Job 10
N11NN

Job 10

10
Kunngjer klagemålet
1 # 7,11 Eg avskyr mitt eige liv.
No gjev eg mi klage fritt løp,
vil tala med bittert sinn.
2 # 6,24; 13,23 Eg seier til Gud: Ikkje døm meg skuldig!
Lat meg få vita kvifor du fører sak mot meg!
3 # Matt 5,45 Har du glede av å undertrykkja,
av å vraka dine henders verk,
medan du lèt sola gå opp
over planane til urettferdige?
4 # 1 Sam 16,7 Har du auge som eit menneske,
ser du slik skapningar ser?
5 # Sal 102,25 Er dine dagar som menneskedagar
og dine leveår som mannens år?
6For du spør etter mi skuld
og leitar etter mi synd,
7endå du veit at eg ikkje er skuldig.
Ingen kan bergast frå di hand.
8 # 1 Mos 2,7; Sal 119,73 Di hand forma og laga meg,
men no angrar du og utslettar meg!
9 # 1 Mos 3,19 Hugs, du laga meg av leire,
og no lét du meg venda attende til støv!
10Du helte meg opp som mjølk
og lét meg storkna som ost.
11 # Sal 139,13–16; Esek 37,6.8 Du kledde meg med hud og kjøt,
med knoklar og sener vov du meg.
12 # Apg 17,28 Du gav meg liv og alt som godt er,
du verna og vakta mi livskraft.
13Men dette gøymde du i hjartet,
dette veit eg du hadde i tankar:
14 # Sal 90,8 Om eg syndar, vaktar du på meg
og vil ikkje frikjenna meg for skuld.
15Er eg skuldig, så ve meg!
Og sjølv om eg har rett, kan eg ikkje lyfta hovudet;
eg er mett av skam og har nok av naud.
16 # Jes 38,13; Klag 3,10 Står eg likevel oppreist, jagar du meg som ei løve,
igjen og igjen gjer du underlege ting mot meg.
17Du finn nye vitne mot meg,
viser meg aukande uvilje
og sender hær etter hær mot meg.
18 # 3,3.11; Sal 22,10f; Jer 20,14 Kvifor hjelpte du meg ut or mors liv?
Var eg berre død før noko auge fekk sjå meg!
19 # 3,16 Då var eg som om eg aldri var til,
boren frå mors liv til grava.
20 # 7,19; 14,6; Sal 39,14 Kor få mine levedagar er!
Kan han ikkje la meg vera,
så får eg litt glede
21 # 7,9+ før eg går bort til landet med mørker og dødsskugge
og aldri vender attende,
22eit land så mørkt som svarte natta,
der det rår dødsskugge, ikkje orden,
der lyset er som mørkret.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk