Job 13

13
Kor mange er syndene mine?
1Auga mine har sett alt,
øyra har høyrt og forstått.
2 # 12,3 Det de veit, veit eg òg,
eg står ikkje tilbake for dykk.
3Likevel må eg tala til Den veldige,
eg ønskjer å gå i rette med Gud!
4 # 16,2 Men de smør løgna utover,
kvakksalvarar er de alle saman.
5 # Ordt 17,28 Om de berre ville teia!
Då kunne de reknast for vise!
6Høyr på forklaringa mi,
gjev akt på forsvaret mitt!
7 # 42,7 Vil de vitna for Gud med urett,
tala hans sak med svik?
8Er det Gud de tek parti for?
Er det hans sak de fører?
9 # Sal 78,36; 139,1; Gal 6,7 Går det då godt når han ransakar dykk?
Kan de narra han slik de narrar menneske?
10Nei, han ville refsa dykk strengt
om de tok parti i løynd.
11 # Sal 119,120; Jes 6,1ff Skulle ikkje hans velde skremma dykk,
hans skrekk falla over dykk?
12Visdomsorda dykkar er oske,
og svara dykkar er av leire.
13Tei stilt og lat meg føra ordet,
kva som enn skjer med meg!
14Eg tygg på mitt eige kjøt,
eg går med livet i hendene.
15Han vil drepa meg, eg har ikkje noko håp,
likevel vil eg forsvara mine vegar for hans andlet.
16 # 2 Mos 33,20–23; Matt 7,23 Kanskje blir dette mi redning,
for ingen ugudeleg kan koma fram for han.
17Lytt vel til talen min,
lat forklaringa klinga i øyra!
18 # 24,25 Sjå, eg legg fram mi sak,
eg veit at eg har rett.
19Kan nokon vinna ei sak mot meg?
Då vil eg teia og døy.
20 # 13,20 deg Job vender seg no til Gud. Skån meg berre for to ting,
så slepp eg å løyna meg for deg:
21 # 9,34f Ta handa di bort frå meg,
og lat ikkje redslene dine skremma meg!
22Rop, så skal eg svara,
eller lat meg tala, så svarar du!
23 # 6,4; 10,2 Kvar er mi skuld og mine synder?
Kunngjer mitt brot og mi synd!
24 # Sal 13,2; 44,25; 69,18; 88,15; 102,3 Kvifor løyner du andletet
og reknar meg som din fiende?
25 # Jes 42,3 Vil du då skremma eit blad som blæs bort,
forfølgja eit vise halmstrå?
26 # Sal 25,7 Ditt klageskrift mot meg er bittert,
du lèt meg bøta for min ungdoms synder.
27 # 33,11; Jer 20,2 Du set føtene mine i blokka.
Du vaktar på alle mine stigar,
merkjer av kvart fotspor.
28Mennesket er som ròte,
det blir utslite som mølletne klede.

Markert nå:

Job 13: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring