Job 17
17
Livslyset sloknar
1 # Sal 88,4 Livskrafta mi er broten, dagane mine tek ende,
berre grava står att.
2Spottarar omgjev meg,
auget må dvela ved deira motstand.
3 # Ordt 6,1; 11,15 Ta vare på mitt pant hos deg!
Kven elles skulle gje meg handslag?
4Du har stengt hjartet deira for innsikt
og lèt dei oppnå lite ære.
5Ein mann fortel vener om delinga av arven
medan auga til borna sloknar.
6 # 12,4; Sal 69,12 Han har gjort meg til eit ordtak for folk,
til ein som dei spyttar i andletet.
7 # Sal 6,8; 31,10 Auga mine er sløva av sorg,
og lemene er som ein skugge.
8Dei rettskafne grøssar av slikt,
den skuldfrie er opprørt over den ugudelege.
9Den rettferdige held fast på sin veg,
for reine hender gjev større styrke.
10Men kom berre hit, alle saman!
Eg finn ingen som er vis mellom dykk.
11Dagane mine tek slutt,
planane mine ligg knuste,
ja, mine inste lengsler.
12 # 11,13–19; Jes 5,20 Dei gjer natta til dag,
seier lyset er nær sjølv om det er mørkt.
13Kva har eg å vona på?
Dødsriket er min bustad,
i mørkret reier eg mi seng.
14Eg ropar til grava: «Du er min far!»
og til makken i jorda: «Mi mor og syster!»
15 # 13,15 Kvar er mitt håp?
Kven kan vel få auge på det?
16Går også håpet til dødsriket?
Stig vi saman ned i støvet?
Markert nå:
Job 17: N11NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).