Job 12

12
Job: Ulukke kan ramma alle
1Då tok Job til ords og sa:
2Ja, de snakkar som folk flest,
med dykk døyr nok visdomen ut!
3 # 13,2 Men eg òg har forstand,
eg står ikkje tilbake for dykk.
Kven kjenner ikkje til alt dette?
4 # 1,1; 17,6; Jer 20,7 Eg er til lått for venene mine,
eg som ropa til Gud og fekk svar,
til lått, eg som er rettferdig og from!
5«Gløym ulukka», tenkjer den sorglause,
«ho rammar berre han som snublar.»
6 # 21,7ff; Sal 73,3ff Telta til valdsmenn får stå i fred;
trygge er dei som utfordrar Gud
og trur dei har han i si hole hand.
7 # Kap. 39; Matt 6,26–30 Spør berre dyra, og dei skal læra deg,
spør fuglane under himmelen, og dei skal opplysa deg.
8Snakk med jorda, og ho skal læra deg,
fiskane i havet skal fortelja.
9Kven av desse har ikkje skjøna
at Herrens hand har laga dette?
10 # 1 Mos 2,7.19; Job 34,14; Apg 17,25 Han har kvar levande skapning i si hand,
og ånda til kvart menneske.
11 # 34,3 Prøver ikkje øyret det som blir sagt?
Ganen smakar då på maten?
12 # 8,8+ Med alderdom kjem visdom,
eit langt liv gjev innsikt.
13 # Ordt 8,14; Mi 3,8 Hos Gud er visdom og styrke,
råd og forstand.
14 # Sal 127,1f; Jes 22,22; Op 3,7 Når han riv ned, byggjer ingen opp;
når han lèt att for ein mann, kan ingen opna.
15 # 1 Mos 7,11ff; 8,1ff Når han stengjer for vatnet, blir det tørke,
og når han opnar, blir jorda skyld bort.
16Hos han er styrke og innsikt.
Den som fer vill og den som fører vill, tilhøyrer han.
17Han viser rådgjevarar berrføtte bort,
og dommarar gjer han til dårar.
18 # 12,18 bind beltet om dei tek kontroll over dei. Jf. Joh 21,18. Han løyser kongars lenkjer
og bind beltet om dei.
19Han fører prestar berrføtte bort
og feller dei sterke.
20Han lèt dei pålitelege mista munn og mæle,
tek dømmekrafta frå dei eldste.
21 # Sal 107,40 Han auser skam over stormenn
og tek våpenbeltet av dei sterke.
22 # 3,4; Dan 2,22 Han avdekkjer det mørke djupet,
dreg dødsskuggen fram i lyset.
23 # 1 Sam 2,6f Han lèt folkeslag veksa, og han gjer ende på dei,
han spreier folka, og han leier dei.
24 # Sal 107,40 Han tek vitet frå leiarane for folket i landet
og fører dei vill i veglause audna.
25Dei famlar i mørker utan lys,
han lèt dei gå seg bort som drukne menn.

Markert nå:

Job 12: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring