Job 8

8
Bildad: Spør fedrane
1Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:
2 # 7,11 Kor lenge vil du tala slik
med ord som ein mektig vind?
3 # 5 Mos 32,4; Job 34,12; Rom 3,5 Trur du at Gud forvrengjer retten,
at Den veldige fordreiar rettferda?
4 # 1,5.18f Om borna dine syndar mot han,
så gjev han dei over til synda.
5Men om du søkjer Gud
og bed Den veldige om nåde,
6 # 1,1.8; 2,3 om du er rein og rettskaffen,
så vil han vaka over deg
og på nytt reisa din rettferds bustad.
7 # 42,10.12–15 Du byrja smått,
men slutten blir stor.
8 # 5 Mos 32,7; Job 12,12 Spør tidlegare slekter,
hald fast på det fedrane fann.
9 # 14,1f+; Sal 90,10 For vi er frå i går, vi veit ingen ting.
Som ein skugge er dagane våre på jorda.
10Men fedrane vil læra deg og tala til deg,
føra fram ord frå hjartet.
11Veks vel papyrus der det ikkje er myrlendt,
blir sivet stort der det ikkje er vatn?
12Medan det står grønt og uskore,
visnar det, før alt anna gras.
13 # 11,20; Ordt 10,28 Slik går det med alle som gløymer Gud.
Håpet går under for den som er ugudeleg.
14Hans trygge ro heng i tynne trådar,
han set si lit til spindelvev.
15Han støttar seg til eige hus, men det held ikkje;
han klamrar seg til det, men det blir ikkje ståande.
16Frodig står han i sola,
breier greinene ut over hagen sin.
17Men røtene hans slyngjer seg inn i ei steinrøys,
dei kikkar fram mellom steinar.
18 # 7,10+ Blir han riven vekk frå staden sin,
kjenner ikkje staden han: «Eg har aldri sett deg.»
19 # 1 Mos 2,7; Job 10,9 Slik er gleda på hans veg,
før den neste gror opp av støvet.
20Sjå, Gud avviser ikkje den fromme
og gjev ikkje styrke til ugjerningsmenn.
21 # Sal 126,2 Han vil på nytt fylla din munn med lått,
leggja jubelrop på leppene.
22 # Sal 35,26; Ordt 14,11 Dei som hatar deg, må kle seg i skam,
telta til dei lovlause blir borte.

Markert nå:

Job 8: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring