Johannes 10
N11NN

Johannes 10

10
Eg er porten
1«Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene. 3Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut. 4#10,27 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans. 5Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.» 6Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.
7Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene. 8#Matt 9,36 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei. 9Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. 10Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
Den gode gjetaren
11 # Sal 23; Jes 40,11; Esek 34,12ff; Matt 18,12ff; Joh 15,13; Hebr 13,20; 1 Pet 2,25; 5,4 Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. 12Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. 14#2 Tim 2,19 Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15#Matt 11,27 slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. 16#Esek 34,23; Joh 11,52; Ef 2,13ff; 4,5 Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.
17 # 5,20+; Fil 2,8f Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. 18Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
19 # 7,43 No vart det på nytt usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. 20#7,20+ Mange av dei sa: «Han har ei vond ånd i seg, han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?» 21Andre sa: «Slik talar ikkje ein som har ei vond ånd i seg. Ei vond ånd kan vel ikkje opna auga på blinde?»
Jesus er Guds Son
22 # 10,22 festen … innviinga av tempelet vart halden i desember. =festar og høgtider. Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om innviinga av tempelet. Det var vinter. 23#Apg 3,11#10,23 Salomos søylehall den austre søylegangen på tempelplassen. =Guds bustad. Og Jesus gjekk omkring i Salomos søylehall på tempelplassen. 24Då flokka jødane seg omkring han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det rett ut!» 25#5,36 Jesus svara: «Eg har sagt det til dykk, men de trur meg ikkje. Dei gjerningane eg gjer i namnet til Far min, vitnar om meg. 26Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer. 27Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg. 28#17,2.12 Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut av mi hand. 29#Jes 43,13#10,29 Det Far min … alt anna Nokre handskrifter har «Far min, som har gjeve dei til meg, er større enn alle». Det Far min har gjeve meg, er større enn alt anna, og ingen kan riva det ut av handa til Far min. 30#1,1; 14,9; 17,21 Eg og Far er eitt.»
31 # 8,59 På nytt tok jødane opp steinar og ville steina han. 32Jesus sa til dei: «Eg har vist dykk mange gode gjerningar frå Far. Kva for ei av desse gjerningane er det de vil steina meg for?» 33#3 Mos 24,16; Matt 9,3; Joh 5,18; 19,7 «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje», svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.» 34#Sal 82,6 Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt:De er gudar’? 35Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft. 36Kvifor seier de då om han som Far har helga og sendt til verda: ‘Du spottar Gud’ når han seier: ‘Eg er Guds Son’? 37Gjer eg ikkje gjerningane til Far min, så tru meg ikkje. 38#14,10f.20; 17,21 Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Far er i meg og eg i Far.» 39#7,30 Då prøvde dei på nytt å gripa han, men han slapp ut av hendene deira.
40 # 1,28 Så fór Jesus attende til andre sida av Jordan, til den staden der Johannes først hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid. 41Det kom mange til han, og dei sa: «Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt det han sa om denne mannen, var sant.» 42#2,23+ Og det var mange der som kom til tru på Jesus.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk