Johannes 3
N11NN

Johannes 3

3
1 # 7,50; 19,39 Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane. 2#9,16.33 Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.» 3#1,13; Jak 1,18; 1 Pet 1,23; 1 Joh 5,1.18#3,3 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg Vi finn uttrykket heile 25 gonger i Joh. Sanneleg gjev att det hebr. ordet amen, «det står fast», «det er sikkert og sant». =amen. på nytt kan òg omsetjast «ovanfrå». Jf. 3,31; 19,11. Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» 4Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» 5#Apg 22,16; 1 Kor 6,11; Ef 5,26; 2 Tim 1,9; Tit 3,5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd. 7Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’ 8#Fork 11,5#3,8 Vinden Både gr. og hebr. har same ordet for «vind», «pust», «ande» og «ånd». Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9«Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det? 11#3,32; 8,26.28 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår. 12Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13#Ordt 30,4; Joh 6,62; Ef 4,9#3,13 som er i himmelen Orda manglar i dei eldste handskriftene. Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, {{som er i himmelen}}. 14#4 Mos 21,8f#3,14 lyftast opp Det gr. ordet tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Jf. 8,28; 12,32. Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, 15så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16#1,18; Rom 8,32; 1 Joh 4,9f For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17#8,15; 12,47 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. 18#5,24 Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son. 19#1,5.9ff Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde. 20#Ef 5,13 For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Døyparen Johannes vitnar om Jesus
22 # 4,1f Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24#Matt 4,12; 14,3 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga. 26#1,19ff Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» 27#19,11; 1 Kor 4,7 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det blir gjeve han frå himmelen. 28De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han. 29#Jes 62,5; Matt 9,15; 2 Kor 11,2; Ef 5,23ff; Op 19,7 Den som har brura, er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, han gleder seg stort når han høyrer røysta til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30Han skal veksa, eg skal minka.
31 # 8,23; 1 Kor 15,47; 1 Joh 4,5 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32#3,11+ Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitneutsegna hans. 33Den som tek imot hans vitneutsegn, har skrive under på at Gud talar sant. 34Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden i fullt mål. 35#Matt 11,27+; Joh 5,20+; 13,3 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36#1 Joh 5,12 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide er og blir over han.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk