Jeremia 48
N11NN

Jeremia 48

48
Moab
1 # Jes 15–16 # 48,1 Nebo by i Moab. Ei rad med andre stadnamn i dette kapitlet er òg namn på moabittiske byar. Om Moab.
Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud:
Ve Nebo! Byen er øydelagd.
Kirjatajim har vorte til skamme, innteken,
borga har vorte til skamme, slegen av redsle.
2Ingen skryter av Moab lenger.
I Hesjbon la dei vonde planar mot dei:
«Kom, lat oss rydda dei ut som folk!»
Også du, Madmen, skal tagna,
sverdet skal forfølgja deg.
3Høyr klageropet frå Horonajim,
der er øydelegging, eit stort samanbrot.
4Moab har brote saman,
frå borna høyrest klagerop.
5Gråtande går dei opp bakkane til Luhit.
På vegen ned til Horonajim
høyrest rop i naud over samanbrotet:
6«Flykt, berg livet!»
Men de blir som ein busk i ørkenen.
7 # 4 Mos 21,29; 1 Kong 11,7; Jer 17,5; 49,4 # 48,7 Kemosj moabittisk gud. Jf. 4 Mos 21,29. Fordi du leit på
det du hadde laga,
og på skattane dine,
skal du òg bli teken.
Kemosj må gå i eksil
og prestane og stormennene med han.
8Han som herjar, kjem til kvar ein by,
ikkje ein by slepp unna.
Dalen skal gå til grunne
og sletta leggjast i øyde,
slik som Herren har sagt.
9Gjev Moab ein blom,
for det skal leggjast i ruinar.
Byane skal bli aude,
ingen skal bu i dei.
10Forbanna er den
som forsømer å gjera Herrens verk!
Forbanna er den
som held sverdet borte frå blod!
11Moab var trygg frå ungdomen av,
låg roleg som vin over berme,
vart ikkje helt frå fat til fat,
måtte ikkje gå i eksil.
Difor har smaken halde seg,
og angen er den same som før.
12Difor, sjå, dagar skal koma,
seier Herren,
då eg sender vintapparar til han.
Dei skal tappa han om
og tømma fata
og slå krukkene sund.
13 # 1 Kong 12,28ff Då skal Moab skamma seg over Kemosj
slik Israel måtte skamma seg over Betel,
som dei sette si lit til.
14Korleis kan de seia:
«Vi er krigarar og djerve stridsmenn»?
15Moab skal herjast.
Dei dreg mot byane der,
og den beste ungdomen dreg ut for å bli slakta,
seier kongen, Herren over hærskarane er hans namn.
16Moabs ulukke er nær,
brått kjem det vonde over han.
17Sørg over han,
alle de grannar
og alle de som kjenner hans namn.
Sei: «Broten er den sterke staven,
det herlege septeret!»
18Stig ned frå æresplassen,
set deg i det tørste landet,
du som bur hos dotter Dibon.
For han som skal herja Moab,
dreg mot deg
og øydelegg festningane dine.
19Still deg attmed vegen og hald vakt,
du som bur i Aroer!
Spør han som flyktar og henne som kom seg unna:
«Kva er det som har hendt?»
20Moab har vorte til skamme, slegen av redsle.
Hyl og skrik!
Fortel ved Arnon
at Moab er øydelagd.
21Dommen er komen for slettelandet, for Holon, Jahsa og Mofaat, 22Dibon, Nebo og Bet-Diblatajim, 23Kirjatajim, Bet-Gamul og Bet-Meon, 24Kerijot og Bosra, for alle byane i Moab, både fjern og nær.
25 # Sal 37,17; 75,11 Moabs horn er hogge av,
armen hans er broten, seier Herren.
26 # 25,15ff.27 Skjenk han full,
for han har briska seg mot Herren.
Så kan Moab liggja der i spy
og bli til latter, han òg.
27 # 2,26 Gjorde ikkje du Israel til latter?
Vart han kanskje teken mellom tjuvar,
sidan du rister på hovudet
kvar gong du snakkar om han?
28 # 4,29 Far bort frå byane
og slå dykk ned i fjellet,
de som bur i Moab!
Gjer som dua, ho byggjer seg reir
i sidene av det gapande gjelet.
29 # Jes 16,6ff; Sef 2,10 Vi har høyrt kor umåteleg stolt Moab er,
kor høg han er, kor hovmodig og stolt,
kor overmodig han er.
30Eg veit, seier Herren,
kor frekk han er,
og kor tomt han skryter.
Tomt er det dei gjer.
31 # 48,31 Kir-Heres by i Moab. >Jes 16,11. Difor sørgjer eg over Moab,
skrik for heile Moabs skuld.
Ein sukkar over mennene frå Kir-Heres.
32Eg græt meir over deg
enn over Jaser, du vinstokk i Sibma.
Rankene dine spreidde seg mot sjøen,
dei nådde til sjøen ved Jaser.
Over din frukthaust og vinhaust
kjem han som herjar.
33 # Jes 16,10 Glede og jubel er borte
frå hagane, frå Moabs land.
Eg gjer ende på vinen frå vinpressene.
Ingen trakkar vindruer til glade rop,
ingen ropar dei ropa.
34 # Jes 15,4ff Skriket frå Hesjbon når til Elale,
heilt til Jahas lyder ropet,
frå Soar til Horonajim
og til Eglat-Sjelisjia.
For jamvel Nimrim-vatnet blir til ørkenland.
35I Moab, seier Herren,
gjer eg ende på dei
som går opp på haugane
og tenner offereld for guden sin.
36 # Jes 15,5; 16,11 Difor klagar mitt hjarte
som ei fløyte over Moab,
mitt hjarte klagar som ei fløyte
over mennene frå Kir-Heres.
For tapt er alt det dei hadde att.
37 # Jes 15,2ff; Jer 47,5; Esek 7,18 # 48,37 Kvart hovud … hoftene =sørgjeskikkar. Kvart hovud er snauklipt,
alt skjegg er raka av.
Alle har rispa opp hendene
og har sekkestrie om hoftene.
38 # 22,28; Hos 8,8 På alle tak og torg i Moab lyder klage.
For eg har slege Moab sund
lik eit kar som ingen bryr seg om,
seier Herren.
39Knust er ho. Skrik!
Moab har snudd ryggen til i skam.
No blir Moab til latter og til redsle
for alle grannane sine.
40 # 49,22 For så seier Herren:
Sjå, han stuper som ei ørn
og breier vengene ut over Moab.
41Byane blir inntekne, festningane tekne.
Den dagen skal hjartet i Moabs krigarar
vera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.
42Moab blir utsletta som folk
fordi dei har vist hovmod mot Herren.
43 # Jes 24,17ff Det blir gru og grav og garn
for deg som bur i Moab!
seier Herren.
44 # Am 5,19 Den som flyktar frå gru,
skal falla i grav,
kjem han seg opp or grava,
skal han bli fanga i garnet.
For eg sender rekneskaps år over Moab,
seier Herren.
45 # 4 Mos 21,28ff; 24,17; 5 Mos 2,24ff I skuggen av Hesjbon
står utslitne flyktningar.
For eld går ut frå Hesjbon,
ein loge frå Sihon.
Han skal øyda Moabs tinning
og skallen på dei som bråkar.
46Ve deg, Moab!
Det er ute med Kemosj-folket.
For sønene dine blir tekne til fange,
og døtrene må gå i fangenskap.
47 # 46,26; 49,6.39 Men eg skal venda lagnaden for Moab
i dagar som kjem,
seier Herren.
Så langt dommen over Moab.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk