Johannes 6
N11NN

Johannes 6

6
Jesus mettar fem tusen
(Matt 14,13–21; Mark 6,30–44; Luk 9,10–17)
1 # 6,1 Tiberiassjøen I Luk 5,1 kalla Gennesaretsjøen. Sidan drog Jesus bort til andre sida av Galileasjøen, som òg heiter Tiberiassjøen. 2Og mykje folk følgde etter han, for dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke. 3Jesus gjekk opp i fjellet og sette seg der saman med læresveinane sine. 4#2,13; 11,55 Det nærma seg no påske, høgtida til jødane.
5Då Jesus lyfte blikket og såg at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød så alle desse kan få mat?» 6Det sa han for å prøva Filip, for han visste sjølv kva han ville gjera. 7#6,7 to hundre denarar svarar til to hundre dagløner. =mynt. Filip svara: «Brød for to hundre denarar er ikkje nok til at kvar av dei kan få eit lite stykke.» 8Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han: 9#2 Kong 4,42ff «Det er eit barn her som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?» 10Då sa Jesus: «Lat folket setja seg.» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var omkring fem tusen. 11Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der. Like eins delte han ut av fiskane, så mykje dei ville ha. 12Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Samla saman dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.» 13Dei samla saman og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda etter at alle hadde ete.
14 # 1,21+; Apg 3,22; 7,37 Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!» 15#Matt 14,23 Jesus skjøna at dei ville koma og tvinga han med seg for å gjera han til konge. Difor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine.
Jesus går på vatnet
(Matt 14,22–27; Mark 6,45–52)
16Då det vart kveld, kom læresveinane ned til sjøen. 17Dei gjekk ut i ein båt og ville dra over til Kapernaum. Det hadde alt vorte mørkt, og Jesus var endå ikkje komen til dei. 18Sjøen gjekk høg, for det bles hardt. 19#6,19 tjuefem eller tretti stadiar 4,5 eller 5,5 km. =mål og vekt. Då dei hadde rodd tjuefem eller tretti stadiar, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde. 20#6,20 Det er eg >4,26. Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!» 21Dei ville ta han opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til.
Brødet frå himmelen
22Dagen etter stod det endå mange menneske att på andre sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre éin båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine. 23#6,11 No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet. 24Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus. 25Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: «Rabbi, når kom du hit?» 26Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De leitar ikkje etter meg fordi de såg teikn, men fordi de åt av brøda og vart mette. 27#6,50f.54.58#6,27 segl I antikken markerte seglet eigarskap og garanterte at ei vare eller eit dokument var ekte. =segl. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Far, Gud sjølv, sett sitt segl.»
28Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29#1 Joh 3,23 Jesus svara: «Dette er den gjerninga Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» 30#2,18+ «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva vil du gjera? 31#2 Mos 16,4ff; Neh 9,15; Sal 78,24 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som det står skrive: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» 32Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet.» 35#Jes 55,1ff; Joh 4,14 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.
36Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje. 37#17,2.6ff.24 Alle dei som Far gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort. 38#4,34; 5,30 For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, han som sende meg. 39#10,28f; 17,12#6,39 den siste dagen =Herrens dag. Og det han vil, han som sende meg, er at eg ikkje skal mista nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. 40For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.»
41Jødane murra mot han fordi han sa: «Eg er brødet som er kome ned frå himmelen.» 42#Matt 12,46; 13,55; Mark 6,3; Luk 4,22; Joh 2,12; 7,6; Apg 1,14 Og dei spurde: «Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han då seia at han er komen ned frå himmelen?» 43Jesus svara: «Hald opp med denne murringa! 44Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45#Jes 54,13; Jer 31,33f Det står skrive hos profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Far og lærer av han, kjem til meg. 46#1,18; 5,37 Men ingen har sett min Far. Berre han som er frå Gud, har sett Far.
47Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur, har evig liv. 48Eg er livsens brød. 49#1 Kor 10,3ff Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. 50Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. 51Eg er det levande brødet som er kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er kroppen min som eg gjev til liv for verda.»
52No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss kroppen sin å eta?» 53#Matt 26,26ff Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. 54Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55For kroppen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56#15,4f Den som et min kropp og drikk mitt blod, blir verande i meg og eg i han. 57Slik den levande Far har sendt meg og eg har liv ved han, slik skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen. Det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.»
59Dette sa han medan han underviste folket i synagogen i Kapernaum.
Mange blir støytte av Jesu ord
60Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: «Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?» 61Jesus visste med seg at læresveinane hans murra på grunn av dette, og han sa til dei: «Gjer dette at de fell ifrå? 62#Apg 1,9ff Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før? 63#3,6; 2 Kor 3,6#6,63 kjøt og blod gr. sarks, «kjøt». =kjøt, kjøt og blod. Det er Anden som gjer levande; kjøt og blod kan ingen ting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv. 64#13,11 Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå første stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. 65#6,44 Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det blir gjeve han av min Far.»
Peters vedkjenning
66Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. 67Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» 68Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, 69#Matt 16,16; Joh 10,36; 11,27+#6,69 Guds Heilage er Jesus som Guds son. Jf. Mark 1,24; Luk 4,34. =heilag og rein. og vi trur og veit at du er Guds Heilage.» 70Då sa Jesus: «Har eg ikkje valt dykk ut alle tolv? Og ein av dykk er ein djevel!» 71#12,4; 13,21 Han sa dette om Judas, son til Simon Iskariot. For han skulle svika Jesus, og han var ein av dei tolv.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk