Job 39

39
1Jagar du bytte for løvinna,
gjev du løveungane mat
2der dei kryp ned i hòlene sine
eller ligg på lur i krattet?
3 # Sal 145,15f; 147,9 Kven skaffar føde til ramnen
når ungane hans skrik mot Gud
og virrar rundt utan mat?
4Veit du når fjellgeita får ungar?
Går du vakt når hjorten får rier?
5Tel du månadene dei går drektige,
kjenner du tida når dei skal føda?
6Dei huker seg ned og får ungane sine;
og så er riene over.
7Ungane veks seg store og sterke på slettene,
så spring dei bort og kjem ikkje att.
8Kven sleppte villeselet fri
og løyste det frå alle band?
9Eg gav det ein heim i øydemarka,
ein bustad i det salte landet.
10Det ler av larmen i byen,
høyrer ingen drivar som skjenner.
11Det søkjer beite i fjella,
leitar opp kvar grøn flekk.
12Er villoksen villig til å tena deg,
kviler han ved krubba di om natta?
13Klarer du å spenna han for plogen?
Vil han harva dalane etter deg?
14Torer du stola på han, sterk som han er?
Kan du overlata arbeidet ditt til han?
15Trur du at han fører kornet heim
og samlar det på treskjeplassen?
16Strutsen flaksar lystig med vengene,
men kan ikkje flyga som stork og falk.
17Strutsen går frå egga sine på marka,
lèt dei bli varme i sanden.
18Ho gløymer at ein fot kan knusa dei,
at villdyra kan trakka dei sund.
19 # Klag 4,3 Ho er hard mot ungane, som om dei ikkje var hennar eigne,
fryktar ikkje for at strevet hennar skal vera til inga nytte.
20For Gud nekta henne visdom,
gav henne ingen forstand.
21Men når ho flaksar opp i vêret,
skrattar ho av hest og ryttar.
22Kan du gje hesten styrke,
kle nakken hans med man,
23la han springa som grashoppa?
Han vrinskar stolt og skremmande.
24Han skrapar i marka, yr av kraft,
så fer han fram mot våpna.
25Han ler av redsla, fryktar aldri
og snur ikkje når han møter sverd.
26Over han klirrar pilkoggeret,
det blinkar i spyd og sabel.
27Som eit jordskjelv dundrar han fram
og stansar ikkje om hornet gjallar.
28 # 4 Mos 10,9 Han vrinskar når hornet læt, vêrar krig på lang avstand:
kommandorop og hærskrik.
29Var det din forstand som lærte falken å flyga,
spreia vengene og gli mot sør?
30 # Jer 49,16; Ob 4 Er det på ditt ord at ørna stig
og byggjer reir så høgt oppe?
31Ho held til mellom berga,
bak festningar av kvasse tindar.
32Der speidar ho etter mat,
auga skodar vidt ikring.
33 # Matt 24,28 Ungane hennar slurpar i seg blod,
der det finst åtsel, er ho på plass.
34 Herren svara Job og sa:
35«Ønskjer klagaren å føra sak mot Den veldige?
Den som klagar Gud, må svara!»
36Då svara Job Herren og sa:
37 # 21,5; 29,9; Ordt 30,32; Mi 7,16 «Eg er så liten, kva kunne eg svara deg?
Eg legg handa over munnen.
38Ein gong har eg tala og tek ikkje meir til ords,
to gonger, men no seier eg ikkje meir.»

Markert nå:

Job 39: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring