Job 38
N11NN

Job 38

38
Herren: Spenn beltet om deg
1Då svara Herren Job ut av stormen og sa:
2Kven er dette som formørkjer min plan
med uforstandige ord?
3 # 40,2 # 38,3 Spenn beltet om livet Gjer deg klar til strid! Spenn beltet om livet som ein mann,
så vil eg spørja deg, og du skal svara:
4 # Sal 102,26; 104,5 Kvar var du då eg grunnla jorda?
Fortel det, om du veit det!
5 # Ordt 30,4 Kven har fastsett hennar mål
– det veit du vel?
Kven drog målesnora over henne?
6Kvar vart pilarane under jorda slegne ned,
og kven la hjørnesteinen
7 # 38,7 gudesøner >1,6. medan alle morgonstjerner jubla
og alle gudesøner ropa av fryd?
8Kven stengde for havet med portar
då det fossa fram frå morslivet,
9då eg kledde havet med skyer
og sveipte det i skodde,
10 # 1 Mos 1,9; Sal 33,7; 104,9; Ordt 8,29; Jer 5,22 då eg sette grense for det,
stengde med slå for porten?
11Eg sa: «Hit kjem du, men ikkje lenger.
Her skal dei stolte bølgjene dine brytast.»
12Har du nokon gong kalla morgonen fram
eller vist morgonròden staden hans
13 # 38,13 lovlause Det hebr. ordet kan òg omsetjast «urettferdige», jf. v. 15. så han kan ta tak i endane av jorda
og rista dei lovlause bort?
14Då blir jorda omforma som leire under eit stempel,
alt står fram som i ny drakt.
15 # 24,17 Dei urettferdige mistar det lyset dei hadde.
Armen dei lyfte, blir knust.
16Har du nådd fram til havsens kjelder?
Har du gått rundt på botnen av urdjupet?
17 # 38,17 dødens portar, dødsskuggens dører dødsriket. Jf. Jes 38,10. Har dødens portar synt seg for deg,
har du sett dødsskuggens dører?
18Forstår du viddene på jorda?
Sei frå om du kjenner alt dette.
19Kvar går vegen til bustaden for lyset,
og kvar held mørkret til?
20 # 28,12.20.23–27 Du kan føra mørkret til landet der det bur,
om du kjenner stigane dit!
21 # 15,7f Du veit det, for du var vel fødd den gongen!
Ja, dine dagars tal er stort.
22Har du nådd fram dit snøen har sitt kammer,
og sett lageret med hagl
23 # 2 Mos 9,18–26; Op 16,21 som eg sparer til trengselstider,
til dagen med kamp og krig?
24 # Joh 3,8 Kvar går vegen dit lyset deler seg
og austavinden blæs ut over jorda?
25 # Jer 10,13 Kven laga laup for styrtregnet,
veg for tore og brak,
26så det regna over land der ingen bur,
i ørkenen der det ikkje er menneske?
27 # Sal 107,35 Regnet metta det aude landet
så graset grodde grønt.
28 # 36,27+; Sal 147,16 Har regnet ein far?
Kven har avla doggdropane?
29Kva for eit morsliv kjem isen frå?
Kven har fødd rimet som fell frå himmelen?
30Vatnet kler seg ut som stein,
overflata av djupet blir dekt av is.
31Kan du knyta Sjustjerne-bandet
eller løysa Orions lenkjer?
32 # 9,9 # 38,32 Store bjørn … bjørnane stjernebilete. Fører du stjernebileta fram i rett tid,
leier du Store bjørn og dei små bjørnane?
33Kjenner du himmelens lover?
Styrer du stjernehimmelens makt over jorda?
34Kan du lyfta røysta di til skyene
slik at vatnet fløymer ned over deg?
35Kan du senda ut lyn så dei fer av stad
og seier til deg: «Her er vi»?
36 # 38,36 ibisfuglen, hanen Ibisen varslar flaum i Nilen; hanen varslar morgonen. Kven gjev visdom til ibisfuglen
og forstand til hanen?
37Kven er så vis at han kan telja skyene?
Kven heller vatn or himmelkrukkene
38når molda storknar som malm
og jordklumpane klistrar seg saman?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.