Johannes 5

5
Den sjuke ved Betesda
1Etter dette kom ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem. 2#5,2 Saueporten var truleg ein port i den nordaustre delen av bymuren. Jf. Neh 3,1; 12,39. Betesda Namnet tyder «miskunns hus». Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar. 3#5,3–4 Siste delen av v. 3 og heile v. 4 manglar i dei eldste handskriftene. Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre. {{Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle, 4for ein engel frå Herren steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde.}}
5No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år. 6Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?» 7«Herre», svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.» 8#Matt 9,6; Apg 3,6f; 9,34; 14,10 Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!» 9#5,9 sabbat kviledagen til jødane. =festar og høgtider. Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk.
Men det var sabbat den dagen. 10#Jer 17,21; Matt 12,2 Difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.» 11Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: ‘Ta båra di og gå!’» 12«Kven er det mennesket som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei. 13Men han som hadde vorte frisk, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde trekt seg unna; det var så mykje folk der. 14Seinare fann Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synd ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.» 15Mannen gjekk då og fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.
Fullmakta til Sonen
16 # 7,23; 9,14.16 Jødane tok til å forfølgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten. 17#9,4 Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag. Også eg arbeider.» 18#7,1.19.25; 8,37.40; 10,33; 11,53 Etter dette var jødane endå meir oppsette på å drepa han. Ikkje berre braut han sabbaten, men han kalla òg Gud sin eigen far og gjorde seg sjølv lik Gud.
19 # 8,28f Då tok Jesus til orde og sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, berre det han ser Far gjera. Det Far gjer, det gjer Sonen like eins. 20#3,35; 10,17; 15,9; 17,23 For Far elskar Sonen og viser han alt det han sjølv gjer. Og han skal visa han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk. 21#Rom 4,17; Ef 2,5 For slik Far vekkjer opp dei døde og gjer dei levande, slik gjer òg Sonen levande kven han vil. 22#Apg 10,42; 17,31 Og Far dømmer ikkje nokon, men han har gjeve heile dommen over til Sonen, 23#15,23; Fil 2,10f; 1 Joh 2,23 så alle skal æra Sonen slik dei ærar Far. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Far, han som har sendt han.
24 # 3,18; 8,51 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet. 25#Ef 2,1ff Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Det kjem ein time, ja, han er alt komen, då dei døde skal høyra røysta til Guds Son, og dei som høyrer, skal leva. 26For slik Far har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv, 27og han har gjeve han fullmakt til å halda dom fordi han er Menneskesonen. 28De må ikkje undra dykk over dette. For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst. 29#Dan 12,2; Matt 25,46; Apg 24,15; 2 Kor 5,10 Og dei skal koma fram; dei som har gjort det gode, skal stå opp til livet, men dei som har gjort det vonde, skal stå opp til dom. 30#6,38 Eg kan ikkje gjera noko av meg sjølv. Eg dømmer etter det eg høyrer, og dommen min er rettferdig. For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg.
Vitne om Jesus
31 # 8,13 # 5,31 vitnar >1,19. Dersom eg vitnar om meg sjølv, er vitneutsegna mi ikkje gyldig. 32Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at den vitneutsegna han gjev meg, er sann. 33#1,19ff De sende bod til Johannes, og han har vitna for sanninga. 34Eg treng ikkje vitneutsegner frå menneske, men eg seier dette så de skal bli frelste. 35Johannes var ei lampe som brann og lyste, og ei lita stund ville de gleda dykk i lyset hans.
36 # 10,25.37f; 14,11 Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg. 37#8,18; 1 Joh 4,12 Ja, Far som har sendt meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, hans skapnad har de aldri sett, 38og hans ord lèt de ikkje bli verande i dykk. For de trur ikkje på den han har sendt. 39#Luk 24,27+; Joh 1,45+ De granskar skriftene, for de meiner at de har evig liv i dei – men det er dei som vitnar om meg! 40Likevel vil de ikkje koma til meg så de kan ha liv.
41Eg tek ikkje imot ære av menneske. 42#1 Joh 2,15; 3,17 Tvert imot, for eg kjenner dykk og veit at de ikkje har Guds kjærleik i dykk. 43Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, tek de imot han. 44#12,43 Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre og ikkje søkjer ære hos den einaste Gud?
45 # 5 Mos 31,26 Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Far. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar håp til. 46#1 Mos 49,10; 5 Mos 18,15; Luk 16,31 For hadde de trudd Moses, hadde de òg trudd meg, for det er om meg han har skrive. 47Men når de ikkje trur skriftene hans, korleis kan de då tru orda mine?»

Markert nå:

Johannes 5: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring