Josva 1
N11NN
1
Josva blir leiar
1 # 2 Mos 14,31; 4 Mos 12,7f; 27,18ff; 5 Mos 31,7.23; 34,5.9; Jos 1,7 Då Moses, Herrens tenar, var død, sa Herren til medhjelparen hans, Josva, son til Nun: 2«Moses, tenaren min, er død. Gjer deg no klar til å gå over Jordan, du og heile dette folket, inn i det landet som eg vil gje til dei, til israelittane. 3#5 Mos 11,24f; Jos 14,9 Kvar stad de trør, gjev eg dykk, slik som eg lova Moses. 4#1,4 frå … Eufrat >1 Mos 15,18. Området dykkar skal strekkja seg frå ørkenen og Libanon til den store elva Eufrat, heile hetittlandet, og heilt til Storhavet, der sola går ned. 5#5 Mos 7,24; 20,1; 31,8.23 Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg slik eg var med Moses. Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. 6#5 Mos 1,38; 3,28; 31,7f; Jos 19,51 Ver modig og sterk! For du skal gjera dette folket til eigar av det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei. 7#5 Mos 5,32f Ver berre modig og sterk, så du trufast følgjer heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje frå henne, verken til høgre eller venstre, så skal du ha framgang overalt der du går. 8#5 Mos 17,18ff; Sal 1,2f Denne lova skal du alltid ha på leppene dine. Les frå lovboka dag og natt, så du trufast følgjer alt som er skrive der. Då skal du ha framgang der du ferdast, og alt skal lukkast for deg. 9#5 Mos 1,29f; 7,21; Jes 41,10+ Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»
10 # 5 Mos 16,18 Då gav Josva tilsynsmennene i folket dette påbodet: 11#5 Mos 1,21; 11,31 «Gå gjennom leiren og sei til folket: Gjer i stand forsyningar til reisa! For om tre dagar skal de gå over Jordan og ta det landet som Herren dykkar Gud gjev dykk i eige.»
12Til rubenittane, gadittane og halve stammen til Manasse sa Josva: 13#4 Mos 32; 5 Mos 3,12ff «Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, baud dykk då han sa: Herren dykkar Gud gjev dykk dette landet og lèt dykk finna kvile. 14Kvinnene og borna og buskapen skal vera att i det landet Moses har gjeve dykk på austsida av Jordan. Men alle de modige krigarar skal kryssa Jordan fullt rusta og gå føre brørne dykkar og hjelpa dei. 15#5 Mos 12,10; 25,19; 1 Kong 5,3f Først når Herren lèt dei finna kvile slik som de, og dei har lagt under seg det landet som Herren dykkar Gud vil gje dei, kan de venda attende og ta dykkar eige land i eige, det som Moses, Herrens tenar, har gjeve dykk på austsida av Jordan, der sola står opp.»
16Då svara dei Josva: «Alt det du har bode oss, skal vi gjera, og kvar du så sender oss, vil vi gå. 17Slik vi lydde Moses, vil vi lyda deg. Måtte berre Herren din Gud vera med deg slik han var med Moses. 18#5 Mos 17,12 Kvar den som set seg opp mot deg og ikkje høyrer på det du seier, same kva du byd han, han skal døy. Ver berre modig og sterk!»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk