Johannes 4
N11NN

Johannes 4

4
Jesus og den samaritanske kvinna
1 # 3,22.26 # 4,1 Jesus Mange gamle handskrifter har «Herren». Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes. 2No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans. 3Då tok han ut frå Judea og drog til Galilea igjen. 4Han måtte dra gjennom Samaria, 5#Jos 24,32 og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin. 6#4,6 den sjette timen ca. kl. 12. =tidsrekning. Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen.
7Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka.» 8For læresveinane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat. 9#Luk 9,52f «Korleis har det seg», seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanar. 10#Jer 2,13; Joh 7,37ff; Op 21,6+ Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.» 11«Herre», sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå? 12#8,53 Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?» 13Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. 14#Jes 58,11; Joh 6,35; 7,37ff Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.» 15Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.»
16Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom tilbake hit.» 17«Eg har ingen mann», svara kvinna. «Du har rett når du seier at du ikkje har nokon mann», sa Jesus. 18«For du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann. Det er sant, det du sa.» 19#Matt 16,14; 21,11.46; Mark 6,8; Luk 7,16; 24,19; Joh 9,17 «Herre, eg ser at du er ein profet», sa kvinna. 20#5 Mos 12,5.11; Sal 122,3f#4,20 dette fjellet Garisim, det heilage fjellet til samaritanane, der dei tidlegare hadde eit tempel. «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far. 22#Jes 2,3; Rom 9,4f; 11,18 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha. 24#2 Kor 3,17 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25#Matt 1,16; 27,17; Joh 1,41 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.» 26#9,37#4,26 Det er eg kan òg omsetjast «Eg er». =Jesu titlar. Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.»
Jesus og samaritanane
27I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han snakka med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville eller kvifor han snakka med henne. 28Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: 29«Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» 30Då gjekk dei ut av byen og kom til han.
31I mellomtida bad læresveinane han: «Rabbi, kom og et!» 32Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.» 33Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?» 34#Matt 4,4; Joh 6,38 Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil, han som sende meg, og fullføra hans verk. 35#Matt 9,37f Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft auga og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten! 36Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. 37Her gjeld ordet om at ‘éin sår og ein annan haustar’. 38Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidd med. Andre har arbeidd, og de har gått inn i arbeidet dei har gjort.»
39Mange av samaritanane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» 40Og då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der to dagar. 41Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord, 42#1 Joh 4,14 og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.»
Den kongelege embetsmannen i Kapernaum
(Matt 8,5–13; Luk 7,1–10)
43Då dei to dagane var gått, drog Jesus ut derifrå og fór til Galilea. 44#Matt 13,57 For han hadde sjølv vitna om at ein profet ikkje blir æra på sin eigen heimstad. 45#2,23 Då han kom til Galilea, tok folket der vel imot han, for dei hadde sett alt det han gjorde i Jerusalem i høgtida. Også dei hadde vore der i høgtida.
46 # 2,1ff Så kom Jesus igjen til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og son hans var sjuk. 47Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han til Jesus og bad han koma ned og gjera son hans frisk, for det stod om livet. 48#2,18+; 1 Kor 1,22 Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.» 49Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!» 50Jesus seier til han: «Gå heim, son din lever!» Og mannen trudde det ordet Jesus sa til han, og gjekk. 51Medan han var på heimvegen, kom tenarane og møtte han, og dei fortalde at guten hans levde. 52#4,52 den sjuande timen ca. kl. 13. =tidsrekning. Han spurde dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei sa: «I går i den sjuande timen gav feberen seg.» 53Då skjøna faren at det hadde hendt i same stund som Jesus sa til han: «Son din lever.» Og dei kom til tru, både han og heile hans hus. 54#2,11 Dette andre teiknet gjorde Jesus då han kom frå Judea til Galilea.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk