Johannes 21

21
Jesus syner seg for læresveinane ved Tiberiassjøen
1Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberiassjøen, og det gjekk slik til: 2Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var saman der. 3Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil ut og fiska.» «Vi blir med deg, vi òg», sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten, men den natta fekk dei ikkje noko.
4 # Luk 24,16; Joh 20,14 Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. 5Jesus sa til dei: «Har de ikkje noko å eta, borna mine?» «Nei», svara dei. 6#Luk 5,4 «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få», sa han. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått. 7Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. 8#21,8 to hundre alner ca. 100 m. =mål og vekt. Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner.
9Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. 10«Kom hit med noko av den fisken de fekk», sa Jesus til dei. 11Simon Peter gjekk då ut i båten og drog garnet på land. Det var fullt av store fiskar, eitt hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje garnet. 12Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. 13#6,11 Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og det same gjorde han med fisken.
14 # 20,19.26 Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.
Jesus og Peter
15Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» 16#Luk 22,32; Apg 20,28; Ef 4,11; 1 Pet 5,2 Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» 17Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine! 18#13,36; 2 Pet 1,14 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» 19Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»
20 # 13,23ff Peter snudde seg og såg at den læresveinen som Jesus hadde kjær, følgde etter. Det var han som hadde bøygd seg nærare inntil Jesus då dei heldt måltid, og spurt: «Herre, kven er det som skal svika deg?» 21Då Peter såg han, sa han til Jesus: «Herre, korleis skal det så gå med han?» 22Jesus svara: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det? Følg du meg!» 23Så spreidde dette ordet seg mellom syskena: «Den læresveinen skal ikkje døy.» Men Jesus sa ikkje at han ikkje skulle døy; det han sa, var: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har så du med det?»
Sluttord
24 # 19,35 # 21,24 vitneutsegna >1,19. Det er den læresveinen som vitnar om alt dette, og det er han som har skrive dette. Og vi veit at vitneutsegna hans er sann.
25 # 20,30 Det er òg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne romma dei bøkene som då måtte skrivast.

Markert nå:

Johannes 21: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring