Jeremia 9

9
1 # 13,17; 14,17 Å, om hovudet mitt var vatn
og auget mitt ei tårekjelde!
Då ville eg gråta dag og natt
over dei falne i folket, mi dotter.
2 # Sal 55,7 Å, om eg fann ein stad i ørkenen
der ferdafolk kunne overnatta!
Då ville eg forlata folket mitt
og gå bort frå dei.
For dei er alle ekteskapsbrytarar,
ein flokk av trulause.
3 # Sal 12,1–4; Jer 5,27f Dei spenner løgnbogen
med tunga som pil.
Det er ikkje ved sanning
dei herskar i landet.
Dei går frå vondskap til vondskap,
og dei kjenner ikkje meg,
seier Herren.
4 # 12,6; Mi 7,6 Akta dykk for kvarandre,
stol ikkje eingong på ein bror!
Kvar bror fer med list,
kvar ven går med sladder.
5 # Sal 52,5 Dei lurer kvarandre
og snakkar ikkje sant.
Dei har lært opp tunga til å lyga,
dei er utmatta av vondskap.
6Mellom svikarar bur du,
svikarar som ikkje vil kjennast ved meg,
seier Herren.
7 # Jes 48,10; Jer 6,27 Difor seier Herren over hærskarane:
Sjå, eg vil smelta dei og prøva dei.
Kva kan eg elles gjera for folket, mi dotter?
8 # Sal 28,3; 62,5 Tunga deira er ei drepande pil,
ho talar svik.
Med munnen talar dei til nesten sin om fred,
men i sitt indre planlegg dei bakhald.
9 # 5,9.29 Skulle eg ikkje straffa dei for dette,
seier Herren,
skulle eg ikkje hemna meg
på eit folkeslag som dette?
Kvifor er landet lagt i grus?
10 # 4,25; 12,4 Eg set i med gråt og klagesong over fjella,
likklage over beita i ørkenen.
For dei er avsvidde, ingen ferdast der,
det høyrest ingen rautande buskap.
Både fuglane under himmelen og dyra på marka
har rømt og er borte.
11 # Sal 79,1; Jes 13,20ff; 34,10ff; Jer 10,22; 26,18; Mi 3,12 Eg gjer Jerusalem til ei steinrøys,
ein stad der sjakalar held til.
Byane i Juda gjer eg til aude stader
der ingen kan bu.
12 # Hos 14,10 Kven er så vis at han skjønar dette
og kan kunngjera det Herrens munn har tala til han?
Kvifor er landet lagt i grus,
avsvidd som ein ørken
der ingen kan ferdast?
13 Herren svara:
Fordi dei sveik mi lov,
som eg la fram for dei.
Dei høyrde ikkje på mi røyst
og følgde ikkje mi lov,
14 # Jes 65,2; Jer 3,17; 7,24 men dei følgde sitt sjølvrådige hjarte
og Baal-gudane,
slik fedrane deira hadde lært dei.
15 # 8,14; 23,15 Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:
Sjå, eg gjev dette folket malurt å eta
og giftig vatn å drikka.
16 # 3 Mos 26,33; 5 Mos 28,64 Eg spreier dei mellom folkeslag
som korkje dei eller fedrane deira kjende.
Eg sender sverdet etter dei
heilt til eg har gjort ende på dei.
Klagerop frå Sion
17 # Am 5,16 Så seier Herren over hærskarane:
Ver forstandige! Tilkall gråtekonene,
send bod på dei kunnige kvinnene!
18Dei må skunda seg og koma,
dei skal syngja klagesong over oss
til tårer fell frå auga våre
og vatn dryp frå augneloka våre.
19Høyr, det lyder klagesong frå Sion:
«Å, vi er øydelagde!
Vår skam er stor.
No må vi bort frå landet,
for dei har rive heimane våre.»
20Ja, kvinner, høyr Herrens ord,
øyre, ta imot ordet frå hans munn!
Lær døtrene dykkar ein klagesong
og lær kvarandre ei likklage:
21 # Joel 2,9 «Døden kom inn gjennom vindauga våre
og gjekk inn i borgene våre
for å utrydda småborn i gata,
unge menn på torga.»
22 # 8,2; 16,4; 25,33 Tal! Slik er ordet frå Herren:
Lik av menneske skal falla
som gjødsel på marka,
som kornband etter haustfolket,
og det er ingen til å samla dei opp.
Å vera stolt
23Så seier Herren:
Den vise skal ikkje vera stolt av visdomen sin,
den sterke skal ikkje vera stolt av styrken sin,
den rike skal ikkje vera stolt av rikdomen sin.
24 # 1 Kor 1,31; 2 Kor 10,17 Men den som vil vera stolt av noko,
skal vera stolt av dette:
at han har forstand og kjenner meg.
For eg er Herren
som viser miskunn, rett og rettferd på jorda.
Ja, slik vil eg ha det,
seier Herren.
Uomskorne hjarte
25 # 25,17; Rom 2,25 Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg vil straffa alle som er omskorne på kroppen: 26#5 Mos 30,6; Jer 4,4; 25,23; 49,32; Apg 7,51#9,26 og har kortklipt hår ørkenstammar som ein kunne kjenna på den særmerkte hårfasongen deira. Jf. Jer 25,23. uomskorne hjarte >4,4. Egypt, Juda, Edom, ammonittane, Moab og alle som bur i ørkenen og har kortklipt hår ved tinningen. For alle folkeslaga er uomskorne, og heile Israels hus har uomskorne hjarte.

Markert nå:

Jeremia 9: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring