Johannes 11
N11NN

Johannes 11

11
Jesus vekkjer opp Lasarus
1 # Luk 10,38f Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i. 2#12,3 Det var Maria som hadde salva Herren med olje og tørka føtene hans med håret sitt. Lasarus, som låg sjuk, var bror hennar. 3Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han som du er så glad i, er sjuk.» 4#9,3 Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Nei, han er til Guds ære; han skal herleggjera Guds Son.» 5Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus.
6Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, vart han verande endå to dagar der han var. 7Då først sa han til læresveinane: «Kom, lat oss dra tilbake til Judea.» 8#10,31 «Rabbi», sa dei, «no nettopp ville jødane steina deg, og så dreg du dit på nytt?» 9#9,4 Jesus svara: «Har ikkje dagen tolv timar? Den som går om dagen, snublar ikkje, for han ser lyset i denne verda. 10Men den som går omkring om natta, snublar, fordi han ikkje har lyset i seg.»
11 # Matt 9,24 Då Jesus hadde sagt dette, sa han til dei: «Lasarus, venen vår, er sovna, men eg går og vekkjer han.» 12«Herre», sa læresveinane, «er han sovna, så blir han nok frisk att.» 13Jesus hadde tala om at han var død, men dei trudde han tala om vanleg søvn. 14Då sa Jesus rett ut: «Lasarus er død. 15Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, slik at de kan koma til å tru. Men kom, lat oss gå til han.» 16#Mark 14,31; Joh 14,5; 20,24ff Tomas, han som vart kalla Tvillingen, sa då til dei andre læresveinane: «Vi går med, vi òg, så vi kan døy saman med han.»
17Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava. 18#11,18 femten stadiar nesten tre km. =mål og vekt. Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadiar om lag, 19og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren. 20Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho og møtte han, men Maria vart sitjande heime. 21Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd. 22Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.» 23«Bror din skal stå opp att», seier Jesus. 24#5,28f+; 6,39f «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen», svara Marta. 25Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. 26#5,24; 8,51 Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» 27#Matt 14,33; 16,16; Joh 6,69; 1 Joh 4,15 «Ja, Herre», seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.»
28Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.» 29Då Maria høyrde det, reiste ho seg straks og gjekk ut til han. 30Jesus var endå ikkje komen inn i landsbyen; han var framleis der Marta hadde møtt han. 31Dei jødane som var heime hos Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei følgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der.
32Som no Maria kom dit Jesus var, og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døydd.» 33Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som følgde henne, vart han oppskaka og opprørt i sitt indre, 34og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre», svara dei. 35#Luk 19,41 Jesus gret. 36Då sa jødane: «Sjå kor glad han var i han.» 37#9,6f Men somme av dei sa: «Han som opna auga på ein som var blind, kunne ikkje han ha hindra at denne mannen døydde?» 38Jesus vart igjen opprørt og gjekk bort til grava. Det var ei hòle, og det låg ein stein framfor opninga. 39«Ta bort steinen!» seier Jesus. «Herre», seier Marta, syster til den døde, «det luktar alt av han, for han har lege fire dagar i grava.» 40Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?» 41Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg. 42#12,30 Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette på grunn av folket som står omkring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.» 43Då han hadde sagt det, ropa han høgt: «Lasarus, kom ut!» 44#20,6f Og den døde kom ut med hendene og føtene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!»
Planar om å drepa Jesus
45 # 2,23+ Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. 46Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. 47#Matt 26,3f; Apg 4,16#11,47 Rådet den høgste domstolen og styringsorganet hos jødane under romersk herredøme. =Rådet, Det høge rådet. Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. 48#11,48 den heilage staden tempelet. Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.» 49#11,49 Kaifas var øvsteprest 18–36 e.Kr. =prest. Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. 50#18,14 De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.» 51Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. 52#10,16 Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring. 53#5,18+ Frå den dagen la dei planar om å drepa han. 54Difor gjekk ikkje Jesus ope omkring mellom jødane lenger, men tok ut derifrå og drog til området ved øydemarka, til ein by som heiter Efraim. Der var han ei tid saman med læresveinane sine.
55 # 2 Krøn 30,15ff; Joh 2,13; 6,4 # 11,55 reinsa seg =heilag og rein. Påskehøgtida til jødane nærma seg, og før høgtida drog mange frå landet opp til Jerusalem og skulle reinsa seg. 56Dei leita etter Jesus, og medan dei stod på tempelplassen, sa dei til kvarandre: «Kva trur de? Kjem han ikkje til høgtida?» 57Overprestane og farisearane hadde gjeve påbod om at den som fekk vita kvar han var, skulle seia frå, så dei kunne gripa han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk