Job 29
N11NN

Job 29

29
Andre talerunden
(29,1–42,6)
Job: Eg gjekk gjennom mørkret i hans lys
1Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:
2 # 1,1–5 Kunne eg få det som i farne månader,
dei dagane då Gud vakta over meg,
3då hans lampe skein over hovudet mitt
og eg gjekk gjennom mørkret i hans lys,
4 # Sal 25,14 slik eg hadde det i mine velmaktsdagar
då Gud var min fortrulege i mitt telt,
5då Den veldige framleis var med meg
og borna mine var rundt meg,
6 # 5 Mos 32,13f; Job 20,17 då eg vassa i rømme
og bekker av olje rann frå berget hos meg.
7Når eg gjekk ut til byporten
og tok sete på torget,
8trekte dei unge seg tilbake så snart dei såg meg,
og dei gamle reiste seg og stod.
9 # 21,5; 39,37; Ordt 30,32 Hovdingar heldt orda attende,
la handa over munnen.
10Stormenns røyster tagna,
tunga klistra seg til ganen.
11Når dei fekk høyra om meg, prisa dei meg lukkeleg.
Kvar den som såg meg, tala lovord.
12 # Sal 72,12 For eg redda den fattige som ropa om hjelp,
den farlause som ingen hjelpar hadde.
13Den forkomne velsigna meg,
eg fekk enkjers hjarte til å jubla.
14 # Jes 59,17 Rettferd var kleda eg kledde meg i,
rettsinn var som kappe og turban.
15Eg var auge for den blinde
og føter for den lamme.
16 # 31,16f Eg var far for dei fattige
og granska saka for dei eg ikkje kjende.
17Eg knuste kjeven på dei som gjorde urett,
og redda rovet ut av gapet på dei.
18Eg sa: «Eg får døy blant mine eigne,
dagane mine blir talrike som sandkorn.
19Røtene mine når til vatnet,
og nattedogg kviler i greinene.
20Mi ære blir stadig fornya,
og bogen i handa mi får ny spenst.»
21Dei lytta til meg og fekk håp,
dei tagde når eg gav dei råd.
22 # 5 Mos 32,2 Når eg hadde tala, tok ingen til motmæle;
orda mine draup ned over dei.
23Dei venta på min tale som på regn,
med munnen open som mot vårregn.
24Når eg smilte til dei, kunne dei ikkje tru det.
Dei ville ikkje sleppa lyset frå andletet mitt.
25Eg valde veg for dei og sat som leiar,
trona som ein konge framfor hærflokken,
som ein trøystar for dei sørgjande.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk