Jeremia 49
N11NN

Jeremia 49

49
Ammonittane
1 # Esek 21,33ff; 25,2ff; Am 1,13ff # 49,1 Milkom hovudguden i Ammon. Gad Gad-stammen hadde fått noko av Austjordanlandet. Jf. 4 Mos 32; Jos 13,24ff. Her kom dei i strid med ammonittane. Jf. Dom 10,6–12,6; 1 Sam 10,27–11,15. Om ammonittane.
Så seier Herren:
Har ikkje Israel born,
har han ingen arving?
Kvifor har då Milkom teke over Gad
og folket hans slege seg ned i byane der?
2 # 49,2 Rabba hovudstaden til ammonittane, i dag Amman. Difor, sjå, dagar skal koma,
seier Herren,
då eg lèt krigsrop lyda
for ammonittane i Rabba.
Byen skal bli til ein aud ruinhaug,
dotterbyane skal brennast opp.
Israel skal driva bort
dei som hadde drive han bort, seier Herren.
3 # 48,7 Klag, Hesjbon,
for Ai er øydelagd.
Skrik, de Rabbas døtrer,
kled dykk i sekkestrie, set i med klage
og spring att og fram mellom kveene.
For Milkom må gå i eksil
og prestane og stormennene med han.
4Kvifor skryter du av dalane,
av grøderikdomen i dalen din,
du bortkomne dotter
som set di lit til skattane dine:
«Kven kan vel nå meg?»
5Sjå, eg sender redsle over deg,
seier Herren, allhærs Gud,
frå alle kantar.
De skal drivast bort i kvar si retning,
og ingen skal samla dei som flyktar.
6 # 48,47 Men sidan vender eg lagnaden for ammonittane,
seier Herren.
Edom
7 # Jes 34,1ff; Esek 25,12ff; Am 1,11f; Ob 1ff # 49,7 Teman område i Edom, ofte nytta om heile landet. Jf. Am 1,12. Om Edom.
Så seier Herren over hærskarane:
Finst det ikkje visdom lenger i Teman?
Har ikkje dei kloke råd å gje?
Har visdomen deira rotna?
8 # 49,8 Dedan >25,23. Esau Edomittane vart rekna for etterkomarar av Esau. Jf. v. 10. Flykt, snu om! Bu i djupet,
de som bur i Dedan.
For eg lèt Esaus ulukke koma over han,
tida då eg krev han til rekneskap.
9 # Ob 5 Om drueplukkarar kjem til deg,
lèt dei ingen etterhaust bli att.
Om tjuvar kjem om natta,
øydelegg dei kva dei vil.
10For eg kler av Esau
og viser fram gøymestadene hans
så han ikkje kan gøyma seg.
Herja blir borna og brørne og grannane hans,
det er ute med dei.
11Berre gå frå dine farlause born,
eg skal halda dei i live,
og enkjene dine kan lita på meg.
12 # 25,29; Klag 4,21 For så seier Herren:
Sjå, dei som ikkje fortener det,
må drikka av begeret.
Og så skulle du sleppa straff?
Nei, du skal ikkje sleppa,
du skal drikka!
13For eg har svore ved meg sjølv,
seier Herren:
Bosra skal bli til øydemark og til spott,
til ruin og til forbanning.
Alle byane der
skal liggja i ruin for alltid.
14 # Ob 1ff Ein bodskap har eg høyrt frå Herren,
ein bodberar er send til folkeslaga:
«Samla dykk og gå mot byen,
reis dykk til krig!»
15Sjå, eg gjer deg liten mellom folka,
forakta mellom menneska.
16 # 51,53 Redsla du spreidde,
og ditt hovmodige hjarte har narra deg,
du som bur i fjellkløfter
og held til oppe på høgdene.
Men om du legg reiret ditt høgt som ørna,
skal eg støyta deg ned derifrå,
seier Herren.
17 # 19,8; 50,13 Edom skal bli til øydemark.
Alle som går forbi,
skal bli forfærde og plystra hånleg
over såra ho har fått.
18 # 23,14; 50,40 Det skal gå som då Sodoma og Gomorra
og grannebyane vart øydelagde, seier Herren.
Ingen skal bu der,
ikkje eit menneske slå seg ned.
19 # Job 9,19; Jer 50,44–46 Sjå, lik løva som kjem opp
frå den tette Jordan-skogen
til sletta som alltid er grøn,
slik skal eg på ein augneblink
driva dei bort frå landet.
Kven er den utvalde som eg skal setja over det?
For kven er som eg?
Kven kan stemna meg?
Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?
20Difor, høyr kva avgjerd
Herren har teke om Edom,
kva plan han har lagt
mot dei som bur i Teman.
Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,
og beitemarkene deira skal bli aude.
21Når dei fell, skjelv jorda av drønnet,
heilt til Sivsjøen høyrest skriket.
22 # 48,40f Sjå, han stig som ei ørn,
stuper ned og breier vengene ut
over Bosra.
Den dagen skal hjartet til Edoms krigarar
vera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.
Damaskus
23 # Jes 10,9; 17,1ff; 57,20; Am 1,3ff # 49,23 Hamat aramearrike ved elva Orontes. >2 Sam 8,9. Arpad arameisk bystat, nord for Hamat. Jf. 2 Kong 18,34. Om Damaskus.
Hamat og Arpad blir til skamme,
for dei har fått høyra ein bodskap om ulukke
og skjelv som havet i uro,
aldri fell det til ro.
24Damaskus mistar motet, snur og flyktar,
ho er gripen av trengsle
og av rier som hos ei fødande kvinne.
25Forlaten er den namngjetne byen,
mi gledes by!
26 # 50,30 Dei unge mennene fell på torga,
alle krigarar blir drepne den dagen,
seier Herren over hærskarane.
27 # Am 1,4 # 49,27 Ben-Hadad Jf. 1 Kong 15,18.20; 20,1ff. Eg set fyr på muren kring Damaskus,
eld skal øyda Ben-Hadads borger.
Kedar og Hasor
28 # Jes 21,13ff; Jer 2,10; 25,24 # 49,28 Kedar og Hasor sannsynlegvis nomadefolk i Nord-Arabia. Om Kedar og Hasor-rika, som kong Nebukadnesar av Babel slo.
Så seier Herren:
Opp, rykk fram mot Kedar,
øydelegg folka i aust!
29Dei skal ta telta og småfeet frå dei,
teltdukane og alle reiskapane,
dei skal ta kamelane deira med seg
og ropa til dei:
«Redsle på alle kantar!»
30Flykt! Skund dykk bort!
Gøym dykk djupt nede,
de som bur i Hasor, seier Herren.
For kong Nebukadnesar av Babel
har teke ei avgjerd
og lagt ein plan mot dykk.
31Opp, rykk fram mot eit sorglaust folk,
mot dei som bur trygt, seier Herren.
Det har korkje portar eller bommar
og bur for seg sjølv.
32 # 9,26; 25,23 Kamelane deira skal bli til rov,
den store buskapen til bytte.
Dei som har kortklipt hår ved tinningen,
skal eg spreia for alle vindar;
eg lèt ulukke koma over dei
frå alle kantar, seier Herren.
33Hasor blir ein stad der sjakalar held til,
ein ørken for alle tider.
Ingen skal bu der,
ikkje eit menneske slå seg ned.
Elam
34 # Jes 21,2; Jer 25,25 Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Sidkia:
35Så seier Herren over hærskarane:
Sjå, eg bryt sund bogen til elamittane,
det sterkaste våpenet deira.
36Mot Elam sender eg fire vindar
frå dei fire himmelhjørna
og spreier dei for alle desse vindane.
Det skal ikkje finnast eit einaste folkeslag
der det ikkje kjem nokon
som er drivne bort frå Elam.
37Eg slår Elam med skrekk for fienden
og for alle som står dei etter livet.
Eg lèt ulukke koma over dei,
min brennande vreide, seier Herren.
Eg sender sverdet etter dei
til eg får gjort ende på dei.
38Så set eg mi trone i Elam
og ryddar ut kongen og stormennene der,
seier Herren.
39 # 48,47; 49,6 Men i dagar som kjem,
vender eg lagnaden for Elam,
seier Herren.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk