Johannes 8
N11NN
8
1og Jesus gjekk ut til Oljeberget. 2Tidleg om morgonen dagen etter kom han til tempelet att. Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei. 3Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram 4#8,4 Meister «lærar», tittel brukt om jødiske lovlærarar. og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot. 5#3 Mos 20,10; 5 Mos 22,22 I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?» 6Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. 7#5 Mos 17,7; Matt 7,1ff Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.» 8Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. 9Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han. 10Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» 11«Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»}}
Jesus, lyset i verda
12 # Matt 5,14ff; Joh 1,4f.9; 9,5; 12,35f.46 Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» 13#5,31 Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitneutsegna di er ikkje gyldig.» 14Jesus svara: «Om eg vitnar i mi eiga sak, er vitneutsegna mi gyldig likevel. For eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg dreg. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg dreg. 15#3,17; 12,47 De dømmer slik menneske gjer; eg dømmer ingen. 16Men om eg dømmer, så er dommen min gyldig. For eg er ikkje åleine, eg er saman med Far, han som har sendt meg. 17#5 Mos 19,15 Og i dykkar eiga lov står det skrive at ei vitneutsegn frå to menneske er gyldig. 18#5,37; 1 Joh 5,9 Eg er den som vitnar om meg sjølv. Far som har sendt meg, vitnar òg om meg.» 19#14,7 «Kvar er far din?» spurde dei. Jesus svara: «De kjenner verken meg eller Far min. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg.» 20#Mark 12,41; Joh 2,4+#8,20 tempelkista kan tyda eit skattkammer eller ei offerkiste. Eitt av skattkammera i tempelet var innreidd for å ta imot gåver og avgifter frå folket, og der stod det offerkister for ulike føremål. Dette sa Jesus medan han sat og underviste ved tempelkista. Men ingen la hand på han, for timen hans var endå ikkje komen.
Kven er du?
21 # 7,34; 13,33 Ein annan gong sa Jesus til dei: «Eg går bort, og de kjem til å leita etter meg; men de skal døy i synda dykkar. Dit eg går, kan ikkje de koma.» 22Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?» 23#3,31 Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda. 24#2 Mos 3,14; 5 Mos 32,39; Jes 41,4; Joh 13,19#8,24 Eg er =Jesu titlar. Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at Eg er, skal de døy i syndene dykkar.» 25#8,25 Den … først av kan òg omsetjast «Kvifor talar eg i det heile med dykk». «Kven er du?» spurde dei. «Den eg har sagt dykk frå først av», sa Jesus. 26#3,11+ «Mykje har eg å seia om dykk og dømma dykk for. Men han som har sendt meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»
27Dei skjøna ikkje at det var Far sin han tala om. 28#3,14+; 5,19; 8,24#8,28 lyft … opp >3,14. Difor sa Jesus til dei: «Når de får lyft Menneskesonen opp, skal de skjøna at Eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar slik som Far har lært meg. 29#16,32 Og han som har sendt meg, er med meg. Han lèt meg ikkje vera åleine, for eg gjer alltid det som er etter hans gode vilje.» 30#2,23+ Då han sa dette, var det mange som tok til å tru på han.
Abrahams ætt
31 # 15,7f.14 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar. 32Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33#Matt 3,9 «Vi er Abrahams ætt», la dei imot, «og har aldri vore slavar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal bli frie?» 34#2 Pet 2,19 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Kvar den som gjer synd, er slave under synda. 35#Gal 4,30 Ein slave blir ikkje verande i huset i all framtid, men ein son blir verande der for alltid. 36#2 Kor 3,17; Gal 5,1 Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.
37 # 5,18+ Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, for ordet mitt har ikkje rom hos dykk. 38Eg talar om det eg har sett hos min Far, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39#Rom 2,28; 9,7 «Vår far er Abraham», sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. 40#1 Mos 15,6 Men no vil de drepa meg, eit menneske som har sagt dykk sanninga han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. 41De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor», sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42#1 Joh 5,1 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen frå han. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44#1 Mos 3,4; 1 Joh 3,8ff De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ønskjer. Han har vore ein mordar heilt frå opphavet og står utanfor sanninga; ja, det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein løgnar og far til løgna. 45Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46#2 Kor 5,21; 1 Pet 2,22; 1 Joh 3,5 Kven av dykk kan peika på synd hos meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? 47#1 Joh 4,6 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, for de er ikkje av Gud.»
48 # Joh 7,20+ # 8,48 samaritan høyrer til ei folkegruppe som låg i strid med jødane. =samaritanar. Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier, at du er ein samaritan og har ei vond ånd i deg?» 49«Eg har inga vond ånd i meg», sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg. 50#7,18 Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømmer. 51#5,24; 11,25f Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.» 52Jødane svara: «No skjønar vi at du har ei vond ånd i deg. Abraham og profetane døydde, og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden. 53#4,12 Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?» 54Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud. 55#7,28f De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Om eg sa at eg ikkje kjenner han, var eg ein løgnar, slik som de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord. 56#Rom 4,16ff Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå den dagen og fryda seg.» 57«Du er enno ikkje femti år», sa jødane, «og så har du sett Abraham?» 58#1,1#8,58 er eg >4,26. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Før Abraham var, er eg.»
59 # 10,31 Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk