Johannes 12

12
Jesus blir salva i Betania
(Matt 26,6–13; Mark 14,3–9)
1Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. 2#12,2 låg til bords Når dei heldt festmåltid, låg dei mannlege gjestene til bords på låge benker dekte med teppe. =bordskikkar. Der heldt dei eit festmåltid for han. Marta var tenar, og Lasarus var ein av dei som låg til bords med han. 3#12,3 eit pund 327 g. =mål og vekt. nardussalve salve laga av rota på nardusplanta, som veks i Søraust-Asia. Jf. Høgs 1,12; 4,13f. Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen. 4Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik Jesus: 5#12,5 tre hundre denarar svarar til tre hundre dagløner. =mynt. «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?» 6#13,29 Dette sa han ikkje fordi han hadde omsorg for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde ansvaret for pengekassa, og han tok av det som vart lagt der. 7Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min. 8Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.»
9 # 11,43f Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus, som han hadde vekt opp frå dei døde. 10Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg, 11#2,23+ for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus.
Jesus rid inn i Jerusalem
(Matt 21,1–11; Mark 11,1–11; Luk 19,28–38)
12Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13#Sal 118,25f; Joh 1,49#12,13 Hosianna hebr. ord, kan omsetjast «gje frelse» eller «ver helsa». Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:
Hosianna!
Velsigna er han som kjem
i Herrens namn,
Israels konge!
14Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
15 # Jes 35,4; 40,9; Sak 9,9 Ver ikkje redd, dotter Sion!
Sjå, kongen din kjem,
ridande på ein eselfole.
16 # 2,22 Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten.
17Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut av grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. 18Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. 19Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.»
Jesus talar om at han skal døy
20 # 12,20 grekarar gresktalande menn av ikkje-jødisk ætt, tilhengjarar av jødedomen. No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. 21Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» 22#1,44 Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. 23#17,1 Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. 24#1 Kor 15,36 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. 25#Matt 10,39; 16,25 Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. 26#14,3; 17,24 Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra.
27 # Sal 6,4; 42,6.12; Matt 26,38f No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma. 28#17,5 Far, lat herlegdom lysa om namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har late min herlegdom lysa om det og skal la han lysa på nytt.»
29Folket som stod der, høyrde det og sa at det hadde torna. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.» 30#11,42 Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar skuld. 31#Luk 10,18; Joh 3,19; 16,11 No fell det dom over denne verda, no skal han som herskar i denne verda, kastast ut. 32#3,14+#12,32 lyft opp >3,14. Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.» 33Dette sa han for å visa kva slag død han skulle lida.
34 # Sal 89,5.37; 110,4; Jes 9,6f; Dan 7,14 Då sa folket: «Vi har høyrt i lova at Messias skal leva til evig tid. Korleis kan du då seia at Menneskesonen må lyftast opp? Kven er denne Menneskesonen?» 35#8,12+ Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. 36#Ef 5,8ff Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.
Vantru og dom
37Endå han hadde gjort så mange teikn for auga deira, trudde dei ikkje på han. 38#Jes 53,1 For det skulle bli oppfylt, det ordet som profeten Jesaja har tala:
Herre, kven trudde bodskapen vår,
kven vart Herrens arm openberra for?
39Dei kunne ikkje tru, for ein annan stad seier Jesaja:
40 # Jes 6,9f; Matt 13,14f; Joh 12,40; Apg 28,26f; Rom 11,8 Han har gjort auga deira blinde
og hjartet deira hardt,
så dei ikkje skal sjå med auga
og skjøna med hjartet
og venda om, så eg får lækja dei.
41 # Jes 6,1ff Dette sa Jesaja fordi han såg Jesu herlegdom og tala om Jesus.
42 # 2,23+; 7,13+; 7,48 Likevel var det mange som tok til å tru på han, til og med av rådsherrane. Men på grunn av farisearane ville dei ikkje vedkjenna seg dette, så dei ikkje skulle bli utstøytte av synagogen. 43#5,44 For dei elska æra frå menneska høgare enn æra frå Gud.
44Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som har sendt meg. 45#14,9 Og den som ser meg, ser han som har sendt meg. 46#8,12+ Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret. 47#3,17f Den som høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, dømmer ikkje eg. For eg er ikkje komen for å dømma verda, men for å frelsa verda. 48Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, har ein dommar over seg: Det ordet eg har tala, skal dømma han på den siste dagen. 49#7,16+ For eg har ikkje tala ut frå meg sjølv; men Far som har sendt meg, har gjeve meg påbod om kva eg skal seia, og kva eg skal tala. 50Og eg veit at hans påbod er evig liv. Det eg seier, det seier eg slik Far har sagt meg det.»

Markert nå:

Johannes 12: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring