Jeremia 43

43
Jeremia kjem til Egypt
1Då Jeremia var ferdig med å seia til folket alle dei orda som Herren deira Gud hadde sendt han med – alle desse orda, 2då sa Asarja, son til Hosjaja, og Johanan, son til Kareah, og alle dei skamlause mennene, til Jeremia: «Det er løgn, det du seier! Herren vår Gud har ikkje sendt deg for å seia: Far ikkje til Egypt for å slå dykk ned som innflyttarar der. 3Det er Baruk, son til Neria, som set deg opp mot oss for at vi skal koma i hendene på kaldearane, og så kan dei drepa oss eller føra oss i eksil til Babel.»
4Korkje Johanan, son til Kareah, eller nokon av hærførarane eller nokon av folket ville lyda Herren og bli verande i Juda. 5#40,11f Johanan, son til Kareah, og hærførarane tok med seg alle som var att i Juda, dei som var komne tilbake frå alle folkeslaga dei hadde vore bortdrivne til, og som ville slå seg ned som innflyttarar i Juda. 6#40,7; 41,10 Det var både menn, kvinner og born, kongsdøtrene og alle dei som livvaktsjefen Nebusaradan hadde late vera att hos Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, også profeten Jeremia og Baruk, son til Neria. 7#43,7 Tahpanhes >2,16. Dei fór til Egypt, for dei ville ikkje lyda Herren. Så kom dei til Tahpanhes.
Profeti om Nebukadnesars hærferd til Egypt
8 Herrens ord kom til Jeremia i Tahpanhes: 9Ta nokre store steinar og grav dei ned i leira på plassen framfor inngangen til faraos hus i Tahpanhes medan nokre judearar ser på. 10#46,13ff Du skal seia til dei: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, no sender eg bod og hentar kong Nebukadnesar av Babel, tenaren min. Eg skal setja hans trone over desse steinane som du har grave ned, og han skal slå tronhimmelen sin opp over dei. 11#15,2 Han skal koma og slå Egypt – til død for den som tilhøyrer døden, til fangenskap for den som tilhøyrer fangenskapet og til sverd for den som tilhøyrer sverdet. 12#46,25; Esek 30,13 Eg set eld på templa til gudane i Egypt, og han skal brenna dei opp og føra dei bort. Han plukkar egyptarane bort som ein gjetar plukkar lus av kappa si, og så fer han bort i fred. 13#43,13 Bet-Sjemesj «Sol-huset», den egyptiske byen On, også kalla Heliopolis. >1 Mos 41,45. Han skal slå sund steinstøttene i Bet-Sjemesj i Egypt og brenna opp templa for gudane i Egypt.

Markert nå:

Jeremia 43: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring