Job 26
N11NN
26
Job: Kven kan forstå Guds makt?
1Då tok Job til ords og sa:
2Ja, du er god hjelp for ein maktlaus mann,
ein reddande arm for den kraftlause!
3Kor du gjev råd til den som manglar visdom,
for ei innsikt du gjev han!
4 # 1 Kong 22,24 Kven lærte deg å tala?
Kven kjem han frå, den pusten som går ut frå deg?
5Daudingane skjelv,
vatnet der nede og dei som bur der.
6 # Sal 139,8; Ordt 15,11 Nake ligg dødsriket for Gud,
avgrunnen er utan dekke.
7 # 1 Mos 1,2 Han har breidd nordhimmelen ut over aude rommet,
hengt jorda opp over ingenting.
8 # 1 Mos 1,7 Han bind vatnet i skyene,
men skylaget rivnar ikkje.
9 # 2 Mos 40,34; 3 Mos 16,2 Han løyner trona si,
breier skyer rundt henne.
10Rundt havet dreg han ei grense;
himmelranda skil lys frå mørker.
11 # Sal 18,8 Himmelsøylene vaklar,
skremde av hans trugsmål.
12 # 9,13; Sal 74,13; 89,10; 104,6–9; Jes 51,9 # 26,12 Rahab >9,13. Med si kraft har han rørt havet opp,
med sin klokskap knust Rahab.
13 # 26,13 den flyktande slangen Leviatan. >3,8. Vinden hans blæs himmelen klår.
Handa hans sårar den flyktande slangen.
14Sjå, alt dette er berre randa av hans veg;
det er som å høyra ei kviskring.
Men når hans makt tornar, kven kan forstå det?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk