Josva 10

10
Josva vinn over fem amorittkongar
1 # 8,26ff; 9,15 # 10,1 slege … med bann =bann. Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk høyra at Josva hadde teke Ai og slege byen med bann, at han hadde gjort det same med Ai og kongen der som han hadde gjort med Jeriko og kongen der, og at innbyggjarane i Gibeon hadde slutta fred med israelittane og budde midt iblant dei. 2Då vart han livande redd. For Gibeon var ein stor by, like stor som ein av kongebyane, større enn Ai, og alle mennene der var modige krigarar. 3Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, sende difor bod til Hoham, kongen i Hebron, til Piram, kongen i Jarmut, til Jafia, kongen i Lakisj, og til Debir, kongen i Eglon, og sa: 4«Kom opp og hjelp meg så vi kan slå Gibeon. For dei har slutta fred med Josva og israelittane.» 5Dei fem amorittkongane, kongane i Jerusalem, Hebron, Jarmut, Lakisj og Eglon, samla seg då og drog dit opp med hærane sine. Dei kringsette Gibeon og gjekk til åtak på byen.
6Då sende mennene i Gibeon bod til Josva i leiren ved Gilgal og sa: «Slå ikkje handa av tenarane dine! Skund deg opp, berg oss og hjelp oss! For alle amorittkongane som bur i fjellandet, har slege seg saman mot oss.» 7Josva drog då opp frå Gilgal med heile hæren, alle dei modige krigarane.
8 # 6,2+ Herren sa til Josva: «Ver ikkje redd dei, eg gjev dei over i dine hender! Ikkje ein av dei skal greia å stå imot deg.» 9Josva kom uventa på dei; heile natta hadde han marsjert frå Gilgal. 10#2 Mos 23,27Herren spreidde uro i rekkjene då israelittane kom, og dei gav fienden eit stort nederlag ved Gibeon. Sidan forfølgde israelittane dei på vegen oppover mot Bet-Horon, heilt til Aseka og Makkeda, og hogg dei ned. 11#2 Mos 9,18.23f Då dei hadde rømt for israelittane og var komne til bakken ned frå Bet-Horon, kasta Herren store steinar ned frå himmelen, heile vegen til Aseka, så dei døydde. Dei som vart drepne av haglsteinane, var fleire enn dei som israelittane drap med sverd.
12På den dagen då Herren gav amorittane i israelittane si hand, tala Josva til Herren. Han sa framfor israelittane:
«Sol, stå stille i Gibeon,
måne, i Ajjalons dal!»
13 # 2 Sam 1,18; 2 Kong 20,10f; Jes 28,21; 38,8 Då stod sola stille og månen stansa til folket fekk teke hemn over fiendane sine.
Slik står det skrive i «Boka til den rettvise». Sola stansa midt på himmelen, og ho skunda seg ikkje med å gå ned før ein heil dag var til ende. 14#2 Mos 14,14 Aldri, korkje før eller sidan, har det vore ein dag som denne, då Herren bønhøyrde ein mann slik. For Herren førte krig for Israel. 15Så drog Josva og heile Israel med han tilbake til leiren ved Gilgal.
16Men dei fem kongane rømde og gøymde seg i hòla ved Makkeda. 17Då Josva fekk vita at dei fem kongane var funne, og at dei hadde gøymt seg i hòla ved Makkeda, 18sa han: «Velt store steinar framfor inngangen til hòla og set nokre menn til å halda vakt der. 19Men sjølve må de ikkje bli verande der. Set etter fiendane og hogg dei ned. Lat dei ikkje koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud har overgjeve dei i dykkar hender.»
20Josva og israelittane gav dei eit stort nederlag og gjorde ende på dei; berre nokre få overlevde og kom seg inn i festningsbyane. 21#2 Mos 11,7 Så drog heile hæren uskadd tilbake til Josva i leiren ved Makkeda. Ingen våga å bruka skarpe ord mot israelittane.
22Så sa Josva: «Opna inngangen og før desse fem kongane ut av hòla til meg.» 23Dei så gjorde; dei førte dei fem kongane ut til han frå hòla: kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon. 24Då dei hadde ført kongane ut til Josva, kalla han alle mennene i Israel til seg og sa til hærførarane som hadde følgt han: «Kom hit og set foten på nakken til desse kongane!» Og dei kom fram og sette foten på nakken deira. 25Josva sa til dei: «Ver ikkje redde og mist ikkje motet! Ver modige og sterke! For slik vil Herren gjera med dei fiendane de kjem i strid med.»
26 # 8,29 Deretter hogg Josva dei ned. Han drap dei og hengde dei opp på fem trepålar, og der vart dei hangande til kvelds. 27Ved solnedgang baud Josva å ta dei ned frå pålane og kasta dei inn i hòla der dei hadde gøymt seg. Dei la store steinar framfor opninga til hòla, og der ligg dei den dag i dag.
Israel tek land i sør
28Same dagen tok Josva også Makkeda og hogg ned kongen og alle i byen med sverd. Han slo byen med bann og utsletta alt levande der. Han lét ingen overlevande vera att. Med kongen i Makkeda gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
29Frå Makkeda drog Josva med heile Israel til Libna, og han gjekk til åtak på byen. 30Herren gav også Libna og kongen der i Israels hender. Josva hogg ned folket og alt levande i byen med sverd. Han lét ingen overlevande vera att. Med kongen gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
31Frå Libna drog Josva med heile Israel vidare til Lakisj. Han kringsette byen og gjekk til åtak på han. 32Herren gav Lakisj i hendene på israelittane, og neste dag tok dei byen. Dei hogg ned folket og alt levande i byen med sverd, som dei hadde gjort i Libna. 33Då drog Horam, kongen i Geser, opp for å hjelpa Lakisj. Men Josva slo både han og hæren hans; han lét ingen overlevande vera att.
34Frå Lakisj drog Josva med heile Israel vidare til Eglon. Dei kringsette byen og gjekk til åtak på han. 35Den dagen tok dei byen og hogg alle ned med sverd. På denne dagen slo dei alt levande i byen med bann, slik dei hadde gjort i Lakisj.
36Frå Eglon drog Josva med heile Israel vidare opp til Hebron og gjekk til åtak på byen. 37Dei tok han og hogg alle ned med sverd. Dei hogg ned kongen i byen og folket i alle byane som høyrde Hebron til, alt levande. Han lét ingen overlevande vera att. På same måten som dei hadde gjort med Eglon, slo dei byen med bann og utsletta alt som levde der.
38Josva med heile Israel vende seg no mot Debir. Dei gjekk til åtak på byen 39og tok han. Kongen der og folket i alle byane som høyrde Debir til, hogg dei ned med sverd. Dei slo alt levande med bann; han lét ingen overlevande vera att. Slik dei hadde gjort med Hebron og med Libna og kongen der, gjorde dei no med Debir og kongen der.
40 # 5 Mos 20,16; Jos 11,11.14.16 Josva tok heile landet, både fjellandet, Negev, låglandet og liene og alle kongane der. Han lét ingen overlevande vera att. Alt levande slo han med bann, slik Herren, Israels Gud, hadde sagt han føre. 41#10,41 Gosen her eit område i søre delen av Juda. Jf. 11,16. Josva tok alt landet frå Kadesj-Barnea til Gaza og heile Gosen-landet til Gibeon. 42I eitt og same felttog slo han alle kongane der og tok landet deira. For Herren, Israels Gud, kjempa for Israel. 43Så vende Josva med heile Israel attende til leiren ved Gilgal.

Markert nå:

Josva 10: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring