste som var att av refaittane. Moses hadde slege dei og teke landet deira. 13Men israelittane tok ikkje landet frå gesjurittane og maakatittane. Dei bur midt i Israel den dag i dag. 14#3 Mos 7,29ff; 4 Mos 18,20; 5 Mos 10,9; Jos 18,7 Det var berre stammen til Levi Moses ikkje gav nokon eigedom. Gåveoffera til Herren, Israels Gud, er deira eigedom, slik som han hadde sagt dei.
15Moses gav land til Ruben-stammen, slekt for slekt. 16Dei fekk området frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, og byen midt i dalen, heile høgsletta til Medeba, 17Hesjbon med alle byane på sletta: Dibon, Bamot-Baal, Bet-Baal-Meon, 18Jahsa, Kedemot, Mefaat, 19Kirjatajim, Sibma, Seret-Hasjahar på høgda i dalen, 20Bet-Peor, Pisga-liene og Bet-Jesjimot, 21#4 Mos 31,8 og alle dei andre byane på høgsletta, heile det riket som høyrde til amorittkongen Sihon, han som styrte i Hesjbon. Moses hadde slege han og midjanittfyrstane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba, vasallfyrstar under Sihon, som hadde sete i landet. 22#4 Mos 22,2ff Israelittane drap òg spåmannen Bileam, son til Beor, med sverd, saman med alle dei andre. 23Jordan var grensa for området til rubenittane. Dette var eigedomen til rubenittane, slekt for slekt, med byar og landsbyar.
24Moses gav land til Gad-stammen, altså gadittane, slekt for slekt. 25Dei fekk området Jaser, alle byane i Gilead og halvparten av landet til ammonittane heilt til Aroer, som ligg midt imot Rabba, 26området frå Hesjbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahanajim til Debir-distriktet, 27#5 Mos 3,17 og i dalen fekk dei Bet-Haram, Bet-Nimra, Sukkot og Safon, det som var att av riket til Sihon, kongen i Hesjbon. Jordan utgjorde grensa, frå enden av Kinneret-sjøen, aust for Jordan. 28Det var landet til gadittane, slekt for slekt, med byar og landsbyar.
29Moses gav land til halvparten av stammen til Manasse, halve Manasse-stammen, slekt for slekt. 30#5 Mos 3,4.14 Området deira strekte seg frå Mahanajim og omfatta heile Basan, heile riket som hadde tilhøyrt Og, kongen i Basan, og alle teltbyane i Ja'ir i Basan, seksti byar i alt, 31og halve Gilead og Asjtarot og Edre'i, kongsbyane til Og i Basan. Dette fekk etterkomarane til Makir, son til Manasse, halvparten av makirittane, slekt for slekt.
32Dette var eigedomane Moses fordelte på slettene i Moab, på den andre sida av Jordan, aust for Jeriko. 33Men Moses gav ingen eigedom til Levi-stammen. Herren, Israels Gud, er deira arv, slik som han hadde sagt dei.

Markert nå:

Josva 13: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring