Jeremia 7

7
Jeremia talar i tempelet
1Dette ordet kom til Jeremia frå Herren:
2 # 26,2 Still deg i porten til Herrens hus. Der skal du ropa ut dette ordet og seia: Høyr Herrens ord, heile Juda, de som går inn gjennom desse portane for å tilbe Herren. 3#18,11; 26,13; Am 5,14 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Gjer vegane og gjerningane dykkar gode, så vil eg la dykk bu på denne staden. 4#Mi 3,11 Stol ikkje på dei falske orda: «Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel!» 5#22,3 Men om de verkeleg gjer vegane og gjerningane dykkar gode, om de gjer rett mot kvarandre, 6#2 Mos 22,21ff ikkje undertrykkjer innflyttarar, farlause og enkjer, ikkje auser ut skuldlaust blod på denne staden og ikkje følgjer andre gudar til skade for dykk sjølve, 7då vil eg la dykk bu på denne staden, i det landet eg gav fedrane dykkar, frå evig tid og til evig tid.
8Sjå, de stolar på falske ord som ikkje kan hjelpa. 9De stel, slår i hel, bryt ekteskapet, sver falskt, tenner offereld for Baal og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner. 10Og så vil de koma og stå for mitt andlet i dette huset som namnet mitt er ropa ut over, og seia: «Vi er berga», sjølv om de gjer alt dette avskyelege? 11#Jes 56,7; Matt 21,13 Har det vorte ei røvarhòle i dykkar auge, dette huset som namnet mitt er ropa ut over? Også eg kan sjå, seier Herren.
12 # Jos 18,1ff; 1 Sam 1,3; 4,3.11 # 7,12 Sjilo viktig by i Efraim, før kongetida eit religiøst og politisk sentrum for stammane i Israel. Heilagdomen der vart truleg øydelagd i krigen med filistrane. Gå til staden min som er i Sjilo, der eg lét namnet mitt bu i den første tida, og sjå kva eg gjorde med han på grunn av vondskapen hos folket mitt, Israel. 13#Ordt 1,24ff; Jes 65,12; Jer 25,4ff; 35,17 Og no har de gjort alle desse gjerningane, seier Herren. De ville ikkje høyra når eg tala til dykk seint og tidleg, og de svara ikkje når eg ropa på dykk. 14Difor vil eg gjera slik eg gjorde med Sjilo, mot det huset som namnet mitt er ropa ut over, og som de stolar på, den staden eg gav dykk og fedrane dykkar. 15#2 Kong 17,23; 21,13ff; 24,20#7,15 Efraims ætt førande ætt i Israel; her om heile folket i Nordriket, som vart bortført av assyrarane i 722 f.Kr. Og eg vil kasta dykk bort frå mitt andlet slik eg kasta frå meg alle brørne dykkar, heile Efraims ætt.
Falsk og ekte gudsdyrking
16 # 11,14; 14,11 Du skal ikkje be for dette folket, ikkje bera fram klage eller bøn for det og ikkje prøva å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg. 17Ser du ikkje kva dei driv på med i Judas byar og på Jerusalems gater? 18#44,15ff#7,18 Himmeldronninga gudinna Astarte. Jf. 44,17ff. =framande gudar. Borna sankar ved, fedrane gjer opp eld, kvinnene knar deig for å baka offerkaker til Himmeldronninga, og dei auser ut drikkoffer til andre gudar. Slik krenkjer dei meg. 19Men er det meg dei krenkjer, seier Herren, er det ikkje seg sjølv, er det ikkje deira eige andlet som får skamma over seg? 20Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og harme skal ausast ut over denne staden, over folk og fe, over trea på marka og frukta av jorda. Han skal brenna og ikkje slokna.
21 # 11,15–17; Hos 8,13 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Legg brennoffer til slaktoffera dykkar og et kjøt! 22#1 Sam 15,22; Jes 1,11ff; Am 5,21ff; Mi 6,7f For eg sa ikkje noko om brennoffer og slaktoffer til fedrane dykkar, eg gav dei ikkje noko påbod om det då eg førte dei ut frå Egypt. 23#3 Mos 26,3ff; 5 Mos 10,12f; 28,1ff Men dette bodet gav eg dei: «Høyr på mi røyst, så skal eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. Gå alltid på den vegen eg byd dykk, så skal det gå dykk vel.» 24#Jes 65,2; Jer 11,8; 17,23 Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til. Dei følgde sine eigne planar, sitt vonde og sjølvrådige hjarte. Dei gjekk bakover, ikkje framover.
25Frå den tid då fedrane dykkar drog ut frå Egypt og heilt til denne dag har eg sendt alle mine tenarar profetane til dei, seint og tidleg. 26#16,12 Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyret til. Dei gjorde nakken stiv og var verre enn fedrane sine. 27Når du seier alle desse orda til dei, kjem dei ikkje til å høyra på deg. Når du ropar til dei, kjem dei ikkje til å svara. 28Då skal du seia til dei: «Dette er folkeslaget som ikkje ville lytta til Herren sin Guds røyst og ikkje ta lærdom. Det er slutt på truskapen, han er borte frå deira munn.»
29 # Mi 1,16 # 7,29 Klipp håret av deg oppmoding til å visa teikn på sorg. =sørgjeskikkar. Klipp håret av deg og kast det bort! Stem i ei likklage på dei snaue høgdene! Herren har forkasta og vraka den slekta han er harm på. 30#2 Kong 21,4f; Jer 32,34f For judearane har gjort det som er vondt i mine auge, seier Herren. Dei har sett det motbydelege inn i det huset som namnet mitt er ropa ut over, og gjort det ureint. 31#3 Mos 18,21+; Jer 19,5ff; Esek 16,20; 23,37#7,31 Tofet ein stad i Ben-Hinnom-dalen, der folk etter kanaaneisk skikk ofra born. Jf. 2 Kong 23,10. =framande gudar, Molok. Dei har bygd Tofet-haugane i Ben-Hinnom-dalen, der dei brenner sønene og døtrene sine i elden. Det har eg ikkje pålagt dei, det har aldri vore i mine tankar.
32Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då det ikkje lenger skal heita Tofet eller Ben-Hinnom-dalen, men Drapsdalen. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader. 33#Jes 34,3; Op 19,21 Lika av dette folket skal bli til føde for fuglane under himmelen og for dyra på jorda, og ingen skal skremma dei bort. 34#Jes 24,8; Jer 16,9; 25,10; 33,11; Op 18,23 Eg gjer ende på lyden av jubel og glede og røysta til brudgom og brur i Judas byar og på Jerusalems gater. For landet skal leggjast i ruinar.

Markert nå:

Jeremia 7: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring