Job 7

7
Er eg eit sjøuhyre?
1Har ikkje mennesket ein strid på jorda,
eit liv som dagane til ein leigekar?
2Han liknar ein tenar som stønnar etter skugge,
ein dagarbeidar som ventar på løn.
3 # Fork 2,23 Månader i det tomme vart min lott,
netter med liding min lagnad.
4Så snart eg legg meg, spør eg:
«Når kan eg stå opp?»
Natta blir lang,
til det lysnar, er eg full av uro.
5 # 2,7f.12 Kroppen er dekt med makk og sårskorper.
Støvet gror fast i huda, og det verkjer.
6 # Sal 90,9ff; 102,12; Jes 38,12 Dagane går fortare enn ein vevskyttel,
dei går til ende utan håp.
7 # 9,25; Sal 39,6f; 78,39 Hugs at livet mitt er ein pust!
Aldri meir får eg sjå lukke.
8Auget som vaktar meg, ser meg ikkje lenger.
Retter du auga mot meg, er eg der ikkje.
9 # 10,21; 16,22; Jes 26,14 Ei sky løyser seg opp og kverv,
og den som fer ned til dødsriket, stig aldri opp.
10 # Sal 103,16 Han kjem aldri att til sitt hus,
heimstaden kjenner han ikkje.
11 # 10,1 Så legg eg heller ikkje band på min munn.
Eg vil tala med angst i anden,
klaga i bitter sjelekval.
12 # 38,8–11 # 7,12 hav, sjøuhyre makter som Gud sigra over då verda vart skapt. Jf. Sal 74,13; Jes 27,1; 51,9. =havet. Er eg eit hav eller eit sjøuhyre
sidan du set vakt over meg?
13Eg seier: «Leiet får vera mi trøyst,
lat senga bera mi klage.»
14Då skremmer du meg med draumar,
med syn gjer du meg redd.
15Aller helst vil eg kvelast.
Heller døden enn denne kroppen!
16 # 1 Kong 19,4; Fork 1,2; Jona 4,3 Eg vil ikkje, vil ikkje leva for alltid!
Lat meg vera! Dagane mine er forgjengelege.
17 # Sal 8,5; 144,3 Kva er eit menneske sidan du aktar det så høgt
og bryr deg så mykje om det?
18Du granskar det kvar morgon,
prøver det kvar stund.
19 # Sal 39,14 Kvifor vender du ikkje auga dine frå meg
og gjev meg ro til å svelgja spyttet?
20 # 6,4; 35,6 Om eg syndar, kva gjer det deg, du som vaktar mennesket?
Kvifor gjer du meg til skyteskive?
Har eg vorte ei bør for deg?
21Kvifor tilgjev du ikkje mi synd
og ber over med mi skuld?
No må eg leggja meg i støvet;
leitar du etter meg, er eg ikkje meir.

Markert nå:

Job 7: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på