Job 9

9
Job: Han ler når uskuldige fortvilar
1Job tok til ords og sa:
2 # 4,17+ Eg veit godt korleis det er.
Kan eit menneske ha rett mot Gud?
3Ville det føra sak mot han,
så kunne det ikkje svara på eit einaste ord av tusen.
4Djup er hans visdom, og stor er hans kraft.
Kven trassar han og slepp frå det?
5Han flytter fjell før dei veit av det,
velter dei i sin vreide.
6 # Joel 2,10; Op 6,12 # 9,6 søylene hennar Tanken er at jorda står på søyler som går ned i urhavet. Jf. 1 Sam 2,8; Sal 75,4; 104,5. Han rister jorda ut av lage,
søylene hennar skjelv.
7Han byd sola at ho ikkje skal gå opp,
og set segl for stjernene.
8 # Sal 104,2; Jes 42,5; Matt 14,22–33 Han åleine spente himmelen ut
og gjekk på havsens bølgjer.
9 # 38,31f; Am 5,8 Han skapte Bjørnen og Orion,
Sjustjerna og stjernebileta på sørhimmelen.
10 # Job 5,9 Han gjer storverk ingen kan granska,
og under ingen kan telja.
11 # 23,8f Han går forbi meg, eg ser det ikkje.
Han fer framom, eg merkar han ikkje.
12 # 11,10; 23,13 Han riv bort, kven kan hindra han?
Kven kan seia til han: «Kva er det du gjer?»
13 # Sal 89,11 # 9,13 Rahab her truleg ei øydeleggjande makt, eit av havuhyra. >7,12. =havet. Gud held ikkje att sin vreide,
sjølv Rahabs hjelparar må bøya seg for han.
14 # Rom 9,20 Skulle vel eg kunna svara,
velja mine ord mot han?
15Sjølv om eg hadde rett, kunne eg ikkje svara;
eg måtte be dommaren min om nåde.
16Sjølv om eg utfordra og han måtte svara,
trur eg ikkje han ville ha lytta til meg,
17 # 38,1 han som knuser meg i stormen,
gjev meg sår på sår utan grunn,
18nektar meg å dra pusten,
fyller meg med bitter smerte.
19 # Fork 6,10 Gjeld det styrke, så har han den.
Gjeld det rett, kan han seia: «Kven stemner meg?»
20Sjølv om eg har rett, erklærer min munn meg skuldig.
Er eg uskuldig, dømmer han meg som falsk.
21Eg er uskuldig, men kjennest ikkje ved meg sjølv,
eg foraktar mitt eige liv.
22 # Fork 9,2f Det går ut på eitt. Difor seier eg:
Uskuldig eller skuldig – han utslettar begge.
23Han sender ein flaum av brå død,
spottar når uskuldige fortvilar.
24Jorda er lagd i handa til den lovlause.
Han dekkjer auga til dei som feller dommar.
Om det ikkje er han, kven er det då?
25 # 7,6; Sal 90,10 Dagane mine går fortare enn nokon kan springa.
Dei flyg av stad utan glimt av glede.
26Dei fer i veg som sivbåtar,
som ei ørn når ho stuper mot byttet.
27Eg seier til meg sjølv: «Gløym klaga,
lyft hovudet og ver glad!»
28Likevel fryktar eg smertene,
eg veit at du ikkje frikjenner meg.
29Eg blir jo dømd skuldig,
kvifor då streva til inga nytte?
30 # Jes 1,18; Jer 2,22 Om eg vaska meg i snøvatn
og reinsa hendene med lut,
31kastar du meg i gjørmegrava
så kleda mine avskyr meg.
32 # Fork 6,10 Ja, han er ikkje eit menneske som eg,
så eg kan gje han svar
og vi kan møtast i retten.
33 # 1 Sam 2,25 Det finst ingen dommar
som kan leggja handa på oss begge.
34 # 9,34 kjeppen truleg den kjeppen drivaren bruker på dyret. Jf. Jes 9,4. Heldt han kjeppen sin borte frå meg
så redslene hans ikkje skremde meg,
35då kunne eg tala utan redsle.
No kan eg ikkje det.

Markert nå:

Job 9: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring