Job 19
N11NN
19
Job: Skriv det med jerngriffel og bly
1Då tok Job til ords og sa:
2Kor lenge vil de plaga meg
og knusa meg med ord?
3Det er tiande gongen de spottar meg
og utan skam går laus på meg.
4Har eg verkeleg feila,
så må eg sjølv leva med feilen.
5Vil de heva dykk over meg,
så vis at mi vanære er fortent!
6 # 18,8–10 Men vit at Gud gjer meg urett
når han spenner sitt garn omkring meg.
7 # 30,20+ Eg ropar om vald utan å bli høyrd.
Eg skrik om hjelp, men det finst ingen rett.
8 # Klag 3,7.9 Han stengjer vegen, eg når ikkje fram.
Han legg mine stigar i mørker.
9Æra tek han frå meg,
riv krona av hovudet mitt.
10 # 14,7.12 Han bryt meg heilt ned, eg må gå bort.
Håpet mitt rykkjer han opp som eit tre.
11 # 13,24; 16,12–14; 33,10 Vreiden hans flammar mot meg,
han reknar meg som sin motstandar.
12No kjem alle troppane hans,
dei marsjerer mot meg
og omringar teltet mitt.
13 # Sal 31,12; 38,12; 69,9; 88,9.19 Brørne mine held seg på avstand,
kjenningane mine er som framande.
14Dei næraste er borte,
dei som kjende meg, har gløymt meg.
15Huslyd og tenestejenter reknar meg som ein framand;
ein utlending er eg i deira auge.
16Ropar eg på tenaren, svarar han ikkje;
eg må be han audmjukt om hjelp.
17Anden min er ekkel for kona mi,
eg vekkjer avsky hos min eigne born.
18Sjølv gutungar foraktar meg.
Når eg reiser meg, talar dei mot meg.
19Dei fortrulege venene viser no avsky,
dei eg elskar, vender seg mot meg.
20 # Sal 102,6 Eg er ikkje anna enn skinn og bein,
tannlaus må eg berga meg.
21 # 1 Sam 5,6ff; Job 2,5f Spar meg, ja, spar meg, vener!
For Guds hand har rørt ved meg.
22Kvifor jagar de meg slik også Gud gjer?
Blir de aldri mette av mitt kjøt?
23Om berre mine ord vart skrivne ned,
om dei vart innførte i ein bokrull,
24forma med griffel av jern og med bly,
rissa i stein for alltid!
25 # Rut 4; Jes 47,4; 1 Kor 15,25ff # 19,25 utløysar Hebr. har «løysingsmann», ein nær mannleg slektning som har eit juridisk medansvar for familien. Jf. 3 Mos 25,25; Rut 3,9. Ordet kan nyttast som bilete på Gud som frelsar, Sal 19,15; Jes 49,26. =slektssamfunn og justis. Eg veit at min utløysar lever.
Som den siste skal han stå fram i støvet.
26 # Jes 26,19; Dan 12,2; Joh 5,28ff # 19,26 og kjøtet er borte Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Kan òg omsetjast «medan eg enno er i kjøtet» eller «medan eg enno lever». Når huda er riven av meg og kjøtet er borte,
skal eg sjå Gud.
27 # Sal 17,15; 2 Kor 5,2; 1 Joh 3,2 Mine auge ser,
det er eg som får sjå han,
ikkje ein framand.
Mitt indre fortærest av lengsel!
28De seier: «Lat oss jaga han.
Årsaka finst hos han.»
29 # Sal 58,12; Matt 5,22 Frykt heller de sjølve for sverdet;
for sverdet brenn mot urett,
og de skal få kjenna at det finst ein dom.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk